torsdag 23. august 2007

Tankar om pedagogikkfaget

Pedagogikk er noko heilt nytt for meg, men allereie no har eg forstått at det er eit viktig fag. Det er eit fag ein vil få bruk for i alle dei andre faga ein har, og som ein vil få bruk for når ein skal ut å undevisa sjølv.
Etter innføringa i faget som me fekk av Aashild sit eg på mange måtar igjen med like mange spørsmål som før dei timane. Men no er det spørsmål om ulike ting innanfor pedagogikken, og ikkje kva pedagogikk er. Det er mykje ein skal setja seg inn i, men eg er ikkje i tvil om at for å bli ein god lærar må ein kunna mykje om pedagogikk.
Det er nokk eit tungt fag, då det er mykje ein må kunna innanfor diverse område. Det gjeld nokk å følgja godt med i desse timane. Eg trur og det kan vera lurt å setja seg inn i stoffet me skal ha før ein møter opp til førelesning.
Med mykje nye ord og uttrykk kan det nokk vera lurt å skaffa seg den ordboka som Aashild snakka om. I alle fall for min del. :)
Eg gler meg til å setja i gong med faget og eg vonar at denne tida på Stord skal gi meg eit dytt i riktig retnig av å bli den gode læraren.

2 kommentarer:

Franny Maria sa...

Heisann:)
Eg er ganske enig i det du seier, kjekt å lesa andre sine meiningar. Gir deg fleire tankar, og du gidde meg mange fleire tankar rundt faget :)

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Tone Helen...
Ja, faget er nytt for dykk alle, så de får ta utfordringa i lag. Det er lurt å lesa dei kapitla i pensumbøkene som er anbefalt, og så får de endå meir påfyll når vi møtast andlet til andlet på måndagane... Kan hende du skal laga deg di eiga ordbok? Fylla ei notisbok med ord som du lærer deg tydinga av gjennom året? Kjekt at du gler deg, og det er eit flott mål å ha om å bli "den gode læraren"...