
Me har lært mykje om digitale verktøy i denne perioden og det er bra. Eg trur det er viktig å få masse idear og kunnskapar om dette før me skal ut å undervisa. Det blir stadig satsa meir på IKT i skulen og det er derfor viktig at me kjenner til mange ulike måtar å benytta oss av desse ressursane på.
Det eg stiller meg litt kritisk til er nytten av alt me gjorde, men dette er nok heilt individuelt då folk på trinnet har så ulike forutsetningar for kva ein kan og ikkje kan. Kanskje dei timane med bruken av digitalt verktøy burde våre frivillig, då me allikavel jobba så pass for oss sjølv.
Me har lagt ein samansett tekst ut frå ei sjølvvald barnebok. Dette var kjempe interessant og her fekk me bruka den kunnskapen me har lært om digitale verktøy.

Revidert 29.04.08. Når me skulle laga den samansette teksten valte me å bruka Windows Movie Maker. Eg laga teksten min saman med Ane, og me hadde begge våre litt borti dette programmet frå før av. Me valte ei litt utradisjonell bok når me skulle laga den samansatte teksten. Ei bok som er ganske ny og som er skriven av ein norsk forfattar. Boka heiter "Svart kalv @ kvit snø", av Hans Sande.
Me fekk ikkje moglegheit til å visa den samansette teksten i praksis, noko som var litt dumt. Det var rett og slett ikkje tid til det. Det var så mykje anna som skulle skje når me var i praksis.
Me har våre 2 dagar i praksis for å læra om IKT i skulen. Den fyrste dagen var ikkje så lærerik for min del då me hadde sett det dei gjorde frå før, men den andre dagen var svært lærerik. Dette var mykje på grunn av at vårt opplegg ikkje gjekk heilt som det skulle :) Eg tykkjer det var lærerikt å knytta temaet opp mot praksis, då det er lettare å fortså når ein ikkje berre ser det på papiret.
Revidert 29.04.08.
Når me var i praksisperiode 3 hadde me stort fokus på bruken av IKT. Det var mykje av det me planla som ikkje gjekk slik det skulle. For ikkje å gjenta meg sjølv, er det mulig å lesa meir om dette i innlegget frå praksisperiode 3.
Eg trur det er viktig at me ikkje gir opp bruken av IKT for det om me møter ein del motstand. Eg har tru på at det bare vil bli betre og betre. Elevane i dag veks opp i eit samfunn aom er prega av IKT, og det er derfor viktig at dei har god kjennskap til dette.
2 kommentarer:
Hei Tone Helen!
Interessant innlegg du har skrevet om barn og nye medier. Jeg er helt enig med deg, spesielt det du skriver om nettvett. Utrolig hvor sleipe folk kan være, og hvor lett det er å bli lurt! Skummelt rett og slett.
Jeg syntes også det var bra at vi fikk brukt det vi lærte om barn og nye medier i punktpraksisen. Når er det jo ikke lenge til neste praksisperiode, har du/dere tenkt å ha fokus på IKT da også?
Hilsen Maria.
Hei hei!
Off, ja det kan du sei. Dette med chatting har vist seg å vera ganske skummelt i nokre tilfelle. Det er ekkelt å tenkje på at det kan sitje gamle mannfolk foran PC`en heime, å lokkje til seg små jenter... Godt at elevane blir informerte om nettvett!
Eg savnar ein del innlegg frå deg i bloggen din! Så her må du ta i eit skippertak! =) Betre seint enn aldri seier berre eg...
Har vært på gruppe med deg dei to siste gongene i pedagogikken med åshild, du virker som ei super jenta=)
Stå på, så kjem nok innlegga rasande inn på rekkje og rad!
Cathrine A1b
Legg inn en kommentar