
Denne praksisperioden var mykje meir lærerik enn den perioden me hadde om observasjon. I denne praksisperioden skulle me prøva oss på undervisning. Dette grua eg meg litt til på førehand, men når eg fyrst var komen i gang gjekk det bra.
Eg har hatt stort utbytte av at me som praksisgruppa har jobba i lag med all planlegginga. Det har våre kjempe greit å få diskutert litt fram og tilbake om kva me trudde kom til å fungera. Det er mykje ansvar som ligg i undervisningsplanlegging, og det er greit å ha nokon å støtta seg på når ein er ny i gamet.
På slutten av kvar dag hadde me ei oppsummering av dagen me våre praksislærarar. Dette var svært nyttig. Dei kom med masse gode tips, men eg syns dei kunne våre litt meir kritiske. Det er tross alt det me lærar mest av.
Etter at oppsummeringa var over fekk mi gruppa lov å gå på høgskulen å jobba med videre planlegging. Dette var det ikkje alle dei andre gruppene som fekk lov til, men eg meiner det bør vera opp til kvar enkelt praksislærar korleis dei velger å gjera det. Men eg kan jo forstå at nokon reagerte litt på det dersom dei trudde me fekk fri, men me jobba vidare på høgskulen til endt arbeidsdag og ofta lengre en det òg. Grunnen til at me fekk gå på høgskulen var at me ikkje fekk komma på nett på Langeland med våre eigne pc-ar.
I løpet av perioden fekk me prøva oss på mykje undervisning, og me fekk erfara kor viktig det er med ein plan B. Me fekk for god tid i ei KRL økt, men me klarte å henta oss inn med diverse diskusjonar. Det hadde våre mykje betre dersom me hadde hatt ein liten quiz om temaet me hadde hatt om i timen, eller noko lignande, liggande på lur.
Men det er for å læra me er i praksis, og for å kunna læra må ein kunna gjera feil.
Det har våre ein kjempe lærerik periode. Eg føler eg lærer mykje meir om lærarrollen når eg er i praksis, en det eg gjer på høgskulen. Derfor tykkjer eg me kunne hatt ennå meir praksis en det me faktisk har.
Eg gler meg til neste praksisperiode :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar