
I løpet av skuleåret har me våre inne på mange ulike tema, og pensumet har våre ganske stort. Det er ikkje tvil om at blogginga har våre me på å hjelpa og setja ting på plass etter kvart. Eg for min del har ikkje våre så flink til å blogga med jevne mellomrom, så det har blitt nokre skippertak. Eg føler likevel at eg har lært mykje av denne metoden. Den ”tvinger” oss til å gå gjennom stoffet på ny, og til å reflektera over det. Me har måtta jobba mykje me alle dei ulike temaene for å kunna komma med noko nyttig i bloggen.
Tilbakemeldingane eg fekk av Birgit har våre til stor hjelp nå i sluttfasen. Eg tykkjer ho er meir en god som har gitt alle ei så grundig tilbakemelding.
Undervisninga og oppgåvene har våre varierte, engasjerande og i tråd med pensum. Det er liten tvil om at faglærarane brenn for yrket sitt, og at dei vil det besta for oss studentar. Me har fått sjå at lærarane har sett teori ut i praksis.
Eit godt eksempel på dette er IKT. I kunnskapsløftet er det komt inn eit punkt om dei 5 dugleikane. Dette har me våre inne på ved fleire annledningar, og IKT som ein grunnleggjande dugleik har me snakka mykje om. Me har hatt fleire ulike emne som har omhandla IKT i løpet av året. Det største emnet var nok perioden med ”Born og nye medium”. Det var veldig lærerikt, og økta om nettvett gav meg litt av ein tankevekkar. Det er mykje skummelt ein kan møta ute i den digitale verden, og det er viktig at me tar forhåndsreglar før me hiv oss utpå. Som lærar vil eg fokusera på nettvett reglar, og prøva å skapa eit godt samarbeid med heimen i forhold til dette.
Ellers var me innom animasjon, redigering av bilete og samansett tekst. Alt dette er ting me kan dra me oss vidare ut i skulen. Eg trur det er viktig at me som nyutdanna lærarar engasjerer elevane i bruken av IKT. Dagens samfunn blir stadig meir prega av IKT, og det er viktig at elevane heng med i svingane.
Dersom eg skal seia noko spesielt om oppgåvene me har hatt vil eg trekka fram oppgåva om motivasjon. Dette er ei sentral oppgåve som tar opp ting me mest sannsynlig vil møta ute i skulen. For meg var denne oppgåva viktig, då eg måtte setta teorien ut i praksis for å klara å komma me ei løysing. I tillegg vil eg leggja til at mattematikk og pedagogikk oppgåva tok litt for mykje fokus vekk frå praksisperioden me skulle ut i. For mange, inkludert meg, var dette den fyrste store oppgåva som skulle skrivast og usikkerheten var derfor ganske stor. Ellers har oppgåvene som sagt våre relevante i forhold til faginnholdet. Eg har lært noko av alle oppgåvene som eg kan ta me meg vidare ut i læraryrket.
Dette skuleåret har me våre ute i praksis tri gonger. Det har våre både lærerikt og kjekt. Eg kan utan tvil seia at det er i praksis eg har lært mest. Det er først når me får komma ut i praksis at me får sjå korleis skulekvardagen eigentlig er. Når me sitt på høgskulen og får servert teorien verkar alt så lett. Det er alltid eit svar på alt. Men når me kjem ut i skulen får me sjå at det ikkje er lika rosenrødt som teorien vil ha det til. Det er mange ting som spelar inn under dette. Eksempel på det kan vera ressurser, samarbeid mellom skule og heimen, samarbeidet mellom ansatte på skulen og liknande.
Eg skulle ønska me fekk vera i meir praksis en det me faktisk er. Men kven veit, kanskje ein dag…
I løpet av skuleåret har eg danna meg eit pedagogisk grunnsyn. Dette har eg danna meg dels gjennom undervisning, praksis, blogging og oppgåveskriving. Spesielt mattematikk og pedagogikk oppgåva fekk tankane mine i gang rundt dette temaet.
Eg kan ikkje seia at eg har eit bestemt grunnsyn, men eg heller nok mest over på sosiokulturelt syn. Dette synet byggjer på at læring skjer i eit sosialt samspel mellom menneske, og ikkje som ein individuell prosess. Det blir lagt vekt på at læring er ein kontinuerlig prosess som skjer heile livet, og at språket er vår viktigaste reiskap for tilegnelse av kunnskap. Vygotskys teori om den proksimale utviklingssona er for meg eit viktig utgangspunkt. Eg har trur på at alle barn kan komme lengre dersom det er ein som kan hjelpa dei på vegen mot ny kunnskap. Eg trur det er viktig at barn lærar å samarbeida allereie i ung alder, og barnehagen er kanskje det første steget og ta?
Sosiokulturell teori baserar mange av tankane sine på det konstruktivistiske perspektivet, og inn under dette synet finn me teoretikaren Dewey. Eg er einig i hans tankegang om ”learning by doing”, altså læring gjennom aktivitet.
Då me var ute i praksis andre gongen fekk eg eit godt eksempel på at teoriane til Vygotsky og Dewey stemmer. Me hadde lagt eit opplegg som på mange måtar baserer seg på desse teoriane. Me hadde om geometri, og gjennom samarbeid og praktisk aktivitet klarte elevane å komma fram til ulike begrep innanfor geometri og parallellforskyving.
Grunnsynet mitt er stadig litt i endring, men eg er sikker på at eg ein dag har mitt heilt eige grunnsyn som eg kan stå inne for eit hundre prosent!
Eit viktig tema dette skuleåret har våre lærarrolla. Eg har prøvd å danna meg eit bilde av korleis eg ser for meg lærarrolla mi, men det er vanskelig. For meg er nok det aller viktigaste å sjå den enkelte elev. Det er elevane som er dei viktigaste i skulen, og for å få ein god skulekvardag er det viktig at elevane føler seg verdsett. Som lærar ynskjer eg å få til ein god og ærlig kontakt med elevane. Gjennom arbeidet med oppgåva om ”Mons” fekk me sjå kor viktig det er med motivasjon, og kor vanskelig det kan vera å få dette til. Eg har lært mykje om dette med motivasjon, men eg føler fortsatt at det er mykje å ta tak i.
For å skapa eit godt læringsmiljø er det viktig å få til eit godt klassemiljø. Som lærar vil eg heilt klart jobba mykje med dette.
Det er mange ting som er vanskelig i forbindelse med læraryrket, og planlegging er heilt klart ein av desse. Gjennom praksis har me fått prøva oss på dette, og eg lærte mykje om planlegging i desse periodane. God planlegging er viktig for å få til god undervisning. Eg meiner at ein ikkje må undervurdera kor viktig planlegging faktisk er. Ute i praksis har eg blant anna fått oppleva kor viktig det er å ha ein plan B. Det er ikkje læraren, men elevane det går utover dersom ein ikkje har forberedt seg godt nok til ein time.
Eit anna viktig punkt er dette med tilpassa opplæring og spesialundervisning. Det er ikkje lett å få til noko av dette med dei få ressursane som er ute i skulen. Dersom ein har ein klasse på 25 – 30 elevar seier det seg sjølv at det blir lita tid til kvar enkelt elev. Dersom ein har elevar i klassen som treng spesiell oppfølging er det viktig at dei får den hjelpa dei treng og har krav på. Som lærar kan eit slikt valg vera vanskelig, og eg meiner derfor at ein ikkje bør vera redd for å benytta seg av dei hjelpemiddla som finns.
Dersom eg ser tilbake på året som har gått sitt eg igjen med mange følelsar. Det har

Me har hatt ei formativ vurdering gjennom heile året, dette tykkjer eg er positivt. Det har gitt oss ein muligheit til å læra og forbetra oss underveis.
Til slutt vil eg takka alle for eit kjekt og lærerikt år!!!
1 kommentar:
Takk for i år, Tone Helen...
Det har vore kjekt å bli betre kjend med deg...
Birgit :-)
Legg inn en kommentar