torsdag 30. august 2007

Samarbeid og kommunikasjon


Då var endå ei pedagogikk økt over og eg sit igjen med mange inntrykk. Der var ei svært lærerik økt som tok for seg godt samarbeid og god kommunikasjon.

Det er svært viktig å kunna samarbeida når ein jobbar i skulen, då det er mange personar ein skal forholda seg til. Det er viktig for eleven at læraren samarbeidar og kommuniserer godt med alle dei ulike partane som verkar inn på elevens kvardag.
Det står i L97: ”Vi skal utvikle samarbeidande menneske.” Det er då lærarens ansvar, og er ein ikkje god på samarbeid sjølv, blir det fort vanskeleg å læra det frå seg til andre.
Som lærar skal ein kunna kommunisere godt med elevane, og det er viktig at ein tar seg tid til å kommunisera med den enkelte person på deira nivå. For å få god kontakt må læraren kjenna sine elevar. Ein må oppretta gode relasjonar til elevane. Det vil vera ei berande bru for vidare samarbeid. Som me kunne lesa om i ”elevens verden” så er det med omsorg for elevane svært viktig. Det står blant anna ”Det å kunne sette seg inn i elevens situasjon utgjør kanskje en av de viktigste forutsetningene for å kunne skape en undervisning som er meningsfylt for eleven.”

Kroppsspråk er ein viktig del av kommunikasjon. Det visste eg frå før, men eg ante ikkje at bare 30 prosent av kommunikasjonen består av det verbale og at heile 70 prosent består av det nonverbale. Det var heilt nytt for meg. Derfor tykkjer eg det var viktig at akkurat dette blei tatt opp så tidleg i semesteret, då det er viktig å ta det med seg når ein skal ut i praksis. Born er ofte mykje flinkare enn vaksne til å lesa kroppsspråk, og det er derfor viktig at ein til ei kvar tid er obs på sitt eige kroppsspråk når ein er ute i praksis. Eg kan jo gi eit eksempel på det. Dersom me tykkjer at det læraren underviser i er kjedelig, me kan det jo så godt frå før, er det viktig at me ikkje viser det med kroppsspråket vårt. Det kan fort skapa uro i klassen dersom elevane legg merke til holdninga vår.
Ein annan ting med kroppsspråk som eg tykkjer er viktig, og som ofte kan bli vanskelig, er når ein slett ikkje har kjemi med ein person. Då blir det ekstra vanskelig å skjula kva me eigentlig meiner. Det er her den gode pedagogen kjem inn. Ein god pedagog vil jobba for å skapa god kjemi, ikkje bare oversjå denne personen.
Karen Zimsen seier noko viktig om kroppsspråk. Ho seier blant anna at kroppsspråk er noko som alle registrerer, men det er få som tillegger det nok betydning. Og at dersom me blir meir bevisst på vårt eige kroppsspråk og kva signaler me sender ut, så blir me betre på å lesa andres kroppsspråk. Me må bruka sansane aktivt når me registrerer verda omkring oss.
Me kan aldri få 100 prosent kontroll på kroppsspråket vårt, men me kan trena oss til å bli betre på det.

Etter ei felles økt om dette temaet blei klassane delt og me skulle til me noko nytt. Me fekk sjå ein liten film snutt om kva me kunne venta oss. Det viste seg å bli miming. Det er ikkje til å leggja skjul på at eg elskar å spela fantasi, som er eit mime spel. Det var nokre artige påfunn Birgit hadde til kva me skulle mima, og det gav oss gode utfordringar. Kjempekjekt! Det er godt for klassen at me får øva oss på å stå opp framfor andre menneske. Det var jo og sjølvsagt ei god illustrering på kroppsspråk, då det berre var det me fekk bruka når me sto oppe framføre klassen.
Etterpå såg me ein film som tok opp temaet rundt kroppsspråk. Det var ein lærerik film, og eg tykkjer det var interessant å læra om korleis kroppsspråket blir brukt i ulike typar musikk for å forsterka eit poeng.

Før timen var slutt skulle me laga køyrereglar for praksisgruppa, og som me kunne lesa om i artikkelen til Kjetil Sander: ”Gruppens evne til å utvikle et passende rollesystem vil være avgjørende for dens suksess.” Var det jo viktig at me blei sett i gang til å lage nettopp desse køyrereglane.

Eg vil avslutta med å seia at eg lærte utruleg mykje av denne førelesninga, og eg er sikker på at me kjem til å læra mykje nyttig framover i pedagogikken. Eg gler meg til å forsetta.

Revidert 29.04.08.

Tenkte eg kunne leggja ut køyrereglane som eg laga saman med gruppa mi:

- Arbeidsfordelinga skal vera lik.

- Me skal vera ærlige med kvarandre.

- Det skal vera likestilling i gruppa.

- 1 fast studiedag i veka.

- Det skal vera ein kontaktperson, denne oppgåven skal me bytta på.

Me blei fort einige om desse køyrereglane. I løpet av året har ikkje eg tenkt noko på desse reglane. Reglane om likestilling, ærlighet og arbeidsfordeling har fungert ganske bra. Men regelen om 1 fast studiedag i veka har me ikkje overholdt. Me har heller hatt studiedagar etter behov, nokre veker fleire dagar, andre veker ingen. Regelen om ein kontaktperson har heller ikkje blitt tatt i bruk, me fungerte alle som kontaktperson alt etter behov.

Då me byrja var me 4 i gruppa, men Camilla fant dessverre ut at ho ville slutta. Så då var me bare 3 igjen, eg, Bertin og Ane.
Eg tykkjer me har fungert kjempe godt som gruppe. Me er alle personar med sterke meiningar, men me har ennå ikkje hatt nokon konflikt av stor grad. Me har hatt eit godt samarbeid, og me har blitt godt kjent. Eg kjem til å savna gruppa mi til neste år!

Takk for eit kjempe år folkens! :)

onsdag 29. august 2007

Ein lærar eg hugsar godt

Då eg byrja på ungdomsskulen var alt nytt og spannande. Eg kom frå ein liten barneskule med berre 12 elevar, til ein stor ungdomskule med over 90 elevar. Berre tanken på alle elevane var skummel.
Det fyrste året var prega av mykje uro og mobbing i klassane. Så etter enda 8 klasse blei klassane splitta opp, og alle kom i nye klassar. Eg hamna i B klassen, og læraren me skulle ha hadde våre i pappapermisjon eit år. Det var ingen av oss som hadde sett han før. Med tanke på alt som hadde skjedd året før var ikkje iveren etter å byrja på skulen att akkurat stor.
Fyrste skuledag etter ferien var utruleg spanande. Læraren me skulle ha viste seg å ver ein mann i begynninga av 40 åra, han heite Dag.

Dag var ein mann med mykje kunnskap. Han visste det meste om det meste, og han kunne læra det frå seg.
I pedagogikken har me snakka om at når ein i dag skal undervisa ein klasse skal man treffe alle borna og alle dei ulike behova dei har. Dag var etter mi meinig forut for si tid. Han underviste oss på ein måte som gjorde at alle fann sin plass. Han kunne blant anna seia til klassen at dei som trengte å snakka om emne kunne gå på eit grupperom, dei som ville ha ro kunne gå på eit anna rom og dei som trengte hjelp frå han kunne bli i klasserommet. Det gjorde at alle kunne finna ein plass som passa for dei. Han kunne og gi elevane ulik mengde leksa. Hadde me for eksempel jobba me oppgåver i ein time gav han dei som var ferdige med alle oppgåvene noko ekstra å jobba med heime, medan dei som sleit litt trengte bare å gjera ferdig det som skulle gjerast i timen og dei som ikkje brukte timen effektivt måtte gjera ferdig oppgåvene, pluss litt ekstra arbeid.
Han var flink til å setja oss i gang med diskusjonar, og han kunne ofte dela klassen i grupper og bestemma kva gruppa skulle meine. På den måten blei me tvinga til å sjå ei sak frå nye sider.

Dag var ein streng lærar, men på ein slik måte som gjorde at me fekk respekt for han. Han var rettferdig med alle, og han såg at alle ikkje har like behov og at alle ikkje kan behandlas 100 prosent likt. Han var flink til å jobba med klassemiljøet, og det førte fram. Me var den klassen på skulen som hadde best klassemiljø. Alle kunne snakka med kvarandre og jobba saman. Det var ingen som fnøys med nasen når me blei satt i grupper.

Eg tykkjer namnet Dag passar så godt på læraren vår då han gav oss ei føling av at det alltid kjem ein ny dag. Går det ikkje så bra i dag, kjem det ein ny dag i morgon.

tirsdag 28. august 2007

Kvifor HSH

Grunnen til at eg valte HSH er i hovudsak at eg har høyrt mykje bra om skulen. Universitetet i Stavanger, der eg kjem frå, har ikkje så godt rykte på seg når det gjeld lærar linja. Eg har ei veninne som er ferdig utdanna lærar, og ho gjekk 3 år i Bergen og 1 år her på Stord. Ho seier ho lærte meir det eine året på Stord, enn dei 3 åra i Bergen.
Ein annan grunn er at eg ville vekk frå alt det gamle, stifta nytt bekjentskap og få nye opplevingar. Samtidig ville eg ikkje for langt vekk frå kjærasten min. Då var Stord eit godt alternativ.
Studentlivet skal heller ikkje vera så verst her på Stord, har eg høyrt. ;p

mandag 27. august 2007

Kvifor lærar

Grunnane til at eg vil bli lærar er mange. Eg har alltid visst at eg vil jobba med menneske, og det får ein absolutt gjera når ein er lærar.
Eg tykkjer det er spanande å fylgja med på den enorme utviklinga born faktisk går gjennom. Eg har jobba halvanna år i barnehage, og der fekk eg eit godt innblikk i nettopp dette. Det var mykje på grunn av den jobben eg bestemte meg for å bli lærar.
Ein annan grunn er at eg ynskjer å utretta noko i løpet av livet, setje eit slaks spor etter meg. Det er dette som gir meg motivasjon til å i alle fall prøva å bli den gode læraren. Ein av dei personane som har sett store spor etter seg i mitt liv er ein av dei lærarane eg har hatt. Han var ein utruleg flink lærar som eg lærte mykje av.
I læraryrket møter du mange utfordringar, ingen dagar er like. Det passar meg fint, då eg likar at ting skjer rundt meg. Det er ei stor utfordring og eit stort ansvar å skulle læra born ikkje berre fag, men og om sjølve livet. Her er det sjølvsagt ei, på mange måtar, usynleg linje mellom kva som er jobb og kva som er privatliv. Som lærar må ein kunna by på seg sjølv, noko som ein oftast får mykje igjen for.
Det er heller ikkje å nekta for at all ferien er eit pluss. Håpar berre at den vil forsetta å vera der i framtida. :)

torsdag 23. august 2007

Tankar om pedagogikkfaget

Pedagogikk er noko heilt nytt for meg, men allereie no har eg forstått at det er eit viktig fag. Det er eit fag ein vil få bruk for i alle dei andre faga ein har, og som ein vil få bruk for når ein skal ut å undevisa sjølv.
Etter innføringa i faget som me fekk av Aashild sit eg på mange måtar igjen med like mange spørsmål som før dei timane. Men no er det spørsmål om ulike ting innanfor pedagogikken, og ikkje kva pedagogikk er. Det er mykje ein skal setja seg inn i, men eg er ikkje i tvil om at for å bli ein god lærar må ein kunna mykje om pedagogikk.
Det er nokk eit tungt fag, då det er mykje ein må kunna innanfor diverse område. Det gjeld nokk å følgja godt med i desse timane. Eg trur og det kan vera lurt å setja seg inn i stoffet me skal ha før ein møter opp til førelesning.
Med mykje nye ord og uttrykk kan det nokk vera lurt å skaffa seg den ordboka som Aashild snakka om. I alle fall for min del. :)
Eg gler meg til å setja i gong med faget og eg vonar at denne tida på Stord skal gi meg eit dytt i riktig retnig av å bli den gode læraren.

Blogging

Blogging er noko som eg personleg ikkje har vore borti før, så eg trur det kjem til å bli både interessant og lærerikt. Det kjem nokk til å ta litt tid før eg kjem inn i korleis det verkar, men når eg finn ut av det kjem eg nokk til å bli ein ivrig bloggar. No verkar det heile litt skummelt og uoverkommeleg. Det fyrste eg tenkte når me blei introdusert for blogging var: blogging kvar veka?! Det verkar mykje, men etterkvart vil det nokk bli ei rutine på det.
Eg gler meg i alle fall til å koma i gang. :)

søndag 19. august 2007

Om meg

Hei!

Eg heiter Tone Helen Haugland, er 21 år og kjem fra Klepp på Jæren.

Der har eg budd saman med mine foreldre og min bror.

Det siste halvanna året har eg budd saman med kjærasten min Yngve i Vikedal, saman med hunden vår Kåre.
Då jobba eg i Vats barnehage som assisten.




Kåre gutten min :)

Bak meg har eg 3 år på allmennlinja på Sandnes VGS.

Eg liker å driva på med idrett, spesiellt fotball, vera med vener og høyra på musikk.