Det fyrste året var prega av mykje uro og mobbing i klassane. Så etter enda 8 klasse blei klassane splitta opp, og alle kom i nye klassar. Eg hamna i B klassen, og læraren me skulle ha hadde våre i pappapermisjon eit år. Det var ingen av oss som hadde sett han før. Med tanke på alt som hadde skjedd året før var ikkje iveren etter å byrja på skulen att akkurat stor.
Fyrste skuledag etter ferien var utruleg spanande. Læraren me skulle ha viste seg å ver ein mann i begynninga av 40 åra, han heite Dag.
Dag var ein mann med mykje kunnskap. Han visste det meste om det meste, og han kunne læra det frå seg.
I pedagogikken har me snakka om at når ein i dag skal undervisa ein klasse skal man treffe alle borna og alle dei ulike behova dei har. Dag var etter mi meinig forut for si tid. Han underviste oss på ein måte som gjorde at alle fann sin plass. Han kunne blant anna seia til klassen at dei som trengte å snakka om emne kunne gå på eit grupperom, dei som ville ha ro kunne gå på eit anna rom og dei som trengte hjelp frå han kunne bli i klasserommet. Det gjorde at alle kunne finna ein plass som passa for dei. Han kunne og gi elevane ulik mengde leksa. Hadde me for eksempel jobba me oppgåver i ein time gav han dei som var ferdige med alle oppgåvene noko ekstra å jobba med heime, medan dei som sleit litt trengte bare å gjera ferdig det som skulle gjerast i timen og dei som ikkje brukte timen effektivt måtte gjera ferdig oppgåvene, pluss litt ekstra arbeid.
Han var flink til å setja oss i gang med diskusjonar, og han kunne ofte dela klassen i grupper og bestemma kva gruppa skulle meine. På den måten blei me tvinga til å sjå ei sak frå nye sider.
Dag var ein streng lærar, men på ein slik måte som gjorde at me fekk respekt for han. Han var rettferdig med alle, og han såg at alle ikkje har like behov og at alle ikkje kan behandlas 100 prosent likt. Han var flink til å jobba med klassemiljøet, og det førte fram. Me var den klassen på skulen som hadde best klassemiljø. Alle kunne snakka med kvarandre og jobba saman. Det var ingen som fnøys med nasen når me blei satt i grupper.

3 kommentarer:
Heisann=)
Kjekt å lesa, bra skreve og!!
Han hørtes ut som ein flink lærar... :)
Hei, Tone Helen...
Det var ei fin skildring, og eg likte assosiasjonane du hadde til namnet "Dag"...
Dette med tilpassa opplæring er eit utfordrande og særs viktig tema, og skal liggja som ein leiestjerna i all undervisning i skulen. De kjem til å læra mykje om det etterkvart, samt om såkalla læringsstilar (korleis ein likar å ha det rundt seg når ein skal læra noko nytt og vanskeleg). Når det gjeld balansegongen mellom varme og kontroll (eller disiplin om du vil), så er det alltid ein vanskeleg balansegong. Cluet er vel som lærar å ikkje vera redd for å ta upopulære avgjersler, og våga å vera ein klar og tydeleg leiar, slik som Dag...
Birgit :-)
Hei.
Dag virker som ein god pedagog og ein god lærar. Tilpassa under visning er jo utrulig viktig. Det du sa om respekt trur eg og er viktig. Du skal respektera læraren din og sjå på han/henne som ein person ein kan få hjelp til å læra av.
Legg inn en kommentar