mandag 28. april 2008

Motivasjon

Omgrepet motivasjon vert ofte definert som Det som forårsaker aktivitet hos individet, det som holder denne aktiviteten ved like, og det som gir den mål og mening (Imsen, 2005:375).

Motivasjon er ein viktig faktor i skulen. Som lærar må ein være bevisst på korleis ein opptrer i klasserommet, og korleis ein behandlar elevane. Det er læraren sin jobb å motivere og engasjere elevane. Det er ikkje dermed sagt at elevane ikkje har noko ansvar for eigen motivasjon, for det har dei. Men læraren er ein stor og viktig del av motiveringsprosessen.

Under førelesinga fekk me høyra om eit prosjekt kalla ”Pygmalion in the classroom”. Gjennom dette prosjektet fekk ein sjå nettopp kor viktig læraren si innstilling er.
Eg tykkjer det er litt skremmande å tenkja på kor stort ansvar me som framtidige lærarar faktisk har. Som lærar skal ein behandla alle elevar på lik linje, men det er ikkje alltid lika lett. Dersom en prøver å vera bevisst på sine eigne haldningar frå dag ein, trur eg det er lettare å opptre profesjonelt overfor alle elevane. Dersom en jobbar med eigne tankar og følelsar, og tørr å vera åpen mot seg sjølv om dette, er der nok lettare å behandla alle elevane likt.

Under denne førelesinga snakka me i hovudsak om indre- og ytre motivasjon.
Indre motivasjon er dersom ein person utfører ein aktivitet grunna interesse for sjølve aktiviteten, og aktiviteten i seg sjølv er belønning nok.
Ytre motivasjon er dersom ein person gjer ein aktivitet for å få ei belønning, er redd for å få straff eller føler plikt til å gjera aktiviteten.

Det er nok ytre motivasjon som driv dei fleste elevane i skulen, og det er foreldra, medelevar og lærarane som er med å driv denne motivasjonen. Det ville nok våre mykje heldigare for elevane dersom det vart eit auka fokus på indre motivasjon. Indre motivasjon gir elevane ein naturleg drivkraft til å jobba med dei ulike aktivitetane i skulen.

I følgje Imsen er det tre ulike måtar å forstå motivasjon på.

Behavioristisk perspektiv: Legg stor vekt på belønning og straff. Meiner at karaktersystemet i skulen er den største motivasjons faktoren hos elevane. Altså er den ytre motivasjonen størst. For å skapa motivasjon ut frå dette perspektivet kan ein avslutta timen med ein kjekk aktivitet som ”Simon says”, dersom elevane jobber godt gjennom heile timen.

Kognitivt perspektiv: Legg vekt på korleis tankane våre styrer motivasjonen. Legg til grunn at menneske er meiningssøkande. Her vil motivasjonen vera avhengig av korleis eleven tenkjer om seg sjølv, sine evner og om verdien av målet. Altså er den indre motivasjonen størst.
Dersom ein skal skapa motivasjon ut frå dette perspektivet kan ein for eksempel gje elevane ei oppgåve der dei skal jobba med noko som interesserar nettopp dei. For eksempel ein stil i norsk der dei skriv om eit eige valt tema.

Humanistisk perspektiv: Legg vekt på at menneske er sjølvstendig og fridomssøkjande. Alle sider ved eleven kan bidra til å skape motivasjon, både tankar, følelsar og oppfatningar av omverdenen. Altså er den indre motivasjonen størst.
Her ser me at dei grunnleggjande behova må vera dekka for at elevane skal klare å motivera seg. Ein måte å få til dette på er å skapa trivsel i klasserommet og på skulen.
Den mest kjente teorien under dette perspektivet er Maslows teori om hierarkiske behov.

Maslows teori om hierarkiske behov byggjer på at ingen behov kan isolerast frå kvarandre. For å understreka dette har Maslow utvikla ein behovaspyramide som består av 5 nivå. Alle desse nivåa byggjer på kvarandre og dei må sjåast i samanheng. Dei grunnleggjande behova må vera dekka før ein kan byrja på neste.

Motivasjon er eit viktig tema i skulen, og eg tykkjer det er viktig å setja fokus på elevane sin indre motivasjon. Som lærar ynskjer eg å ha fokus på dette temaet, og eg håper me skal læra meir om dette seinare ein gong.

Ingen kommentarer: