mandag 28. april 2008

Yrkesetisk seminar


Ordet etikk kjem frå det greske ordet ethos som betyr sed og skikk, det vil seia det folk faktisk har for vane å gjera i ulike livssituasjonar. (Brøntveit, E. & Duesund, K. 2004:226)
Dei fleste kjenner etikken som læra om rett og galt.

Etikk er eit veldig aktuelt tema, og det er eit tema ein møter mesten daglig. Det er som regel alltid ein situasjon som krev at ein kan skilje rett og galt.
Som lærar er det viktig at ein veit kva meiningar ein har innanfor ulike etiske spørsmål. Nokon av desse spørsmåla har klare rettningslinjer, medan andre kjem meir an på personlege meiningar. Det er derfor viktig å ta den rette vegen når ein står ovanfor ulike valg.
Det er viktig at alle kjenner til reglane som gjeld innanfor yrkesetikken. Yrksetikken omfattar alle dei formelle og uformelle reglane som gjeld for den som vil utøve eit yrke.

Teiieplikt er naudsynt i skulen tykkjer eg. · Teiieplikt er lovbestemt.
· Teiieplikt skaper ein nødvendig tillit mellom lærar og elev/heim.
· Teiieplikt er grunnleggande for at ein lærar skal kunne gjera ein god jobb.
· Å bryte teiieplikten er ei straffbar handling.

Desse fire punkta om teiieplikt er dei mest sentrale for ein lærar. Dersom ein som lærar utleverer personlige opplysningar om andre, vil han/ho øydeleggje tillitsforholdet som må vera til stades for at ein lærar skal kunna gjera ein god jobb.
Teiieplikt vart sett på som så viktig at det er lovbestemt. Dette er gjort for å sikre alle i samfunnet frå å bli utsatt for noko krenkjande.


Teiieplikta gjelder livet ut. Dersom ein slutter i jobben som lærar betyr det ikkje at en kan snakke fritt om det en vet om de ulike personane på skulen. Det er viktig at alle lærar kjenner godt til lova om teiieplikt, slik at dei ikkje bryt nokre grenser.
Det er òg viktig at ein lærar kjenner til opplysningsplikta/meldeplikta.

Dette seminaret gav oss ein god sjangs til å gå inn i ulike sakar ein kan møta når ein er lærar i skulen. Eg hadde ikkje moglegheit til å delta på dette seminaret, men eg fekk jobba med desse sakene heime. Det var mykje å læra, å eg fekk diskutert dei ulike sakane med dei andre studentane når eg kom tilbake på skulen.

Gruppene skulle utarbeida nokre yrkesetiske bud for lærarar. Sidan eg ikkje var med i noko gruppe, har eg laga mine eigne bud.

1) En lærer må kunne se hver enkelt elev.
- Alle elever er forskjellige og trenge hjelp og oppfølging på ulike måter. For at en lærer skal kunne gi den enkelte elev den hjelpen han trenger må han vite hva den enkelte elev trenger, han må kjenne sin elev. Alle elever har behov for omsorg, og som lærer må man gi elevene den omsorgen de trenger. Her kan det være vanskelig å sette et skille mellom hva som er skolens ansvar og hva som er hjemmets ansvar.

2) En lærer må kunne samarbeide og motivere hver enkelt elev.
- Elevene må kunne føle at de kan stole på læreren sin, og at de kan komme til han dersom det skulle være noe. For å få elevene med seg gjennom en lang skoledag er det viktig at læreren er engasjert, og at han roser den jobben eleven gjør.

3) En lærer må være et godt forbilde for elevene sine.
- Som lærer er man et forbilde for elevene sine, det er derfor viktig at elevene får et godt inntrykk av læreren. Det går en fin grense mellom det private og det offentlige, og som lærer må man kunne balansere denne grensen.

4) En lærer må kunne samarbeide.
- Det er foreldre og foresatte som har hovedansvaret for oppdragelsen av elevene, og for at eleven skal få en god oppdragelse og oppvekst er det viktig at samarbeidet mellom skolen og hjemmet fungerer godt. Skal hjemmet kunne bidra med det eleven skulle trenge hjelp og støtte til, må de nødvendigvis vite hva de skal hjelpe med.
I tillegg må en kunne samarbeide med alle en møter i jobbsammenheng både på og utenfor skolen.


5) En lærer må til en hver tid overholde taushetsplikten.
- Eleven og heimen skal kunne føle at de kan stole på det læreren og skolen gjør. Den er med på å skape tillit, derfor må en alltid overholde taushetsplikten.

6) En lærer må kunne bidra med stadig nye ting innenfor undervisningen.
- Som lærer har en ansvaret for at å følge læreplanverket. Det er derfor viktig at en stadig holder seg oppdatert på den fronten. For å kunne fenge elevene i undervisningen er det viktig å variere det som blir gjort. Elevene trenger å møte ulike utfordringer gjennom skoledagen. Det er også lettere å få med seg alle elevene med variert undervisning, ikke bare de skoleflinke.

Praksisperiode 3

Då var nok ein praksisperiode avslutta. Det har våre ein kjekk og lærerik periode med mange utfordringar. Det er litt trist å tenkja på at me ikkje skal gå treffa elevane igjen. Me har blitt utruleg godt kjent med dei, og sidan me var så heldige å få vera me desse elevane på leirskule har me nok blitt kjent med dei på ein litt anna måte en dei andre praksisgruppene.

I løpet av desse tri vekene har me våre innom mykje forskjellig. Blant anna songstund m/ 1. klasse, rikskonsert og solidaritetsdag.
I tillegg til alt dette var det meir som skulle skje i vår klasse.

Klassen hadde eit norsk og musikk samarbeid der dei skulle setja opp 4 ulike teaterførestillingar. Dei skulle framføre desse for nokon av barnehagane i distriktet, og dei to beste skulle i tillegg visast fram på solidaritetsdagen. Det var mykje som skulle ordnast i forbindelse med dette, og mange replikkar som skulle lærast. Det tok derfor mykje tid, og me fekk mindre tid til ”vanleg” undervisning.

I tillegg hadde klassen i denne periodene eit prosjekt kalla ”Unge og rus”. Dette var eit prosjekt som krevde minst 5 timar kvar veke, og mykje av opplegget var basert på pc og internett. Dette passa jo fint då me skulle jobba med IKT i denne praksisperioden.
Då me skulle jobba med dette temaet på internett var det mange ting som kom i vegen, og det var ikkje berre ein gong me måtte pakka vekk pc-ane igjen og gjera eit alternativt opplegg. Ein dag rusta kommunen opp nettet på skulen, men dei hadde ikkje gitt beskjed til skulen om at nettet kom til å vera vekke heile dagen. Etter at nettet var rusta opp måtte alle pc-ane på skulen oppgraderast for å takla det nya nettet, dette ga heller ikkje kommunen beskjed om.
Det er ikkje lett å få skuledagen til å gli perfekt av gårde, men det blir ikkje lettare av at dei offentlige anstaltane ikkje samarbeider. Det skal ikkje meir en ein e-post til for å unngå slike situasjonar.
I tillegg til dette hadde Bertin laga eit opplegg i norsk der han skulle bruke internett for å vise ulike eksempel på reklame og liknande. Heller ikkje i desse øktene virka internett, og han måtte improvisera eit opplegg.
IKT i skulen er heilt klart ein fordel, men det er kun så lenge det fungerer som det skal. I løpet av denne praksisperioden har me fått sett skyggesidene av dette meir en ein gong. Det frarøver elevane verdigfull tid når det ikkje fungerar som det skal.

Til kvar veke hadde me laga ein plan for korleis veka skulle sjå ut, men det var ikkje ei veke som blei slik me hadde planlagt. Det var stadig nye ting som skulle inn i vekeplanen. Det er heilt klart kjekt med ein variert skuledag, men i denne praksisperioden var det kanskje litt i overkant mykje som skulle skje. Men me har fått erfart at ein som lærar må vera fleksibel, og ikkje vera heilt låst i korleis ein vil leggja opp dagane.
I tillegg til vekeplanane laga me lekseplanar og målprøvar, og me fylte ut diamantskjema til dei ulike undervisningsøktene. Eg har lært mykje om planlegging i denne praksisperioden, og ein kan ikkje få sagt nok gonger kor viktig det er å vera godt forberedt til timane.
I denne perioden har me jobba meir individulet en me gjorde i forrige praksisperiode, det har vært lærerikt å ha meir ansvar aleine.
Også denne perioden hadde me veiledning etter kvar dag, dette var veldig nyttig. Eg føler me fekk ein god dialog med våre praksislærarar, og me fikk mange lærerike og konstruktive tilbakemeldingar.

Eg ønskjer meg ein jobb der eg møter utfordringar og der ingen dagar er heilt like. I skulen vil eg seie ein møter utfordringar på mange ulike plan. Det er heller aldri ein dag som er lik. Som lærar tykkjer eg ein får bruke alle sider av seg sjølv.

I denne praksisperioden ville eg prøva vera litt oppmerksom på korleis eg brukar stemmen i klasserommet. For ikkje å slita ut stemmebåndet er det viktig å ikkje snakka for mykje med høg stemme.
Eg ville prøva å få det heilt roleg i klassen før eg ga nokon beskjedar. Dette er vanskelegare en ein skulle tru. Eg tok meg sjølv, meir en ein gong, i å snakka høgt i håp om at klassen då ville komma til ro å høyra på meg.
Dersom me var meir en ein person oppe med tavla var sjangsen for at ein av oss snakka utan at det var roleg større en om me var åleina.
Eit anna moment innanfor stemmebruk er toneleiet. Måten ein brukar stemmen på i ulike samanhengar er viktig. Ein bruker ikkje den same stemmen når ein skal seia noko postitivt til klassen som når man skal seia noko strengt. Dersom ein vil oppmuntra klassen til å følgja med i timen eller jobba med oppgåver må ein vera positiv og engasjerande i stemmen.


Den siste dagen i praksis hadde me ein påskefrukost, då fekk me kosa oss saman med elevane og snakka om heilt andre ting en undervisning. Det var ei kjekk avslutning på ein kjekk periode.


Etter denne perioden er eg blitt meir sikker på at eg har valt rett yrke, og eg gler meg til eg ein dag kan komma ut å undervisa heilt på eiga hand! :)

Også denne gongen vil eg leggja til at det er i praksis eg lærar mest, og eg skulle ønskje at me fekk meir praksis!

Ynskjeøkt (spesialpedagogikk)

Eg var ikkje med på denne undervisningsøkta, og når eg nå skulle inn i kikka på førelesningen på fronter ville ho ikkje komma opp. Eg fekk berre ein blank skjerm. Derfor er det ikkje så lett for meg å seia noko om denne økta, då eg ikkje heilt veit kva ho dreide seg om. Eg vil allikevel prøve å seia litt om mine tankar kring spesialpedagogikk.

Spesialundervisning er eit viktig tema i skulen, og det er nok mange læarar som manglar kompetanse innanfor dette feltet.
I følge opplæringslova har elever som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av den ordinære undervisninga, krav på spesialundervisning. Dette krev ekstra ressurser, både pedagogisk, personalmessig og materielt. Det er ingen ukjent sak at skulane i dag har lite å rutte med når det gjelder ekstra ressurser, og dette går ofte ut over elever som trenger ekstra oppfølging.

Elevar som treng spesialundervisning treng ofte pedagoger som er utdanna innanfor dei aktuelle felta, men det betyr ikkje at allmennlærarane ikkje treng å veta noko om dette området. Det er ofte dei som skal fanga opp om ein elev treng spesialundervisning, og til meir ein veit om emnet til lettare er det å fanga opp dei ulike teikna.

Spesialpedagogikk er eit interessant tema, og det var nok ei økt som var verdt å få med seg. Eg håper me skal innom dette temaet igjen ved ei seinare anledning.

Sjølvbilete og attribusjonsteori


I følgje Imsen skal skulen meir en å berre formidla kunnskapar. Dei skal bidra til ein allsidig personlighetsutvikling hos eleven. Skulen skal utvikle både ”hode, hjertet og hender”.

Når ein snakkar om sjølvbilete kan det vera lett å tenkja på sjølvtillit. Men desse to begrepa er ikkje dei same. Sjølbilete handlar om kva eleven tenkjer og føler om seg sjølv, uavhengig av kva han presterer. Det dreier deg altså om heile personen. Sjølvtillit er meit avgrensa til enkelte område. Ein elev kan ha høg sjølvtillit i matematikk, men låg sjølvtillit når det kjem til norsk. Her spelar prestasjonane eleven gjer inn.
Dersom ein byggjer opp om sjølvtilliten til ein elev, vil sjølvbilete òg bli betre.

Eg trur det er viktig at ein i skulen fokuserar på at alle er forskjellige, og at det er ikkje er lov å dømma nokon for det om dei er litt annleis en oss sjølv. Det er viktig å skapa rom for at kvar enkelt kan vera seg sjølv. Det er viktig å få til eit godt læringsmiljø som gir rom for å gjera feil.
Som lærar er det viktig å fokusere på dei positive sidene til elevane. Alle elevar
må få lov til å utvikle seg individuelt, ingen er like. Det er viktig å gi elevane tru på seg sjølv, og på kva dei kan oppnå.

Det er ting rundt oss som påverkar oss til dei me er. Det er derfor viktig at ein som lærar ikkje dømmer nokon av elevane, men lar alle få vera akkurat den dei er.

I følge Imsen er attribusjonsteori korleis eit individ opplever årsaka til eiga åtferd, og korleis ulike hendingar påverkar sjølvbilete.
Attribusjonsteori byggjer på indre- og ytre å årsaksforklaring. Indre årsaksforklaring er når eit individ tek ansvaret på seg sjølv. Ytre årsaksforklaring er når eit individ skuldar på andre personar eller tilfeldigheitar.

Eg trur det er viktig å ha fokus på sjølvbilete i skulen, og for at elevane skal få det så godt som dei kan bør skulen ha eit godt samarbeid med heimen. Slik at alle ”drar” eleven i same retning.

Motivasjon

Omgrepet motivasjon vert ofte definert som Det som forårsaker aktivitet hos individet, det som holder denne aktiviteten ved like, og det som gir den mål og mening (Imsen, 2005:375).

Motivasjon er ein viktig faktor i skulen. Som lærar må ein være bevisst på korleis ein opptrer i klasserommet, og korleis ein behandlar elevane. Det er læraren sin jobb å motivere og engasjere elevane. Det er ikkje dermed sagt at elevane ikkje har noko ansvar for eigen motivasjon, for det har dei. Men læraren er ein stor og viktig del av motiveringsprosessen.

Under førelesinga fekk me høyra om eit prosjekt kalla ”Pygmalion in the classroom”. Gjennom dette prosjektet fekk ein sjå nettopp kor viktig læraren si innstilling er.
Eg tykkjer det er litt skremmande å tenkja på kor stort ansvar me som framtidige lærarar faktisk har. Som lærar skal ein behandla alle elevar på lik linje, men det er ikkje alltid lika lett. Dersom en prøver å vera bevisst på sine eigne haldningar frå dag ein, trur eg det er lettare å opptre profesjonelt overfor alle elevane. Dersom en jobbar med eigne tankar og følelsar, og tørr å vera åpen mot seg sjølv om dette, er der nok lettare å behandla alle elevane likt.

Under denne førelesinga snakka me i hovudsak om indre- og ytre motivasjon.
Indre motivasjon er dersom ein person utfører ein aktivitet grunna interesse for sjølve aktiviteten, og aktiviteten i seg sjølv er belønning nok.
Ytre motivasjon er dersom ein person gjer ein aktivitet for å få ei belønning, er redd for å få straff eller føler plikt til å gjera aktiviteten.

Det er nok ytre motivasjon som driv dei fleste elevane i skulen, og det er foreldra, medelevar og lærarane som er med å driv denne motivasjonen. Det ville nok våre mykje heldigare for elevane dersom det vart eit auka fokus på indre motivasjon. Indre motivasjon gir elevane ein naturleg drivkraft til å jobba med dei ulike aktivitetane i skulen.

I følgje Imsen er det tre ulike måtar å forstå motivasjon på.

Behavioristisk perspektiv: Legg stor vekt på belønning og straff. Meiner at karaktersystemet i skulen er den største motivasjons faktoren hos elevane. Altså er den ytre motivasjonen størst. For å skapa motivasjon ut frå dette perspektivet kan ein avslutta timen med ein kjekk aktivitet som ”Simon says”, dersom elevane jobber godt gjennom heile timen.

Kognitivt perspektiv: Legg vekt på korleis tankane våre styrer motivasjonen. Legg til grunn at menneske er meiningssøkande. Her vil motivasjonen vera avhengig av korleis eleven tenkjer om seg sjølv, sine evner og om verdien av målet. Altså er den indre motivasjonen størst.
Dersom ein skal skapa motivasjon ut frå dette perspektivet kan ein for eksempel gje elevane ei oppgåve der dei skal jobba med noko som interesserar nettopp dei. For eksempel ein stil i norsk der dei skriv om eit eige valt tema.

Humanistisk perspektiv: Legg vekt på at menneske er sjølvstendig og fridomssøkjande. Alle sider ved eleven kan bidra til å skape motivasjon, både tankar, følelsar og oppfatningar av omverdenen. Altså er den indre motivasjonen størst.
Her ser me at dei grunnleggjande behova må vera dekka for at elevane skal klare å motivera seg. Ein måte å få til dette på er å skapa trivsel i klasserommet og på skulen.
Den mest kjente teorien under dette perspektivet er Maslows teori om hierarkiske behov.

Maslows teori om hierarkiske behov byggjer på at ingen behov kan isolerast frå kvarandre. For å understreka dette har Maslow utvikla ein behovaspyramide som består av 5 nivå. Alle desse nivåa byggjer på kvarandre og dei må sjåast i samanheng. Dei grunnleggjande behova må vera dekka før ein kan byrja på neste.

Motivasjon er eit viktig tema i skulen, og eg tykkjer det er viktig å setja fokus på elevane sin indre motivasjon. Som lærar ynskjer eg å ha fokus på dette temaet, og eg håper me skal læra meir om dette seinare ein gong.

onsdag 6. februar 2008

Born og nye medium

Nå har me våre inne i ein periode der me har lært mykje om born og nye medium. Dette har våre ein lærerik periode og eg kjem til å ta me meg mykje nyttig frå denne perioden.

Det som har vekka interessa mi mest er dette med nettvett. Ein kan aldri bli for forsiktig når ein er på nett og det er viktig å få denne bodskapen ut til elevane. Den dokumentaren me såg om han danske mannen som jobba som chat konsulent samstundes som han lurte unge jenter til å ha sex, var rystande. Eg er klar over at det skjer, men når eg ser slike ting klarer eg likevel ikkje og la ver å ta det innover meg. Det samme gjeld ”lommemannen” her frå Norge. Det er skremmande at ein mann skal kunna gjera så mange overgrep og gå fri så lenge før han skal bli tatt. Eg er frykteleg glad for at han har blitt tatt, og eg håper han får ein lang straff. Men det blir vell bare med håpet…

Me har lært mykje om digitale verktøy i denne perioden og det er bra. Eg trur det er viktig å få masse idear og kunnskapar om dette før me skal ut å undervisa. Det blir stadig satsa meir på IKT i skulen og det er derfor viktig at me kjenner til mange ulike måtar å benytta oss av desse ressursane på.
Det eg stiller meg litt kritisk til er nytten av alt me gjorde, men dette er nok heilt individuelt då folk på trinnet har så ulike forutsetningar for kva ein kan og ikkje kan. Kanskje dei timane med bruken av digitalt verktøy burde våre frivillig, då me allikavel jobba så pass for oss sjølv.

Me har lagt ein samansett tekst ut frå ei sjølvvald barnebok. Dette var kjempe interessant og her fekk me bruka den kunnskapen me har lært om digitale verktøy.
Revidert 29.04.08. Når me skulle laga den samansette teksten valte me å bruka Windows Movie Maker. Eg laga teksten min saman med Ane, og me hadde begge våre litt borti dette programmet frå før av. Me valte ei litt utradisjonell bok når me skulle laga den samansatte teksten. Ei bok som er ganske ny og som er skriven av ein norsk forfattar. Boka heiter "Svart kalv @ kvit snø", av Hans Sande.
Me fekk ikkje moglegheit til å visa den samansette teksten i praksis, noko som var litt dumt. Det var rett og slett ikkje tid til det. Det var så mykje anna som skulle skje når me var i praksis.


Me har våre 2 dagar i praksis for å læra om IKT i skulen. Den fyrste dagen var ikkje så lærerik for min del då me hadde sett det dei gjorde frå før, men den andre dagen var svært lærerik. Dette var mykje på grunn av at vårt opplegg ikkje gjekk heilt som det skulle :) Eg tykkjer det var lærerikt å knytta temaet opp mot praksis, då det er lettare å fortså når ein ikkje berre ser det på papiret.

Revidert 29.04.08.

Når me var i praksisperiode 3 hadde me stort fokus på bruken av IKT. Det var mykje av det me planla som ikkje gjekk slik det skulle. For ikkje å gjenta meg sjølv, er det mulig å lesa meir om dette i innlegget frå praksisperiode 3.
Eg trur det er viktig at me ikkje gir opp bruken av IKT for det om me møter ein del motstand. Eg har tru på at det bare vil bli betre og betre. Elevane i dag veks opp i eit samfunn aom er prega av IKT, og det er derfor viktig at dei har god kjennskap til dette.

Punktpraksis

Då har me hatt to dagar med punktpraksis. Det var kjekt å koma ut på skulen att og sjå at elevane ikkje har gløymd oss heilt :)

Den fyrste av dei 2 dagane skulle me berre observera skulen sin bruk av IKT i undervisninga. Me hadde 2 timar der elevane var innom fronter, skreiv litt i word og synte oss noko dei hadde laga om seg sjølv i power point. Då me hadde brukt ein del data når me var i praksis forrige gong var ingenting av dette nytt for oss. Vår klasse ved Langland skule er flinke til å bruka IKT i undervisninga. Dei legg stor vekt på å nytta seg av dette hjelpemiddelet når dei er så heldige å ha det tilgjengelig. Me var ganske uheldige med at dei neste 3 timane skulle dei ha kunst og handverk, så då blei det ikkje meir IKT på oss. Men i og med at me har hatt ein del IKT med dei i forrige praksisperiode gjorde det ikkje så mykje.

Den andre av dei 2 dagane skulle me ha eit eige opplegg. Me hadde fått fri i pedagogikken til å jobba med eit opplegg og me trudde me kom godt forberedt til timane. Me skulle ha 4 timar IKT undervisning med elevane.
Me hadde fått låna pc-ar frå 1 klassingane så me hadde ein pc til kvar elev. Me skulle læra elevane og setja saman ein liten filmsnutt i Windows Movie Maker, og me hadde på førehand sjekka med skulen at dei hadde dette programmet. Men då me var klar til å lasta ned filmsnutten, som me på førehand hadde gjort klar og lagt ut på fronteren deira, viste det seg at skulen ikkje hadde kapasitet til at så mange lasta ned på ein gong. Me hadde me ein cd me filmsnutten på som backup, men pc-ane til skulen hadde sjølvklart ikkje lov til å akseptera ukjente cd-ar. Me sto derfor der uten nokon filmsnutt. Det var då praksislæraren vår redda oss, for ho hadde lagt ut bilder frå leirskulen som var tilgjengelige for alle. Me kunne derfor bruka desse bildene til å laga ein biletserie med lyd og tekst til i Windows Movie Maker. Me fekk også koma litt innpå lovar og reglar i forhold til plagiering då det var mange elevar som ville bruka musikk i frå nettet i biletserien sin. Eksempel musikken på pc-ane er ikkje akkurat til å skryta av.

Me fekk her erfara at ting ikkje alltid går etter planen, men me var heldige å klarte og komma oss ut av denne krisa.
På slutten av dagen hadde me ei fin oppsummering me praksislæraren vår, og ho var heldigvis nøgd med korleis dagen enda opp, trass i dei problema me kom opp i.

Eg håper me får mange moglegheiter til å benytta oss av IKT i neste praksisperiode. Det er eit spanande verktøy som det berre kjem større og større moglegheiter med.

Revidert 29.04.08.

Når me skulle ut i punktpraksis med fokus på IKT fekk me sjølv velga kva me ville gjera. Praksislærarane våre la ikkje nokon begrensingar. Grunnen til at me valgte å jobba med Windows Movie Maker var at neste gong me skulle i praksis skulle elevane jobba med eit prosjekt om Unge og Rus. Dette prosjektet skulle slutta med eit ferdigt produkt som elevane skulle visa fram til foreldra sine. Eit av desse produkta kunne vera ein filmsnutt. Me ville derfor visa elevane litt om denne type prosjekt, slik at dei hadde noko grunnlag for å velga eller velga vekk denne typen.
Elevane syntes det var kjekt å læra om Windows Movie Maker, sjølv om det ikkje blei heilt som planlagt. Dei var flinke, og dei forstod alt me ville læra dei. Det er ein flink gjeng me har hatt i praksis :)