mandag 28. april 2008

Skulefrukost på Børtveit


Dette var ei kjekk avslutning på eit kjekt skuleår. Det var meir en nok av brød, pålegg, frukt og drikke så det var bare til å ”hiva innpå”. :) Det var ikkje rare plassen på Børtveit, men det gjorde bare at stemninga vart koselig og intim. Me satt alle å prata om laust å fast, og me var vell alle einige om at Birgit har våre ein fantastisk lærar for oss gjennom skuleåret. Ho har våre flink til å rettleia oss gjennom formativ vurdering, noko eg har sett stor pris på. Ho er engasjert i det ho driv me, og det engasjemange smittar over på oss andre. Ho viser oss korleis me kan setja teorien ut i praksis.
Så takk for all innsatsen Birgit! :)

Me fekk òg nytta sjangsen til å få litt informasjon om eksamen. Det er skremmande å tenkja på kor nærme me faktiske er eksamen.

Etter frukosten gjekk me for å sjå dei samansette tekstane. Det var både spanande og lærerikt å sjå dei ulike samansette tekstane. Alle hadde våre veldig kreative og flinke. Eg og Ane hadde ikkje fått vår tekst heilt ferdig, så me måtte visa den gamle utgåva. Den nye utgåva er nokre hakk betre tykkjer i alle fall eg.

Det er litt trist å tenka på at me er ferdige med pedagogikk for i år. Det har våre eit spanande år, og eg har lært mykje.

Takk for i år alle saman!!!

Ingen kommentarer: