Animasjon og bilethandsaming er eit vikitg tema då det kjem klart fram at bruken av digitale verktøy er eit av dei 5 grunnleggjande dugleikane i LK06. Det er derfor viktig at me som lærarar kan dette når me kjem ut i skulen. Det er mange lærarar i dag som kjem frå den ”gamle” skulen og desse prioriterar ikkje bruken av IKT. Derfor er det bra at me som kjem nyutdanna ut i skulen kan læra både elevane og dei lærarane som ikkje kan så mykje med data litt om bruken av IKT.
Animasjonar er noko som er morosamt, og eg trur heilt klart at elevane kan få mykje utbytte av å driva på med det i undervisninga. Ein kan bruka det til mykje, i ein kommantar Birgit har gitt i bloggen skreiv ho: ”Ser ein i høve til LK06, så er det m.a. i natur- og miljøfag (fysikk, kjemi men og i andre fag) ein del av faget å kunna bruka animasjonar og simuleringsprogram (laga sjølv om ein ikkje finn noko ferdig) til å vise fenomen og biologiske samanhengar”.Dette er gode eksempel på kva ein kan bruka animasjon til. Elevane kan for eksempel også laga sine eigne animasjonar til å vise biologiske samanhengar eller animasjonar til bruk i anna undervisning.
Revidert 29.04.08.
Eg har fått forespørsel om å leggja ut animasjonen min i bloggen. Eg var ikkje på skulen den dagen me hadde denne økta, og eg har derfor ikkje fått laga meg ein animasjon.
Når det gjeld plakaten min har eg ikkje den lagra nokon plass. Eg har hatt problem med datamaskina mi, og eg har derfor mysta ein del ting...
Så eg har dessverre ikkje så mykje å leggja ut her.
onsdag 6. februar 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Hei!
Animasjoner er som du sier morsomt :-) Jeg tror det er noe som kan engasjere både lærere og elever, men for at flere lærere skal ta det i bruk (både de fra den "gamle" skolen og nyutdannede) tror jeg det er viktig at skolene arrangerer kurs/opplæring for lærerne sine slik at de føler seg trygge nok til å bruke det i undervisningssammenheng.
Jeg tror det er frykten for ukjente og nye ting man ikke mestrer som er grunnen til at mange lærere holder seg til det den samme undervisningsformen år etter år. Men viss de får muligheten til å lære nye ting, tror jeg flere vil våge å ta i bruk nye metoder og verktøy - som for eksempel animasjon :-)
Har du laget en egen animasjon? Kanskje du kan legge en animasjon ut i bloggen din?
Hilsen Maria.
Legg inn en kommentar