onsdag 6. februar 2008

Digitale verktøy

Desse timane var i hovudsak lagt opp til at me som studentar skulle jobba på eiga hand. Det er heilt greit for meg at me ikkje alltid har førelesningar, men eg trur eg personleg kunne fått lika mykje ut av denne økta heime som det eg gjorde på skulen.

Men når me fyrst var på skulen og jobba med dette temaet var det jo interessant. Eg kunne litt om Windows Movie Maker frå før, men animasjon- og cartoonprogramma var nye for meg. Det var forholdsvis enkle program å forstå, så det gav ikkje dei største utfordringane, men det er heilt klart program som kan vera kjekke for elevane og jobba med.

Ingen kommentarer: