onsdag 6. februar 2008

Trygg på Internett


Lover og reglar på Internett er svært omfattande. Eg har alltid vært klar over at det er enkelte ting ein ikkje kan bruka Internett til, som for eksempel å lasta ned musikk eller filmar, men eg har aldri visst at det er så strengt som det faktisk er. Det er blant anna ikkje lov å klyppa og lima frå tekstar som ligg på nettet, sitera nokon utan å oppgi kilde eller bruka andre sine tekstar i for eksempel undervisning.

Heilt frå barnaskulen har eg våre vant me klypp og lim metoden og det er aldri nokon som har sagt til meg at det er ulovleg. Det var fyrst no på høgskulen eg høyrde om at dette ikkje er lov. Det tykkjer eg er for gale.

Eg tykkjer det er viktig å fokusere på kva som er rett og gale å gjera på Internett allereie frå fyrste dagen elevane er på nett. Ein kan ikkje byrja for tidleg med dette, ein rekk ikkje å læra seg dårlege uvanar på nettet viss ein kjenner reglane heilt frå byrjinga av.

Eg tykkjer dette med plagiering kanskje er litt strengt. Når ein legg noko ut på nettet ligg det åpent for alle, det veit ein jo, då burde ein kunna bruka det som blir lagt ut så lenge ein ikkje kallar det sitt eige. Men det er bra at me har lovar og reglar som beskytter det folk legg ut på nettet. Det er mykje lærerikt å finna på nettet, å det hadde våre synd dersom ein ikkje lenger kunne benytta seg av den fantastiske ressursen Internett faktisk er.

I denne økta tok me opp noko anna som eg meiner er endå viktigare en åndverkslova, nemleg nettevett og då kanskje spesielt i forbindlese med chatting.

I dag er det utruleg mange ungdommar som er inne å chattar på nettet. Det er selvfølgelig kjekt å prata med venner og kjente, men det er ikkje fullt så kjekt å prata med gamle menn og kvinner som utgir seg for å vera ungdommar. Det er mange overgriparar som finn sine offer gjennom nettet, og det er skremmande å tenkja på kor lett ungdommane trør i desse fellene.

Eg for min del trur ikkje me kan få sagt det nok gonger til ungdommen at dei aldri må oppgi personlege opplysningar til folk over nettet. Ein skal også vera forsiktig med å leggja ut personleg informasjon når ein registrerer seg på dei ulike sidene, då det mange plasser er mogleg for andre å henta fram denne informasjonen.

Dess fortare ein byrjar med nettvett reglar dess betre er det. Eg gjentar meg sjølv litt frå tidligare når eg seier at ein bør byrja med bettvett frå dag 1 når elevane byrjar å bruka nettet. Ein kan ikkje få sagt det nok gonger kor viktig det er med nettvett reglar.
Eg trur det er viktig å få til eit godt samarbeid med heimen om nettvett reglar, då det i hovudsak er i heimen elevane chattar.

Det er mange gode sider ein kan gå inn på for å få tips og informasjon om korleis ein skal handtera saker som nettvett. Eg trur det er lurt at alle gjer seg kjent med desse sidene, og eg er glad for at Birgit gav oss tid til å gå inn å sjå på desse sidene.

Når me satt og jobba med nettvett reglar og kikka på desse sidene fann mi praksisgruppa ut at me ville oppretta ein chat på sol si chatte side. Me kalla oss bare for ”linn” og etter 15 min var det fleire menn som var inne å chatta med oss. Det kom mange slags grisete kommentarar, det var til og med ein som lurte på om me ville sjå han kosa med seg sjølv på webcamera! Og då hadde ikkje me sagt noko upassande i det heila.
Eg visste det var gale, men ikkje så gale!

Ingen kommentarer: