I denne økta skulle me læra om rettleiing og vurdering. Hovudfokuset låg på vurdering, men eg skulle ønskja at hovudfokuset låg på rettleiing. Dette fordi elevane treng god og åpen rettleiing for å kunna strekka seg vidare. Dersom ein ser det i eit sosiokulturelt perspektiv vil elevane vera avhengige av god rettleiing for å kunne utvikla seg. Dersom ein elev skal nå det neste nivået i den proksimale utviklingssona må han/ho bli rettleia på vegen dit.
Som lærar skal ein kunna rettleia elevane til å bli betre, for å klara det må ein kunna vurdera elevane. Derfor heng desser begrepa godt saman.
For å få til god rettleiing er det viktig at lærar og elev har ein god dialog og at dei har eit godt tillitsforhold.
Som rettleiar skal ein vera utforskande med den som vart rettleia, ein skal stilla dei gode spørsmåla, ein skal gje råd og ein skal korrigera. Det er viktig at ein til ei kvar tid er konstruktiv når ein rettleiar, og ein må aldri samanlikna elevane med kvarandre. Alle elevar er ulike, og har derfor krav på ulik rettleiing. Eg trur muntleg rettleiing er betre en skriftlig, då ein oppnår ein mykje betre dialog gjennom ein muntleg samtale.
Eg trur det er viktig å ha minst ein positiv ting å seia til kvar negative ting, slik at det positive veg opp for det negative. Det er viktig at det er mest positivt, og at det positive er ekte. Dersom den som rettleiar seier noko han/ho ikkje meiner, kan det som skulle vera positivt fort bli til noko negativt.
Vurdering er ei viktig, men vanskelig oppgåve for ein lærar. Som lærar bør ein ha

Eg tykkjer det er bra at me har slike styringsdokument, og at dei er så pass detaljerte, for da blir det kanskje mindre forskjellar frå skule til skule. Vurderingskriteria bør vera like over heile landet meiner eg. Det skal ikkje ha noko å seie om du kjem frå nord- eller sør Norge, vurderinga må vera lik.
I denne økta var me innom to ulike typar vurdering, formativ og summativ.
Formativ vurdering er underveisvurdering. Her blir elevane vurdert etter kvart i læringsprosessen. Eksempel på slik vurdering kan vera karakter på ein prøve midt i skuleåret.
Summativ vurdering er sluttvurdering. Her blir ikkje elevane vurdert før heilt i slutten av læringsprosessen. Eksempel på slik vurdering kan vera avsluttande eksamen i slutten av skuleåret.
Eg tykkjer formativ vurdering er den beste måten, for då veit elevane til ei kvar tid korleis dei ligg ann. Dei har då moglegheit til å jobba meir med eit fag dersom dei ikkje er nøgde med korleis dei ligg ann.
I forrige økt hadde me om tilpassa opplæring. For å få til god tilpassa opplæring er det grunnleggjande at ein som lærar viser god evne til vurdering. Det er derfor viktig å veta at ikkje alle elevar treng å vurderast likt. I følge Roar Engh m.fl. er grunntanken at et mangfold av elevforutsetninger fordrer et mangfold av vurderingsformer.
Men det er viktig å huske på at det må liggja noko til grunn for ulik vurdering, det er ikkje lov å gi ein elev god karakter bare grunna god innsats.
I denne økta hadde med ei gruppeoppgåve der me skulle vurdera ein elevtekst. Då fekk me sjå koss vanskeleg det er å vurdera. Men det var ei spennande oppgåve, der me fekk prøva ut det me nettopp hadde lært. Me var fleire om å vurdera elevteksten, og det hjalp i alle fall meg. Eg trur det er viktig, òg i skulekvardagen, å kunna be medarbeidera om hjelp. Det bør vera rom for å hjelpa kvarandre ute i arbeidslivet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar