
I følge opplæringslova er tilpassa opplæring å tilpassa opplæringa etter evnene og forutsetningane til den enkelte elev.
I følge Imsen er prinsippet om tilpassa opplæring i den norske skulen at valg av undervisningsinnhold og aktivitetsformer må vera sånn at alle elevane finn meining i læringsoppgåvene, og at dei får voksa og utvikla seg på en allsidige måte.
Det er viktig at skulen tar hensyn til alle sider ved eleven når det gjelder tilpassa opplæring. For eksempel heimebakgrunn, fysisk og psykis utrustning, verdiar, intellektuelle evner og liknande.
Tilpassa opplæring skal altså gi en god og forsvarlig opplæring ut frå den enkeltes evner og forutsetningar. Dette gjeld for alle elevar i skulen.
Spesialundervisning er i utgangspunktet det sama som tilpassa opplæring, men denne typen gjelde først og fremst elevar som har ein eller anna form for funksjonssvikt som gjer at læringsprosessen går tyngre. Altså elevar som ikkje har, eller ikkje kan få, tilfredsstillande utbytte av den ordinæra opplæringa. I følgje opplæringslova må det liggja ei sakkyndige vurdering til grunn for at ein elev skal få spesialundervisning.
Det er i dag fleire styringsdokument som sikrar at elevane får den opplæringa dei har krav på. Opplæringslova, forskrifter til opplæringslova og LK06 er alle dokument som seier noko om tilpassa opplæring. Desse dokumenta er styranes, og ein kan ikkje oversjå dei.
Som lærar er det viktig at ein kjenner til desse dokumenta, og at ein brukar dei på best mogleg måte. I dagens samfunn der staten stadig vekk skal spara penger blir klassane større og lærarressursane mindre. Dette gjer at arbeidet med tilpasse opplæring blir vanskelig. Det er ikkje lett å få til noko tilpasse opplæring i ein klasse med 25-30 elevar og berre ein lærar. Det seier seg sjølv at det blir lita tid til den enkelte elev.
På praksisskulen vår, Langeland skule, har dei byrja med noko som heiter IUP (Individuell Utviklings Plan). Det skulen vil oppnå med prosjektet er:
Konkrete, tydelege og målbare mål for eleven.
Tydeleg bilete av kor eleven står.
Tydeleg for føresette.
Dokumentasjon.
Samanheng for eleven gjennom skuleløpet.
Dette tykkjer eg virkar som ein god måte å få til tilpasse opplæring på. I den klassen eg var hadde dei ikkje byrja med dette prosjektet, så eg fekk ikkje sjå det utført i praksis. Dette prosjektet er noko eg trur kunne våre interessant å prøvd ut den dagen eg er ferdig lærar. Det er viktig å ha fokus på alle elevane, uansett om det krev litt ekstra av meg som person.
Dersom du vil lesa meir om prosjektet kan du gå inn på denne linken: (http://skule.stord.kommune.no/langeland/iup.htm ).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar