I løpet av desse tri vekene har me våre innom mykje forskjellig. Blant anna songstund m/ 1. klasse, rikskonsert og solidaritetsdag.
I tillegg til alt dette var det meir som skulle skje i vår klasse.


Då me skulle jobba med dette temaet på internett var det mange ting som kom i vegen, og det var ikkje berre ein gong me måtte pakka vekk pc-ane igjen og gjera eit alternativt opplegg. Ein dag rusta kommunen opp nettet på skulen, men dei hadde ikkje gitt beskjed til skulen om at nettet kom til å vera vekke heile dagen. Etter at nettet var rusta opp måtte alle pc-ane på skulen oppgraderast for å takla det nya nettet, dette ga heller ikkje kommunen beskjed om.
Det er ikkje lett å få skuledagen til å gli perfekt av gårde, men det blir ikkje lettare av at dei offentlige anstaltane ikkje samarbeider. Det skal ikkje meir en ein e-post til for å unngå slike situasjonar.
I tillegg til dette hadde Bertin laga eit opplegg i norsk der han skulle bruke

IKT i skulen er heilt klart ein fordel, men det er kun så lenge det fungerer som det skal. I løpet av denne praksisperioden har me fått sett skyggesidene av dette meir en ein gong. Det frarøver elevane verdigfull tid når det ikkje fungerar som det skal.
Til kvar veke hadde me laga ein plan for korleis veka skulle sjå ut, men det var ikkje ei veke som blei slik me hadde planlagt. Det var stadig nye ting som skulle inn i vekeplanen. Det er heilt klart kjekt med ein variert skuledag, men i denne praksisperioden var det kanskje litt i overkant mykje som skulle skje. Men me har fått erfart at ein som lærar må vera fleksibel, og ikkje vera heilt låst i korleis ein vil leggja opp dagane.
I tillegg til vekeplanane laga me lekseplanar og målprøvar, og me fylte ut diamantskjema til dei ulike undervisningsøktene. Eg har lært mykje om planlegging i denne praksisperioden, og ein kan ikkje få sagt nok gonger kor viktig det er å vera godt forberedt til timane.
I denne perioden har me jobba meir individulet en me gjorde i forrige praksisperiode, det har vært lærerikt å ha meir ansvar aleine.
Også denne perioden hadde me veiledning etter kvar dag, dette var veldig nyttig. Eg føler me fekk ein god dialog med våre praksislærarar, og me fikk mange lærerike og konstruktive tilbakemeldingar.
Eg ønskjer meg ein jobb der eg møter utfordringar og der ingen dagar er heilt like. I skulen vil eg seie ein møter utfordringar på mange ulike plan. Det er heller aldri ein dag som er lik. Som lærar tykkjer eg ein får bruke alle sider av seg sjølv.
I denne praksisperioden ville eg prøva vera litt oppmerksom på korleis eg brukar stemmen i klasserommet. For ikkje å slita ut stemmebåndet er det viktig å ikkje snakka for mykje med høg stemme.
Eg ville prøva å få det heilt roleg i klassen før eg ga nokon beskjedar. Dette er vanskelegare en ein skulle tru. Eg tok meg sjølv, meir en ein gong, i å snakka høgt i håp om at klassen då ville komma til ro å høyra på meg.
Dersom me var meir en ein person oppe med tavla var sjangsen for at ein av oss snakka utan at det var roleg større en om me var åleina.
Eit anna moment innanfor stemmebruk er toneleiet. Måten ein brukar stemmen på i ulike samanhengar er viktig. Ein bruker ikkje den same stemmen når ein skal seia noko postitivt til klassen som når man skal seia noko strengt. Dersom ein vil oppmuntra klassen til å følgja med i timen eller jobba med oppgåver må ein vera positiv og engasjerande i stemmen.

Den siste dagen i praksis hadde me ein påskefrukost, då fekk me kosa oss saman med elevane og snakka om heilt andre ting en undervisning. Det var ei kjekk avslutning på ein kjekk periode.
Etter denne perioden er eg blitt meir sikker på at eg har valt rett yrke, og eg gler meg til eg ein dag kan komma ut å undervisa heilt på eiga hand! :)
Også denne gongen vil eg leggja til at det er i praksis eg lærar mest, og eg skulle ønskje at me fekk meir praksis!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar