tirsdag 6. november 2007

Matamatikk og pedagogikkoppgåve

I dag fekk me presentert oppgåva i matematikk og pedagogikk.
Det er ei stor oppgåve som vil kreva mykje av oss elevar. Eg tykkjer det er både spanande å skummelt å setja i gong med ei så stor oppgåve. For meg vil det vera den fyrste oppgåve eg skriv på høgskulenivå. Men eg gler meg til å setja i gong.
Oppgåva er relevant i forhold til praksisen me skal ut i nå. Det tykkjer eg er bra.

Etter me hadde blitt presentert for oppgåva var det tid for datalab. Der lærte me nokre triks når det gjeld å setja opp ei oppgåva. Eg lærte mykje som eg ikkje kunne frå før, det er mange måter å spare tid på når ein skriv i word. Det er bra me får litt opplæring i slike ting. :)

Revidert 29.04.08.

Nå når me er ferdige med denne oppgåva sitt eg igjen med ein god følelse. Det er den fyrste store oppgåva eg har skrive på høgskulenivå, så eg var spent på korleis det ville gå. Det er heilt klart mange ting i oppgåva som kunne våre betre, men eg er nøgd me resultatet for det. Har jobba litt med oppgåva for å prøva å betra ho, så får me håpa Birgit blir nøgd ;)
Det var ein lang prosess å jobba med oppgåva, og eg tykkjer nok ho tok litt for mykje fokus vekk frå praksisperioden me skulle ut i. Det er kanskje noko lærarane kan tenkja på til neste år?

Oppdrag: Pedagogisk grunnsyn

Oppdraget

Me har no fått i oppgåve å jobba med ulike læringsteoriar. Det er mykje stoff me skal igjennom,så mi gruppa har gått saman med ei anna gruppe for å få ulike syn på dei ulike teoriane. Me er to som skal lesa om den same teorien. Neste mandag skal begge gruppene møtas, og då skal me presentera dei ulike teoriane for kvarandre.
Me har sett opp ein plan for korleis me vil arbeida me stoffet vidare fram mot framføringa.

Eg tykkjer det er bra at me blir litt ”kasta” ut i dette med læringsteoriar. Det gir oss ein sjangs til å danna våre eigne tankar kring dei ulike læringssyna.
Så nå er det bare å starte med å byggja vår eigen læringsplattform. :)

Samarbeid

Nå har me gått gjennom dei ulike læringsteoriane saman med den andre gruppa. Det var lærerikt, men eg føler eg må lesa meir på eiga hand for å få eit fullstendig bilde og eit grunnlag til å laga mi eiga plattform. Det er utruleg mykje stoff me skal gjennom, og denne prosessen har gjort det litt lettare å forstå dei ulike teoriane.

Gruppa mi har bestemt seg for kva læringssyn me meiner passer best for oss, og som skal vera grunnlaget for framføringa vår. Me har starta på jobben med framføringa, å eg har tru på at me skal få til ei bra framføring.
Me ynskjer å visa to ytterpunkt mellom ulike måtar å læra på, ulike lærinssyn. Me er einige om at menneske lærar best på ulike måtar, å at det nødvendigvis ikkje bare er ein læringsteori som er rett.

Framføringane er over


I dag har gruppene hatt framføring. Inntrykka etter ein sånn dag er mange. Eg tykkjer alle gruppene var flinke, det var mange kreative og gode framføringar.
Eg lærte mykje av å sjå på dei ulike gruppene, det var bra at ulike syn blei tatt opp. Det var kjekt å sjå på dei ulike tolkningane av teoriane.
Nå sitt eg igjen med mange ulike inntrykk. Eg har byrja å danna meg ei plattform med mitt syn på læring, men eg trur eg må bruka litt tid på dette å finna ut kvar eg står i forhold til dei ulike læringssyna.

Oppsummering av dei ulike læringssyna

I dag har me gjort mykje forskjellig.

Dei to siste gruppene hadde framføring i dag, også dei var flinke.

Me gjekk gjennom dei ulike teoriane på tavla. Birgit laga tankekart over dei ulike teoriane. Etter me var ferdige følte eg meg lettare forvirra. Ting eg lurte på vart besvart, men eg fekk stadig nye spørsmål. Dette ser eg på som positivt, då det gir meg lyst til å finna svar på desse spørsmåla. Eg trur ikkje det er meiniga at me skal forstå alt dette med læringsteoriar med ein gong, men at me skal få ei viss forståing slik at me kan danna oss ein tanke kring vår eiga plattform.

Eg har byrja å danna meg ei plattform med sosiokulturell læring i bunn. Dette synet tek utgangspunkt i at læring skjer i eit sosialt samspel mellom menneske. Læring er ein kontinuerlig prosess som skjer gjennom heile livet. Me lærer over alt, heile tida, og språket er vår viktigaste reiskap for tileigning av kunnskap.

Revidert 29.04.08.

Pedagogisk grunnsyn er ei grunnleggjande oppfatning av korleis ein trur læring skjer og korleis ein trur elevane lærer best. Det er derfor viktig for ein lærer å ha gjort seg opp ei meinig om kva pedagogisk grunnsyn han/ho ønskjer å leggja vekt på. Det pedagogiske grunnsynet til ein lærar vil reflektera arbeidet han/ho gjer. Ein vil derfor kunna begrunna valg av undervisningsmetodar gjennom pedagogiske grunnsyn. Som lærar treng ein ikkje vera låst på berre eit grunnsyn, ein kan trekka inn fleire, men det vil alltid vera eit grunnsyn som er framtredande. Etter kvart vil ein som lærar ha utvikla seg eit eige grunnsyn ut frå dei grunnleggjande grunnsyna. Dette trur eg er viktig fordi då kan ein stå for dei vala ein gjer, samstundes som ein kan begrunna desse vala ut frå eit teoretisk perspektiv.

Å leia basisgruppa på læringsarenaen

”Effektive lærere er dyktige kunnskapsformidlere, men føler også ansvar for at elevene forstår og lærer”, sitat fra Good og Brophy.

I denne økta gjekk me gjennom mange viktige moment når det gjeld å leia ei basisgruppa. Det er utan tvil eit stort ansvar lærarane har i eit klasserom. Som lærar må ein blant anna ha ro i klasserommet, flyt i undervisninga, skapa gode relasjonar og ha eit fagleg fokus.

Det var mykje å ta tak i under denne forelesninga, men det som festa seg best hos meg var reportasjen med Robin. Det er meste ikkje til å tru at menneske kan vera så stygge i seg. Det var utruleg skremmande å sjå at verken lærar eller rektor tok tak i situasjonen då foreldra til Robin tok opp saka på skulen. Sjølv om Robin fekk det bra når han skifta skule, skulle det ikkje vera nødvendig for foreldra å måtta gå til slike drastiske tiltak. Den gamle skulen til Robin burde ha ordna opp i mobbesaka før det gjekk så altfor langt.

Mobbing er eit viktig tema i skulen, men eg tykkjer det er viktig at ein som lærar har fokus på alle aspekta rundt trivsel, ikkje bare mobbing. Det er ikkje alltid lett å veta kva ein skal gjera i situasjoner som fell utanfor ”normalen”. Då er det godt å veta at ein har eit godt støtteapparat rundt seg. Med kolleger, PPT, m.m. Det er derfor viktig at ein tørr å be om hjelp. Born me problem av ulike slag er noko ein må vera obs på tykkjer eg. Det er mange som manglar kunnskap rundt dette temat. Derfor er det viktig å gi beskjed på ein sakleg måte dersom ein mistenker noko.
Eg håpar med skal gå meir inn på dette temaet seinere, då eg tykkjer det er interessant, og ikkje minst viktig.

Lovparagrafen - § 9a – i opplæringslova om elevane sitt skulemiljø tok til å verka frå 1. april 2003. Dei nye vedtektene slår fast at «alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring». Eg tykkjer det er viktig og bra at me har ei mobbelov i Norge, men fungerar den som den skal? Dersom ein ser på tilfelle til Robin vil ein sjå at den ikkje alltid fungerer. Er det godt nok at den berre fungerer i nokre tilfeller? Tal frå 2004 viser at me har mellom 35- og 40 000 born på skulane i Norge som blir mobba. Det er skremmanes høge tal tykkjer eg.

Som lærar er det viktig å skapa gode relasjonar til elevane, men det er òg viktig å skapa gode relasjonar mellom elevane då ein har som lærar ansvar for å skapa eit godt klassemiljø. Det er mange ting ein kan gjera for å skapa eit godt miljø. Eg trur det er viktig å ha aktivitetar som gjer at klassen må samarbeida. Eksempel på dette kan vera revy, elevbedrift, m.m.

Ein lærar har mykje ansvar, å god klassorden står høgt på lista. Skal elevane læra, må dei ha eit godt læringsmiljø. Det er viktig med tydelege beskjedar, få ro i klasserommet frå starten av timen og variera undervisninga. Variert undervisning er med på å holda fokus å interesse oppe sjå elevane.

Som Birgit sa under forelesninga ”Born treng vaksne rollemodellar”. Det er viktig at det alltid er samsvar mellom det ein vasken seier og det ein vaksen gjer. Måten ein forholder seg til born på er viktig. Diktet ” Når du respekterer eit born” illustrerer dette på ein fin måte tykkjer eg.
Born er som ein klump med leire i dei vaksne sine hender. Det tykkjer eg Birgits kommentar til Honningsvåg viser godt. Me trudde alle på den negative måten Birgit framstilte Honningsvåg på, å det viste seg å ikkje stemme. Det er lett å tru på det ein vaksen rollemodell seier, det er viktig å huska på når ein skal ut i praksis.

Revidert 29.04.08.

Når eg ein dag skal ut i læraryrket ynskjer eg å setje fokus på klassemiljø. Eg trur det er viktig at elevane opplever eit godt klassemiljø. Dersom elevane blir glade av å vera på skulen, og dersom dei føler seg trygge når dei er på skulen, er læringspotensialet mykje større trur eg. Eg har nevnt tidlegare at eg har null toleranse mot mobbing, og eg trur det er ein sak eg kunne jobba mykje med ute i skulen. Eg trur det er viktig å skapa gode relasjonar til elevane. Dersom elevane er trygge på deg som person, får dei tillit til deg. Då er grunnlaget for samarbeid mykje større.
Dersom elevane skal læra er det viktig å framstå som ein tydelig leiar, som veit kva han/ho vil. Då er heller ikkje elevane i tvil om kva som er forventa av dei, og dei får dermed klare mål å jobba ut i frå.

For at elevane skal jobba bra er det viktig å ha god klasseorden, men det er òg viktig å variera undervisninga trur eg. Dersom elevane aldri opplev noko nytt, vil dei truleg myste motivasjonen til å gjera ein god jobb. Dersom me varierar undervisninga er sjangsen for at alle finn noko dei er god på. Dette er med på å skape meistringsfølelse hos elevane. Noko som er viktig for å auka motivasjonen.
Me har jobba med ulike metodar å variera undervisninga på, noko som var lærarikt. Nokon av metodane me var inne på var bifrost, dramatisering, storyline, prosessorientert skriving, elevbedrift, osv. Som studenet har eg våre innom mange av desse metodane, men det var kjekt me ei oppfrisking. Det er ein stor fordel å kjenna til ulike måtar å undervisa på trur eg. Dersom ein ikkje kjenner til dei ulike måtane, kan ein heller ikkje ta dei i bruk.
Variert undervisning er viktig, men eg har tru på at me må halda fram med tradisjonell undervisning i tillegg. Elevane treng å sitta på sin eigen pult å konsentrera seg om sitt eige arbeid òg.

Praksiserfaringar frå observasjonspraksis


Det fyrste som slår meg når eg kikkar over notatane mine og tenkjer tilbake på praksisperioden er at eg har lært utruleg mykje, og at eg er på god veg til å læra å kjenna elevane og lærarane. Det er ein utruleg kjekk gjeng.

Eg hadde sett opp nokre mål for praksisperioden, og eg føler eg har nådd ein del av desse punkta. Då me var på leirskule, å ikkje i klasserommet var ikkje alt lika lett å observera. Spesielt ikkje det punktet som gjaldt å få innsikt i kunnskapane til elevane, men til gjengjeld har eg lært mange andre interessante ting.

- Bli kjent med elevane og lærarane.
- Bli kjent med samspelet mellom elevane og lærarane.
- Få innsikt i kunnskapane til elevane.
- Ta dei utfordringane som blir gitt.
- Samarbeide godt med lærarane og elevane.
- Jobba med det stoffet i etterkant.

Då me var på leirskule eller ”uteskule”, å ikkje i eit klasserom, fekk me ei litt anna veka en dei andre.
Det var utruleg spanande å få lov til å vera med på ei slik oppleving. Observasjonen var det litt så som så med, men eg fekk observert ein del.

Begrepet ”uteskule” er kanskje ikkje noko alle kjenner til. Det er så enkelt som namnet tilseier, undervisning ute i det fri.
Utfordringane for ”uteskule” lærarar er mange. Nokre utfordringar tok dei betre en andre.

Samspelet mellom elevane og lærarane ved Gullingen leirskule var ikkje så bra som eg tykkjer det burde være. Eg sit igjen med blanda inntrykk av korleis desse lærarane takla ei gruppa med svært ulike elevar. Eg tykkjer det er viktig at alle elevane blir sitt, noko som eg følte desse lærarane ikkje klarte. Det var ein del elevar som krevde meir enn andre, noko som førte til at nokre av elevane hamna i bakgrunnen. Lærarane hadde eit par halvhjerta forsøk på å dra desse inn i gruppa, men gav fort opp. Eg fekk ei oppfatning om at det var lettare for dei å la dei krevande elevane få det dei krevde. Dette blir feil tykkjer eg, då det vart opp til dei andre lærarane å prøva å motivera dei rolege elevane til å delta i gruppa. Noko som ikkje alltid er lika lett.

Når det gjeld den faglige delen under denne veka, tykkjer eg den var bra. Leirskulen hadde lagt opp til eit bredt utval av undervisning der dei fleste faga var representert. Dei hadde med fag som kroppsøving, samfunnsfag, norsk, natur og miljø, matematikk og mat og helse.
Det som ein merka seg når det var undervisning, og lærarane krevde at elevane følgde med, var at konsentrasjonen til elevane sank i løpet av dagen. Dei var utan tvil mest opptatt av undervisninga tidlig på dagen. Likevel tykkjer eg elevane var flinke. Det var tross alt mykje nye ting elevane skulle forholda seg til og mange nye inntrykk dei stadig vekk skulle ta inn. Den største utfordringa til elevane var nok å halde styr på korti dei hadde sine oppgåver som dei hadde fått. Her var det naturlegvis stor forskjell på elevane, men alt i alt tykkjer eg dei var flinke her òg.
Ein annan ting eg er imponert over er kor flinke elevane var til å komme til ro om kvelden. Det blei ingen seine kveldar på oss. :)

Til slutt vil eg sei at det har vært ein kjekk praksisperiode. Eg har fått sitt at alle lærarane ved leirskulen hadde sin måte å undervisa og hanskas med elevane på, noko som eg ser på som positivt. Eg har lært mykje om leirskule som alternativ undervisningsmetode, og eg har fått sjans til å bli kjent med elevane og lærarane ved Langeland skule samt klassesituasjonen deira. Eg gler meg til vidare samarbeid me desse i neste praksisperiode.

onsdag 26. september 2007

Observasjon


Observasjon er eit viktig tema no når me skal ut i praksis fyrste gongen, då det er observasjon som er hovudfokus under praksisen.

Observasjon er noko me alle driv med kvar dag, men me tenkjer ikkje over det. Eg er sikker på at dersom me set oss ned ein kveld og tenkjer over det me har opplevd i løpet av dagen, då meiner eg ikkje bare det opplagte, så set me igjen med ein del inntrykk å opplevingar som me ikkje var klar over. Det kan vera ting som kantinepersonellet gjorde, eller noko ein av personane på bussen gjorde, kva læraren gjekk kledd i og liknande. Med registrerer mykje meir i løpet av ein dag enn det me treng, og som regel går det rett i gløymeboka.

Som personar er me heilt avhengige av å kunna observera. Ta bare eit lite barn. Det lærar stadig vekk nye ting ved å observera og etterlikna andre personar. Observasjon er ein del av utviklinga vår. Dette står det meir om i læreboka Elevens verden.

Nå er det jo ei litt anna form for observasjon me ska driva med i praksis, men likevel er det ei form for observasjon som gjer at me lærar. Me skal observera elvane og lærarane. Kanskje er det aller viktigaste å observera samspelet mellom lærarane å elevane. Korleis fungerer det? Det er òg viktig å observera korleis gruppedynamikken i klassen er, og korleis læraren taklar eventuelle utfordringar. Det er ei viktig erfaring å ta med seg når me seinare skal undervisa klassen sjølv.

Eg føler eg har fått eit godt innblikk i observasjon, og det som er viktig å ta me seg ut i praksis.

Revidert 29.04.08.

Observasjon kan vera vikig i mange samanhengar. Dersom ein ser på observasjon i samband med meldeplikta vil ein sjå at det er utruleg viktig. Som lærar skal ein melde frå dersom ein trur det er noko som ikkje er heilt som det skal. Ein kan ikkje bare melda inn ein ting utan å ha grunnlag for deipåstandane ein kjem med. Det er derfor viktig at ein i byrjinga er flink til å observera slik at ein faktisk set at mistankane stemmer. Det kan òg vera lurt å loggføra det ein ser slik at ein lettare kan sjå tilbake på dei erfaringane ein har gjort seg. Dersom ein loggførar vil det kunne virke som eit slags "bevis" når ein skal leggja sakafram for andre.
Dersom ein ikkje meistrer kunsten å observera vil ein ikkje kunne oppdaga tilfelle som krev at ein skal melde frå. Det er derfor viktig at ein øver seg kvar dag på observasjon.

Læraren sitt mandat & mange oppgåver


Økta byrja med nokre sitat frå Inge Eidsvåg. Han er heilt klart ein engasjert mann med mykje kunnskap om det å vera lærar. Han seier blant anna ”Læreryrket er spesielt. Jeg vil gå så langt å si at det nesten handler om å ha et kall. Å være lærer handler om noe av det viktigste i et samfunn. Vi har påtatt oss å danne mennesker.” Det er utan tvil eit stort ansvar me tar på oss.
Vidare fekk me høyra om dei 10 boda til Inge Eidsvåg. Ut frå desse boda vil eg trekkje fram bod nummer 10 ”Du skal våga å vera lærar” som det viktigaste bodet. Etter mi meinig må dette bodet oppfyljast dersom ein skal klara å oppfylja dei andre 9 boda.

For mange lærarar er det viktig å vera populær. Men dette er vel ikkje særleg viktig? Det som er viktig er å ha omsorg for elevane sine. Visa eleven at dersom det skulle vera noko så kan eleven koma til læraren sin. Læraren er ein del av oppdraginga til eleven, og må på lik linje med foreldra tenkja på kva som er best for eleven. Det beste for eleven må vel vera å føla at nokon er glad i han, at nokon ser han og at han følar seg verdsett.
Læraren er den vaksne personen eleven ser mest av i løpet av ein dag. Læraren driv på mange måtar med eit omsorgsarbeid. Læraren skal sørgja for at eleven blir sett, ivareta elevens grunnleggjande behov, skapa eit godt klassemiljø, bidra i sosialiseringsprosessen og samarbeida og støtta foreldra. Som det står i læreboka Elevens verden er det tross alt foreldra som har hovudansvaret for borna. Så ein skal berre hjelpa og støtta foreldra i deira oppdraging, ikkje komma med eigne meiningar. Her kjem det me lærte om kommunikasjon og samarbeid inn som ein viktig faktor. Ein kan nok trekka inn element frå denne økta i mykje av det me har lært om i denne førelesninga.
Diktet til Dorothy Law Nolte ”Eit Barn…” er eit utruleg viktig dikt, som alle kan ha godt av å lesa. Det kan vera eit tips å gi foreldra dette diktet i byrjinga av skule året som eit grunnlag for vidare samarbeid.
Eg las i læreboka Didaktisk arbeid at de eleverfaringane me sjølv gjer gjennom skulegangen har stor betydning for korleis me sjølv utformar vår lærarrolle. Eg er derfor glad for at eg har hatt mange omsorgsfulle og snille lærarar.

Born har mange grunnleggjande behov. Nokre av desse behova er å ha nokon som bryr seg om det, kunna føla seg trygt, ha nok mat og klede, få nok søvn og å ha ein plass å bu. I nokre tilfelle kan eit barn mangle nokon av desse grunnleggjande behova, dette blir kalla omsorgssvikt. Det er ofte lærarens ansvar å oppfatta desse manglane, og som læraren er ein plikta til å gi beskjed. Dersom noko slikt skulle skje er det viktig å skrive ein logg på kva som gjer at ein får mistanke. Før ein går vidare til høgare instansar med saka kan det vera lurt å rådføra seg med ein kollega som kjenner barnet. Er begge einige om at noko bør gjerast kan det vera lurt å ta ein samtale med foreldra. Då bør ein velja sine ord med omhug, slik at ein får foreldra til å innsjå sjølv kva som er problemet. Kan ikkje saka løysast mellom foreldre å lærar må ein hendvenda seg til profesjonelle. Det er viktig å ikkje stilla noko diagnose sjølv. Det viktigaste i heile prosessen er at lojaliteten er retta mot barnet.
Eg tykkjer dette temaet er interessant, og ikkje minst viktig. Så eg håper me skal læra meir om det. Det kan nok bli ei utfordring for meg å ikkje skulle bli for involvert. Eg trur eg fort kunne engasjert meg for mykje i saka, og sjølve eleven. Det er nok ikkje bare lett å skulle stå halvvegs på sidelinja å sjå på at ein elev har det vondt. Dersom heimen skulle svikte er det viktig å be andre om hjelp. Det kan òg bli vanskeleg å ikkje leggja seg oppi foreldras måte å oppdra eleven på dersom eg skulle vera heilt ueinig. Men det er ei utfordring eg er klar til å ta. Håper og trur at lærarutdanninga kan gjera oss forberedt på dette.

Hovudansvaret til ein lærar er likevel undervisninga. Det er viktig at ein klarar å utarbeida gode årsplanar, halvårsplanar, månadsplanar og så vidare. Ein bør bruke tid på å setje seg godt inn i stoffet. Ein bør veta kva ting handlar om. Det er oftast travlast i byrjinga av året, og når ein er nyutdanna. Det kan vera lurt å alliera seg med ein lærar som har undervist ei stund, og som har gode planar for skuleåret. Då kan du bruka desse planane som grunnlag for ditt opplegg, samstundes som du kan gi læraren tips som du har plukka med deg gjennom lærarutdanninga.
Det kan jo vera lurt å ta ein kikk i læreboka Kvalitetsskolen då det er sett opp nokre nyttige og gode punkt for prinsipp for effektiv undervisning.
For meg kan det nok bli ei stor utfordring å skulle stå framføre ein klasse som nyutdanna lærar å skulle kunna alt. Men eg trøstar meg med at ein aldri blir ferdig utdanna lærar.

Dei 5 grunnleggjande dugleikar skal liggja til grunn for all opplæring i skulen. Eg tykkjer det er bra at punktet som omtalar bruk av digitale verktøy er med under desse 5 punkta, då det nettopp er digitale verktøy som er framtida.
I LK06 skal det vera lettare å få til tilpassa opplæring. Då ein kan setta opp måla for undervisninga sjølv på tvers av ulike klassetrinn. Men som me tok opp i timen. Kva då hvis ein elev flytter å må læra det same opp att, å dermed går glipp av viktig læring? Er LK06 for fri? Dette er eit tema eg håper me skal sjå nærare på og diskutera i klassen.
Det som er positivt med LK06 i forhold til LK97 er at i LK97 står det at læraren skal vera ein rettleiar som held seg i bakgrunnen, medan i LK06 skal læraren vera tydeleg og 100 prosent til stades.

Eg vil avslutta med eit lite sitat frå Inge Eidsvåg henta frå boka Den gode lærer: ”Den gode lærer kan antakelig aldri beskrives, bare oppleves.”

Revidert 29.04.08.

Den største utfordringa for meg som lærar trur eg blir å klara å sjå den enkelte elev godt nok. Det er mange elevar i ein klasse, og alle desse fortjener å bli sett lika godt. Som lærar skal ein behandla alle elevar likt, noko eg trur til tider kan vera vanskeleg. Det er derfor viktig å stadig ha det i bakhovudet, at ein skal behandla alle elevane likt.
Som lærar er ein med på oppdraginga til dei enkelete elevane, men det er framleis foreldra som har det største ansvaret. Eg trur det kan bli vanskeleg å ikkje bli for personleg involvert dersom eg er heilt ueinig i korleis foreldra vel å oppdra borna sine.
Ei anna stor utfordring er klasseleiing. Det er viktig å veta korleis ein ynskjer å ha det i ein klasse, og korleis ein vil framstå for elevane. Det er ikkje tvil om at elevane ser opp til deg som lærar, anten om det er på ein positiv eller negativ måte. Det er derfor viktig å vera obs på korleis elevane oppfatter ein som person. Eit anna viktig moment er i kor stor grad ein skal blanda seg inn med elevane. Eg er nok ein person som har null toleranse for mobbing, og i slike saker ville eg nok gripa inn ganske raskt. Det er enkelte ting elevane ikkje kan ha styring på heilt åleine tykkjer eg.

Det er heilt klart viktig å sjå for seg kva utfordringar ein kan møta som lærar ute i skulen, og prøva å ha svar på korleis ein vil takla dei ulike utfordringane før dei dukker opp.

torsdag 30. august 2007

Samarbeid og kommunikasjon


Då var endå ei pedagogikk økt over og eg sit igjen med mange inntrykk. Der var ei svært lærerik økt som tok for seg godt samarbeid og god kommunikasjon.

Det er svært viktig å kunna samarbeida når ein jobbar i skulen, då det er mange personar ein skal forholda seg til. Det er viktig for eleven at læraren samarbeidar og kommuniserer godt med alle dei ulike partane som verkar inn på elevens kvardag.
Det står i L97: ”Vi skal utvikle samarbeidande menneske.” Det er då lærarens ansvar, og er ein ikkje god på samarbeid sjølv, blir det fort vanskeleg å læra det frå seg til andre.
Som lærar skal ein kunna kommunisere godt med elevane, og det er viktig at ein tar seg tid til å kommunisera med den enkelte person på deira nivå. For å få god kontakt må læraren kjenna sine elevar. Ein må oppretta gode relasjonar til elevane. Det vil vera ei berande bru for vidare samarbeid. Som me kunne lesa om i ”elevens verden” så er det med omsorg for elevane svært viktig. Det står blant anna ”Det å kunne sette seg inn i elevens situasjon utgjør kanskje en av de viktigste forutsetningene for å kunne skape en undervisning som er meningsfylt for eleven.”

Kroppsspråk er ein viktig del av kommunikasjon. Det visste eg frå før, men eg ante ikkje at bare 30 prosent av kommunikasjonen består av det verbale og at heile 70 prosent består av det nonverbale. Det var heilt nytt for meg. Derfor tykkjer eg det var viktig at akkurat dette blei tatt opp så tidleg i semesteret, då det er viktig å ta det med seg når ein skal ut i praksis. Born er ofte mykje flinkare enn vaksne til å lesa kroppsspråk, og det er derfor viktig at ein til ei kvar tid er obs på sitt eige kroppsspråk når ein er ute i praksis. Eg kan jo gi eit eksempel på det. Dersom me tykkjer at det læraren underviser i er kjedelig, me kan det jo så godt frå før, er det viktig at me ikkje viser det med kroppsspråket vårt. Det kan fort skapa uro i klassen dersom elevane legg merke til holdninga vår.
Ein annan ting med kroppsspråk som eg tykkjer er viktig, og som ofte kan bli vanskelig, er når ein slett ikkje har kjemi med ein person. Då blir det ekstra vanskelig å skjula kva me eigentlig meiner. Det er her den gode pedagogen kjem inn. Ein god pedagog vil jobba for å skapa god kjemi, ikkje bare oversjå denne personen.
Karen Zimsen seier noko viktig om kroppsspråk. Ho seier blant anna at kroppsspråk er noko som alle registrerer, men det er få som tillegger det nok betydning. Og at dersom me blir meir bevisst på vårt eige kroppsspråk og kva signaler me sender ut, så blir me betre på å lesa andres kroppsspråk. Me må bruka sansane aktivt når me registrerer verda omkring oss.
Me kan aldri få 100 prosent kontroll på kroppsspråket vårt, men me kan trena oss til å bli betre på det.

Etter ei felles økt om dette temaet blei klassane delt og me skulle til me noko nytt. Me fekk sjå ein liten film snutt om kva me kunne venta oss. Det viste seg å bli miming. Det er ikkje til å leggja skjul på at eg elskar å spela fantasi, som er eit mime spel. Det var nokre artige påfunn Birgit hadde til kva me skulle mima, og det gav oss gode utfordringar. Kjempekjekt! Det er godt for klassen at me får øva oss på å stå opp framfor andre menneske. Det var jo og sjølvsagt ei god illustrering på kroppsspråk, då det berre var det me fekk bruka når me sto oppe framføre klassen.
Etterpå såg me ein film som tok opp temaet rundt kroppsspråk. Det var ein lærerik film, og eg tykkjer det var interessant å læra om korleis kroppsspråket blir brukt i ulike typar musikk for å forsterka eit poeng.

Før timen var slutt skulle me laga køyrereglar for praksisgruppa, og som me kunne lesa om i artikkelen til Kjetil Sander: ”Gruppens evne til å utvikle et passende rollesystem vil være avgjørende for dens suksess.” Var det jo viktig at me blei sett i gang til å lage nettopp desse køyrereglane.

Eg vil avslutta med å seia at eg lærte utruleg mykje av denne førelesninga, og eg er sikker på at me kjem til å læra mykje nyttig framover i pedagogikken. Eg gler meg til å forsetta.

Revidert 29.04.08.

Tenkte eg kunne leggja ut køyrereglane som eg laga saman med gruppa mi:

- Arbeidsfordelinga skal vera lik.

- Me skal vera ærlige med kvarandre.

- Det skal vera likestilling i gruppa.

- 1 fast studiedag i veka.

- Det skal vera ein kontaktperson, denne oppgåven skal me bytta på.

Me blei fort einige om desse køyrereglane. I løpet av året har ikkje eg tenkt noko på desse reglane. Reglane om likestilling, ærlighet og arbeidsfordeling har fungert ganske bra. Men regelen om 1 fast studiedag i veka har me ikkje overholdt. Me har heller hatt studiedagar etter behov, nokre veker fleire dagar, andre veker ingen. Regelen om ein kontaktperson har heller ikkje blitt tatt i bruk, me fungerte alle som kontaktperson alt etter behov.

Då me byrja var me 4 i gruppa, men Camilla fant dessverre ut at ho ville slutta. Så då var me bare 3 igjen, eg, Bertin og Ane.
Eg tykkjer me har fungert kjempe godt som gruppe. Me er alle personar med sterke meiningar, men me har ennå ikkje hatt nokon konflikt av stor grad. Me har hatt eit godt samarbeid, og me har blitt godt kjent. Eg kjem til å savna gruppa mi til neste år!

Takk for eit kjempe år folkens! :)

onsdag 29. august 2007

Ein lærar eg hugsar godt

Då eg byrja på ungdomsskulen var alt nytt og spannande. Eg kom frå ein liten barneskule med berre 12 elevar, til ein stor ungdomskule med over 90 elevar. Berre tanken på alle elevane var skummel.
Det fyrste året var prega av mykje uro og mobbing i klassane. Så etter enda 8 klasse blei klassane splitta opp, og alle kom i nye klassar. Eg hamna i B klassen, og læraren me skulle ha hadde våre i pappapermisjon eit år. Det var ingen av oss som hadde sett han før. Med tanke på alt som hadde skjedd året før var ikkje iveren etter å byrja på skulen att akkurat stor.
Fyrste skuledag etter ferien var utruleg spanande. Læraren me skulle ha viste seg å ver ein mann i begynninga av 40 åra, han heite Dag.

Dag var ein mann med mykje kunnskap. Han visste det meste om det meste, og han kunne læra det frå seg.
I pedagogikken har me snakka om at når ein i dag skal undervisa ein klasse skal man treffe alle borna og alle dei ulike behova dei har. Dag var etter mi meinig forut for si tid. Han underviste oss på ein måte som gjorde at alle fann sin plass. Han kunne blant anna seia til klassen at dei som trengte å snakka om emne kunne gå på eit grupperom, dei som ville ha ro kunne gå på eit anna rom og dei som trengte hjelp frå han kunne bli i klasserommet. Det gjorde at alle kunne finna ein plass som passa for dei. Han kunne og gi elevane ulik mengde leksa. Hadde me for eksempel jobba me oppgåver i ein time gav han dei som var ferdige med alle oppgåvene noko ekstra å jobba med heime, medan dei som sleit litt trengte bare å gjera ferdig det som skulle gjerast i timen og dei som ikkje brukte timen effektivt måtte gjera ferdig oppgåvene, pluss litt ekstra arbeid.
Han var flink til å setja oss i gang med diskusjonar, og han kunne ofte dela klassen i grupper og bestemma kva gruppa skulle meine. På den måten blei me tvinga til å sjå ei sak frå nye sider.

Dag var ein streng lærar, men på ein slik måte som gjorde at me fekk respekt for han. Han var rettferdig med alle, og han såg at alle ikkje har like behov og at alle ikkje kan behandlas 100 prosent likt. Han var flink til å jobba med klassemiljøet, og det førte fram. Me var den klassen på skulen som hadde best klassemiljø. Alle kunne snakka med kvarandre og jobba saman. Det var ingen som fnøys med nasen når me blei satt i grupper.

Eg tykkjer namnet Dag passar så godt på læraren vår då han gav oss ei føling av at det alltid kjem ein ny dag. Går det ikkje så bra i dag, kjem det ein ny dag i morgon.

tirsdag 28. august 2007

Kvifor HSH

Grunnen til at eg valte HSH er i hovudsak at eg har høyrt mykje bra om skulen. Universitetet i Stavanger, der eg kjem frå, har ikkje så godt rykte på seg når det gjeld lærar linja. Eg har ei veninne som er ferdig utdanna lærar, og ho gjekk 3 år i Bergen og 1 år her på Stord. Ho seier ho lærte meir det eine året på Stord, enn dei 3 åra i Bergen.
Ein annan grunn er at eg ville vekk frå alt det gamle, stifta nytt bekjentskap og få nye opplevingar. Samtidig ville eg ikkje for langt vekk frå kjærasten min. Då var Stord eit godt alternativ.
Studentlivet skal heller ikkje vera så verst her på Stord, har eg høyrt. ;p

mandag 27. august 2007

Kvifor lærar

Grunnane til at eg vil bli lærar er mange. Eg har alltid visst at eg vil jobba med menneske, og det får ein absolutt gjera når ein er lærar.
Eg tykkjer det er spanande å fylgja med på den enorme utviklinga born faktisk går gjennom. Eg har jobba halvanna år i barnehage, og der fekk eg eit godt innblikk i nettopp dette. Det var mykje på grunn av den jobben eg bestemte meg for å bli lærar.
Ein annan grunn er at eg ynskjer å utretta noko i løpet av livet, setje eit slaks spor etter meg. Det er dette som gir meg motivasjon til å i alle fall prøva å bli den gode læraren. Ein av dei personane som har sett store spor etter seg i mitt liv er ein av dei lærarane eg har hatt. Han var ein utruleg flink lærar som eg lærte mykje av.
I læraryrket møter du mange utfordringar, ingen dagar er like. Det passar meg fint, då eg likar at ting skjer rundt meg. Det er ei stor utfordring og eit stort ansvar å skulle læra born ikkje berre fag, men og om sjølve livet. Her er det sjølvsagt ei, på mange måtar, usynleg linje mellom kva som er jobb og kva som er privatliv. Som lærar må ein kunna by på seg sjølv, noko som ein oftast får mykje igjen for.
Det er heller ikkje å nekta for at all ferien er eit pluss. Håpar berre at den vil forsetta å vera der i framtida. :)

torsdag 23. august 2007

Tankar om pedagogikkfaget

Pedagogikk er noko heilt nytt for meg, men allereie no har eg forstått at det er eit viktig fag. Det er eit fag ein vil få bruk for i alle dei andre faga ein har, og som ein vil få bruk for når ein skal ut å undevisa sjølv.
Etter innføringa i faget som me fekk av Aashild sit eg på mange måtar igjen med like mange spørsmål som før dei timane. Men no er det spørsmål om ulike ting innanfor pedagogikken, og ikkje kva pedagogikk er. Det er mykje ein skal setja seg inn i, men eg er ikkje i tvil om at for å bli ein god lærar må ein kunna mykje om pedagogikk.
Det er nokk eit tungt fag, då det er mykje ein må kunna innanfor diverse område. Det gjeld nokk å følgja godt med i desse timane. Eg trur og det kan vera lurt å setja seg inn i stoffet me skal ha før ein møter opp til førelesning.
Med mykje nye ord og uttrykk kan det nokk vera lurt å skaffa seg den ordboka som Aashild snakka om. I alle fall for min del. :)
Eg gler meg til å setja i gong med faget og eg vonar at denne tida på Stord skal gi meg eit dytt i riktig retnig av å bli den gode læraren.

Blogging

Blogging er noko som eg personleg ikkje har vore borti før, så eg trur det kjem til å bli både interessant og lærerikt. Det kjem nokk til å ta litt tid før eg kjem inn i korleis det verkar, men når eg finn ut av det kjem eg nokk til å bli ein ivrig bloggar. No verkar det heile litt skummelt og uoverkommeleg. Det fyrste eg tenkte når me blei introdusert for blogging var: blogging kvar veka?! Det verkar mykje, men etterkvart vil det nokk bli ei rutine på det.
Eg gler meg i alle fall til å koma i gang. :)

søndag 19. august 2007

Om meg

Hei!

Eg heiter Tone Helen Haugland, er 21 år og kjem fra Klepp på Jæren.

Der har eg budd saman med mine foreldre og min bror.

Det siste halvanna året har eg budd saman med kjærasten min Yngve i Vikedal, saman med hunden vår Kåre.
Då jobba eg i Vats barnehage som assisten.




Kåre gutten min :)

Bak meg har eg 3 år på allmennlinja på Sandnes VGS.

Eg liker å driva på med idrett, spesiellt fotball, vera med vener og høyra på musikk.