Det som har vekka interessa mi mest er dette med nettvett. Ein kan aldri bli for forsiktig når ein er på nett og det er viktig å få denne bodskapen ut til elevane. Den dokumentaren me såg om han danske mannen som jobba som chat konsulent samstundes som han lurte unge jenter til å ha sex, var rystande. Eg er klar over at det skjer, men når eg ser slike ting klarer eg likevel ikkje og la ver å ta det innover meg. Det samme gjeld ”lommemannen” her frå Norge. Det er skremmande at ein mann skal kunna gjera så mange overgrep og gå fri så lenge før han skal bli tatt. Eg er frykteleg glad for at han har blitt tatt, og eg håper han får ein lang straff. Men det blir vell bare med håpet… Me har lært mykje om digitale verktøy i denne perioden og det er bra. Eg trur det er viktig å få masse idear og kunnskapar om dette før me skal ut å undervisa. Det blir stadig satsa meir på IKT i skulen og det er derfor viktig at me kjenner til mange ulike måtar å benytta oss av desse ressursane på.
Det eg stiller meg litt kritisk til er nytten av alt me gjorde, men dette er nok heilt individuelt då folk på trinnet har så ulike forutsetningar for kva ein kan og ikkje kan. Kanskje dei timane med bruken av digitalt verktøy burde våre frivillig, då me allikavel jobba så pass for oss sjølv.
Me har lagt ein samansett tekst ut frå ei sjølvvald barnebok. Dette var kjempe interessant og her fekk me bruka den kunnskapen me har lært om digitale verktøy.

Revidert 29.04.08. Når me skulle laga den samansette teksten valte me å bruka Windows Movie Maker. Eg laga teksten min saman med Ane, og me hadde begge våre litt borti dette programmet frå før av. Me valte ei litt utradisjonell bok når me skulle laga den samansatte teksten. Ei bok som er ganske ny og som er skriven av ein norsk forfattar. Boka heiter "Svart kalv @ kvit snø", av Hans Sande.
Me fekk ikkje moglegheit til å visa den samansette teksten i praksis, noko som var litt dumt. Det var rett og slett ikkje tid til det. Det var så mykje anna som skulle skje når me var i praksis.
Me har våre 2 dagar i praksis for å læra om IKT i skulen. Den fyrste dagen var ikkje så lærerik for min del då me hadde sett det dei gjorde frå før, men den andre dagen var svært lærerik. Dette var mykje på grunn av at vårt opplegg ikkje gjekk heilt som det skulle :) Eg tykkjer det var lærerikt å knytta temaet opp mot praksis, då det er lettare å fortså når ein ikkje berre ser det på papiret.
Revidert 29.04.08.
Når me var i praksisperiode 3 hadde me stort fokus på bruken av IKT. Det var mykje av det me planla som ikkje gjekk slik det skulle. For ikkje å gjenta meg sjølv, er det mulig å lesa meir om dette i innlegget frå praksisperiode 3.
Eg trur det er viktig at me ikkje gir opp bruken av IKT for det om me møter ein del motstand. Eg har tru på at det bare vil bli betre og betre. Elevane i dag veks opp i eit samfunn aom er prega av IKT, og det er derfor viktig at dei har god kjennskap til dette.




