Då har me hatt to dagar med punktpraksis. Det var kjekt å koma ut på skulen att og sjå at elevane ikkje har gløymd oss heilt :)

Den fyrste av dei 2 dagane skulle me berre observera skulen sin bruk av IKT i undervisninga. Me hadde 2 timar der elevane var innom fronter, skreiv litt i word og synte oss noko dei hadde laga om seg sjølv i power point. Då me hadde brukt ein del data når me var i praksis forrige gong var ingenting av dette nytt for oss. Vår klasse ved Langland skule er flinke til å bruka IKT i undervisninga. Dei legg stor vekt på å nytta seg av dette hjelpemiddelet når dei er så heldige å ha det tilgjengelig. Me var ganske uheldige med at dei neste 3 timane skulle dei ha kunst og handverk, så då blei det ikkje meir IKT på oss. Men i og med at me har hatt ein del IKT med dei i forrige praksisperiode gjorde det ikkje så mykje.
Den andre av dei 2 dagane skulle me ha eit eige opplegg. Me hadde fått fri i pedagogikken til å jobba med eit opplegg og me trudde me kom godt forberedt til timane. Me skulle ha 4 timar IKT undervisning med elevane.
Me hadde fått låna pc-ar frå 1 klassingane så me hadde ein pc til kvar elev. Me

skulle læra elevane og setja saman ein liten filmsnutt i Windows Movie Maker, og me hadde på førehand sjekka med skulen at dei hadde dette programmet. Men då me var klar til å lasta ned filmsnutten, som me på førehand hadde gjort klar og lagt ut på fronteren deira, viste det seg at skulen ikkje hadde kapasitet til at så mange lasta ned på ein gong. Me hadde me ein cd me filmsnutten på som backup, men pc-ane til skulen hadde sjølvklart ikkje lov til å akseptera ukjente cd-ar. Me sto derfor der uten nokon filmsnutt. Det var då praksislæraren vår redda oss, for ho hadde lagt ut bilder frå leirskulen som var tilgjengelige for alle. Me kunne derfor bruka desse bildene til å laga ein biletserie med lyd og tekst til i Windows Movie Maker. Me fekk også koma litt innpå lovar og reglar i forhold til plagiering då det var mange elevar som ville bruka musikk i frå nettet i biletserien sin. Eksempel musikken på pc-ane er ikkje akkurat til å skryta av.
Me fekk her erfara at ting ikkje alltid går etter planen, men me var heldige å klarte og komma oss ut av denne krisa.
På slutten av dagen hadde me ei fin oppsummering me praksislæraren vår, og ho var heldigvis nøgd med korleis dagen enda opp, trass i dei problema me kom opp i.
Eg håper me får mange moglegheiter til å benytta oss av IKT i neste praksisperiode. Det er eit spanande verktøy som det berre kjem større og større moglegheiter med.
Revidert 29.04.08.Når me skulle ut i punktpraksis med fokus på IKT fekk me sjølv velga kva me ville gjera. Praksislærarane våre la ikkje nokon begrensingar. Grunnen til at me valgte å jobba med Windows Movie Maker var at neste gong me skulle i praksis skulle elevane jobba med eit prosjekt om Unge og Rus. Dette prosjektet skulle slutta med eit ferdigt produkt som elevane skulle visa fram til foreldra sine. Eit av desse produkta kunne vera ein filmsnutt. Me ville derfor visa elevane litt om denne type prosjekt, slik at dei hadde noko grunnlag for å velga eller velga vekk denne typen.
Elevane syntes det var kjekt å læra om Windows Movie Maker, sjølv om det ikkje blei heilt som planlagt. Dei var flinke, og dei forstod alt me ville læra dei. Det er ein flink gjeng me har hatt i praksis :)
1 kommentar:
Hei Tone Helen.
Litt kjipt når ikke alt fungerer som det skal, men som du sier så er det slikt vi må regne med i blant. Var bra det ordnet seg likevel :-)
Vi fikk også litt problemer på Skåredalen da vi hadde punktpraksis. Det viste seg nemlig at de ikke hadde flash på alle dataene, men heldigvis var det noen få som hadde så vi løste det med å svare på en spørrelek i fellesskap som elevene egentlig skulle gjort i små grupper.
Fikk dere noen tilbakemeldinger fra elevene om hva de syntes om å jobbe i movie maker? Fikk dere velge selv hva dere skulle ha om i punktpraksisen? Var det en spesiell grunn til at dere valgte å jobbe med å lage filmsnutt?
Enig med deg at IKT er et spennende verktøy med mange muligheter! Gjelder bare å kjenne til dem :-)
Hilsen Maria.
Legg inn en kommentar