mandag 28. april 2008

Ynskjeøkt (spesialpedagogikk)

Eg var ikkje med på denne undervisningsøkta, og når eg nå skulle inn i kikka på førelesningen på fronter ville ho ikkje komma opp. Eg fekk berre ein blank skjerm. Derfor er det ikkje så lett for meg å seia noko om denne økta, då eg ikkje heilt veit kva ho dreide seg om. Eg vil allikevel prøve å seia litt om mine tankar kring spesialpedagogikk.

Spesialundervisning er eit viktig tema i skulen, og det er nok mange læarar som manglar kompetanse innanfor dette feltet.
I følge opplæringslova har elever som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av den ordinære undervisninga, krav på spesialundervisning. Dette krev ekstra ressurser, både pedagogisk, personalmessig og materielt. Det er ingen ukjent sak at skulane i dag har lite å rutte med når det gjelder ekstra ressurser, og dette går ofte ut over elever som trenger ekstra oppfølging.

Elevar som treng spesialundervisning treng ofte pedagoger som er utdanna innanfor dei aktuelle felta, men det betyr ikkje at allmennlærarane ikkje treng å veta noko om dette området. Det er ofte dei som skal fanga opp om ein elev treng spesialundervisning, og til meir ein veit om emnet til lettare er det å fanga opp dei ulike teikna.

Spesialpedagogikk er eit interessant tema, og det var nok ei økt som var verdt å få med seg. Eg håper me skal innom dette temaet igjen ved ei seinare anledning.

Ingen kommentarer: