
Observasjon er eit viktig tema no når me skal ut i praksis fyrste gongen, då det er observasjon som er hovudfokus under praksisen.
Observasjon er noko me alle driv med kvar dag, men me tenkjer ikkje over det. Eg er sikker på at dersom me set oss ned ein kveld og tenkjer over det me har opplevd i løpet av dagen, då meiner eg ikkje bare det opplagte, så set me igjen med ein del inntrykk å opplevingar som me ikkje var klar over. Det kan vera ting som kantinepersonellet gjorde, eller noko ein av personane på bussen gjorde, kva læraren gjekk kledd i og liknande. Med registrerer mykje meir i løpet av ein dag enn det me treng, og som regel går det rett i gløymeboka.
Som personar er me heilt avhengige av å kunna observera. Ta bare eit lite barn. Det lærar stadig vekk nye ting ved å observera og etterlikna andre personar. Observasjon er ein del av utviklinga vår. Dette står det meir om i læreboka Elevens verden.
Nå er det jo ei litt anna form for observasjon me ska driva med i praksis, men likevel er det ei form for observasjon som gjer at me lærar. Me skal observera elvane og lærarane. Kanskje er det aller viktigaste å observera samspelet mellom lærarane å elevane. Korleis fungerer det? Det er òg viktig å observera korleis gruppedynamikken i klassen er, og korleis læraren taklar eventuelle utfordringar. Det er ei viktig erfaring å ta med seg når me seinare skal undervisa klassen sjølv.
Eg føler eg har fått eit godt innblikk i observasjon, og det som er viktig å ta me seg ut i praksis.
Revidert 29.04.08.
Observasjon kan vera vikig i mange samanhengar. Dersom ein ser på observasjon i samband med meldeplikta vil ein sjå at det er utruleg viktig. Som lærar skal ein melde frå dersom ein trur det er noko som ikkje er heilt som det skal. Ein kan ikkje bare melda inn ein ting utan å ha grunnlag for deipåstandane ein kjem med. Det er derfor viktig at ein i byrjinga er flink til å observera slik at ein faktisk set at mistankane stemmer. Det kan òg vera lurt å loggføra det ein ser slik at ein lettare kan sjå tilbake på dei erfaringane ein har gjort seg. Dersom ein loggførar vil det kunne virke som eit slags "bevis" når ein skal leggja sakafram for andre.
Dersom ein ikkje meistrer kunsten å observera vil ein ikkje kunne oppdaga tilfelle som krev at ein skal melde frå. Det er derfor viktig at ein øver seg kvar dag på observasjon.
3 kommentarer:
Ja, no har du jo vore i praksis, og då må eg jo spørja, korleis gjekk det? Kva fekk du utav observasjonsoppgåva og loggføringa?
Birgit :-)
" Observasjon er ein del av utviklinga vår. Dette står det meir om i læreboka Elevens verden ". Okey, eg får siga og lesa litt i bogå eg då! :p "
d får du håvard! ;p
Legg inn en kommentar