
I følgje Imsen skal skulen meir en å berre formidla kunnskapar. Dei skal bidra til ein allsidig personlighetsutvikling hos eleven. Skulen skal utvikle både ”hode, hjertet og hender”.
Når ein snakkar om sjølvbilete kan det vera lett å tenkja på sjølvtillit. Men desse to begrepa er ikkje dei same. Sjølbilete handlar om kva eleven tenkjer og føler om seg sjølv, uavhengig av kva han presterer. Det dreier deg altså om heile personen. Sjølvtillit er meit avgrensa til enkelte område. Ein elev kan ha høg sjølvtillit i matematikk, men låg sjølvtillit når det kjem til norsk. Her spelar prestasjonane eleven gjer inn.
Dersom ein byggjer opp om sjølvtilliten til ein elev, vil sjølvbilete òg bli betre.
Eg trur det er viktig at ein i skulen fokuserar på at alle er forskjellige, og at det er ikkje er lov å dømma nokon for det om dei er litt annleis en oss sjølv. Det er viktig å skapa rom for at kvar enkelt kan vera seg sjølv. Det er viktig å få til eit godt læringsmiljø som gir rom for å gjera feil.
Som lærar er det viktig å fokusere på dei positive sidene til elevane. Alle elevar

må få lov til å utvikle seg individuelt, ingen er like. Det er viktig å gi elevane tru på seg sjølv, og på kva dei kan oppnå.
Det er ting rundt oss som påverkar oss til dei me er. Det er derfor viktig at ein som lærar ikkje dømmer nokon av elevane, men lar alle få vera akkurat den dei er.
I følge Imsen er attribusjonsteori korleis eit individ opplever årsaka til eiga åtferd, og korleis ulike hendingar påverkar sjølvbilete.
Attribusjonsteori byggjer på indre- og ytre å årsaksforklaring. Indre årsaksforklaring er når eit individ tek ansvaret på seg sjølv. Ytre årsaksforklaring er når eit individ skuldar på andre personar eller tilfeldigheitar.
Eg trur det er viktig å ha fokus på sjølvbilete i skulen, og for at elevane skal få det så godt som dei kan bør skulen ha eit godt samarbeid med heimen. Slik at alle ”drar” eleven i same retning.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar