mandag 28. april 2008

Sjølvbilete og attribusjonsteori


I følgje Imsen skal skulen meir en å berre formidla kunnskapar. Dei skal bidra til ein allsidig personlighetsutvikling hos eleven. Skulen skal utvikle både ”hode, hjertet og hender”.

Når ein snakkar om sjølvbilete kan det vera lett å tenkja på sjølvtillit. Men desse to begrepa er ikkje dei same. Sjølbilete handlar om kva eleven tenkjer og føler om seg sjølv, uavhengig av kva han presterer. Det dreier deg altså om heile personen. Sjølvtillit er meit avgrensa til enkelte område. Ein elev kan ha høg sjølvtillit i matematikk, men låg sjølvtillit når det kjem til norsk. Her spelar prestasjonane eleven gjer inn.
Dersom ein byggjer opp om sjølvtilliten til ein elev, vil sjølvbilete òg bli betre.

Eg trur det er viktig at ein i skulen fokuserar på at alle er forskjellige, og at det er ikkje er lov å dømma nokon for det om dei er litt annleis en oss sjølv. Det er viktig å skapa rom for at kvar enkelt kan vera seg sjølv. Det er viktig å få til eit godt læringsmiljø som gir rom for å gjera feil.
Som lærar er det viktig å fokusere på dei positive sidene til elevane. Alle elevar
må få lov til å utvikle seg individuelt, ingen er like. Det er viktig å gi elevane tru på seg sjølv, og på kva dei kan oppnå.

Det er ting rundt oss som påverkar oss til dei me er. Det er derfor viktig at ein som lærar ikkje dømmer nokon av elevane, men lar alle få vera akkurat den dei er.

I følge Imsen er attribusjonsteori korleis eit individ opplever årsaka til eiga åtferd, og korleis ulike hendingar påverkar sjølvbilete.
Attribusjonsteori byggjer på indre- og ytre å årsaksforklaring. Indre årsaksforklaring er når eit individ tek ansvaret på seg sjølv. Ytre årsaksforklaring er når eit individ skuldar på andre personar eller tilfeldigheitar.

Eg trur det er viktig å ha fokus på sjølvbilete i skulen, og for at elevane skal få det så godt som dei kan bør skulen ha eit godt samarbeid med heimen. Slik at alle ”drar” eleven i same retning.

Motivasjon

Omgrepet motivasjon vert ofte definert som Det som forårsaker aktivitet hos individet, det som holder denne aktiviteten ved like, og det som gir den mål og mening (Imsen, 2005:375).

Motivasjon er ein viktig faktor i skulen. Som lærar må ein være bevisst på korleis ein opptrer i klasserommet, og korleis ein behandlar elevane. Det er læraren sin jobb å motivere og engasjere elevane. Det er ikkje dermed sagt at elevane ikkje har noko ansvar for eigen motivasjon, for det har dei. Men læraren er ein stor og viktig del av motiveringsprosessen.

Under førelesinga fekk me høyra om eit prosjekt kalla ”Pygmalion in the classroom”. Gjennom dette prosjektet fekk ein sjå nettopp kor viktig læraren si innstilling er.
Eg tykkjer det er litt skremmande å tenkja på kor stort ansvar me som framtidige lærarar faktisk har. Som lærar skal ein behandla alle elevar på lik linje, men det er ikkje alltid lika lett. Dersom en prøver å vera bevisst på sine eigne haldningar frå dag ein, trur eg det er lettare å opptre profesjonelt overfor alle elevane. Dersom en jobbar med eigne tankar og følelsar, og tørr å vera åpen mot seg sjølv om dette, er der nok lettare å behandla alle elevane likt.

Under denne førelesinga snakka me i hovudsak om indre- og ytre motivasjon.
Indre motivasjon er dersom ein person utfører ein aktivitet grunna interesse for sjølve aktiviteten, og aktiviteten i seg sjølv er belønning nok.
Ytre motivasjon er dersom ein person gjer ein aktivitet for å få ei belønning, er redd for å få straff eller føler plikt til å gjera aktiviteten.

Det er nok ytre motivasjon som driv dei fleste elevane i skulen, og det er foreldra, medelevar og lærarane som er med å driv denne motivasjonen. Det ville nok våre mykje heldigare for elevane dersom det vart eit auka fokus på indre motivasjon. Indre motivasjon gir elevane ein naturleg drivkraft til å jobba med dei ulike aktivitetane i skulen.

I følgje Imsen er det tre ulike måtar å forstå motivasjon på.

Behavioristisk perspektiv: Legg stor vekt på belønning og straff. Meiner at karaktersystemet i skulen er den største motivasjons faktoren hos elevane. Altså er den ytre motivasjonen størst. For å skapa motivasjon ut frå dette perspektivet kan ein avslutta timen med ein kjekk aktivitet som ”Simon says”, dersom elevane jobber godt gjennom heile timen.

Kognitivt perspektiv: Legg vekt på korleis tankane våre styrer motivasjonen. Legg til grunn at menneske er meiningssøkande. Her vil motivasjonen vera avhengig av korleis eleven tenkjer om seg sjølv, sine evner og om verdien av målet. Altså er den indre motivasjonen størst.
Dersom ein skal skapa motivasjon ut frå dette perspektivet kan ein for eksempel gje elevane ei oppgåve der dei skal jobba med noko som interesserar nettopp dei. For eksempel ein stil i norsk der dei skriv om eit eige valt tema.

Humanistisk perspektiv: Legg vekt på at menneske er sjølvstendig og fridomssøkjande. Alle sider ved eleven kan bidra til å skape motivasjon, både tankar, følelsar og oppfatningar av omverdenen. Altså er den indre motivasjonen størst.
Her ser me at dei grunnleggjande behova må vera dekka for at elevane skal klare å motivera seg. Ein måte å få til dette på er å skapa trivsel i klasserommet og på skulen.
Den mest kjente teorien under dette perspektivet er Maslows teori om hierarkiske behov.

Maslows teori om hierarkiske behov byggjer på at ingen behov kan isolerast frå kvarandre. For å understreka dette har Maslow utvikla ein behovaspyramide som består av 5 nivå. Alle desse nivåa byggjer på kvarandre og dei må sjåast i samanheng. Dei grunnleggjande behova må vera dekka før ein kan byrja på neste.

Motivasjon er eit viktig tema i skulen, og eg tykkjer det er viktig å setja fokus på elevane sin indre motivasjon. Som lærar ynskjer eg å ha fokus på dette temaet, og eg håper me skal læra meir om dette seinare ein gong.

onsdag 6. februar 2008

Born og nye medium

Nå har me våre inne i ein periode der me har lært mykje om born og nye medium. Dette har våre ein lærerik periode og eg kjem til å ta me meg mykje nyttig frå denne perioden.

Det som har vekka interessa mi mest er dette med nettvett. Ein kan aldri bli for forsiktig når ein er på nett og det er viktig å få denne bodskapen ut til elevane. Den dokumentaren me såg om han danske mannen som jobba som chat konsulent samstundes som han lurte unge jenter til å ha sex, var rystande. Eg er klar over at det skjer, men når eg ser slike ting klarer eg likevel ikkje og la ver å ta det innover meg. Det samme gjeld ”lommemannen” her frå Norge. Det er skremmande at ein mann skal kunna gjera så mange overgrep og gå fri så lenge før han skal bli tatt. Eg er frykteleg glad for at han har blitt tatt, og eg håper han får ein lang straff. Men det blir vell bare med håpet…

Me har lært mykje om digitale verktøy i denne perioden og det er bra. Eg trur det er viktig å få masse idear og kunnskapar om dette før me skal ut å undervisa. Det blir stadig satsa meir på IKT i skulen og det er derfor viktig at me kjenner til mange ulike måtar å benytta oss av desse ressursane på.
Det eg stiller meg litt kritisk til er nytten av alt me gjorde, men dette er nok heilt individuelt då folk på trinnet har så ulike forutsetningar for kva ein kan og ikkje kan. Kanskje dei timane med bruken av digitalt verktøy burde våre frivillig, då me allikavel jobba så pass for oss sjølv.

Me har lagt ein samansett tekst ut frå ei sjølvvald barnebok. Dette var kjempe interessant og her fekk me bruka den kunnskapen me har lært om digitale verktøy.
Revidert 29.04.08. Når me skulle laga den samansette teksten valte me å bruka Windows Movie Maker. Eg laga teksten min saman med Ane, og me hadde begge våre litt borti dette programmet frå før av. Me valte ei litt utradisjonell bok når me skulle laga den samansatte teksten. Ei bok som er ganske ny og som er skriven av ein norsk forfattar. Boka heiter "Svart kalv @ kvit snø", av Hans Sande.
Me fekk ikkje moglegheit til å visa den samansette teksten i praksis, noko som var litt dumt. Det var rett og slett ikkje tid til det. Det var så mykje anna som skulle skje når me var i praksis.


Me har våre 2 dagar i praksis for å læra om IKT i skulen. Den fyrste dagen var ikkje så lærerik for min del då me hadde sett det dei gjorde frå før, men den andre dagen var svært lærerik. Dette var mykje på grunn av at vårt opplegg ikkje gjekk heilt som det skulle :) Eg tykkjer det var lærerikt å knytta temaet opp mot praksis, då det er lettare å fortså når ein ikkje berre ser det på papiret.

Revidert 29.04.08.

Når me var i praksisperiode 3 hadde me stort fokus på bruken av IKT. Det var mykje av det me planla som ikkje gjekk slik det skulle. For ikkje å gjenta meg sjølv, er det mulig å lesa meir om dette i innlegget frå praksisperiode 3.
Eg trur det er viktig at me ikkje gir opp bruken av IKT for det om me møter ein del motstand. Eg har tru på at det bare vil bli betre og betre. Elevane i dag veks opp i eit samfunn aom er prega av IKT, og det er derfor viktig at dei har god kjennskap til dette.

Punktpraksis

Då har me hatt to dagar med punktpraksis. Det var kjekt å koma ut på skulen att og sjå at elevane ikkje har gløymd oss heilt :)

Den fyrste av dei 2 dagane skulle me berre observera skulen sin bruk av IKT i undervisninga. Me hadde 2 timar der elevane var innom fronter, skreiv litt i word og synte oss noko dei hadde laga om seg sjølv i power point. Då me hadde brukt ein del data når me var i praksis forrige gong var ingenting av dette nytt for oss. Vår klasse ved Langland skule er flinke til å bruka IKT i undervisninga. Dei legg stor vekt på å nytta seg av dette hjelpemiddelet når dei er så heldige å ha det tilgjengelig. Me var ganske uheldige med at dei neste 3 timane skulle dei ha kunst og handverk, så då blei det ikkje meir IKT på oss. Men i og med at me har hatt ein del IKT med dei i forrige praksisperiode gjorde det ikkje så mykje.

Den andre av dei 2 dagane skulle me ha eit eige opplegg. Me hadde fått fri i pedagogikken til å jobba med eit opplegg og me trudde me kom godt forberedt til timane. Me skulle ha 4 timar IKT undervisning med elevane.
Me hadde fått låna pc-ar frå 1 klassingane så me hadde ein pc til kvar elev. Me skulle læra elevane og setja saman ein liten filmsnutt i Windows Movie Maker, og me hadde på førehand sjekka med skulen at dei hadde dette programmet. Men då me var klar til å lasta ned filmsnutten, som me på førehand hadde gjort klar og lagt ut på fronteren deira, viste det seg at skulen ikkje hadde kapasitet til at så mange lasta ned på ein gong. Me hadde me ein cd me filmsnutten på som backup, men pc-ane til skulen hadde sjølvklart ikkje lov til å akseptera ukjente cd-ar. Me sto derfor der uten nokon filmsnutt. Det var då praksislæraren vår redda oss, for ho hadde lagt ut bilder frå leirskulen som var tilgjengelige for alle. Me kunne derfor bruka desse bildene til å laga ein biletserie med lyd og tekst til i Windows Movie Maker. Me fekk også koma litt innpå lovar og reglar i forhold til plagiering då det var mange elevar som ville bruka musikk i frå nettet i biletserien sin. Eksempel musikken på pc-ane er ikkje akkurat til å skryta av.

Me fekk her erfara at ting ikkje alltid går etter planen, men me var heldige å klarte og komma oss ut av denne krisa.
På slutten av dagen hadde me ei fin oppsummering me praksislæraren vår, og ho var heldigvis nøgd med korleis dagen enda opp, trass i dei problema me kom opp i.

Eg håper me får mange moglegheiter til å benytta oss av IKT i neste praksisperiode. Det er eit spanande verktøy som det berre kjem større og større moglegheiter med.

Revidert 29.04.08.

Når me skulle ut i punktpraksis med fokus på IKT fekk me sjølv velga kva me ville gjera. Praksislærarane våre la ikkje nokon begrensingar. Grunnen til at me valgte å jobba med Windows Movie Maker var at neste gong me skulle i praksis skulle elevane jobba med eit prosjekt om Unge og Rus. Dette prosjektet skulle slutta med eit ferdigt produkt som elevane skulle visa fram til foreldra sine. Eit av desse produkta kunne vera ein filmsnutt. Me ville derfor visa elevane litt om denne type prosjekt, slik at dei hadde noko grunnlag for å velga eller velga vekk denne typen.
Elevane syntes det var kjekt å læra om Windows Movie Maker, sjølv om det ikkje blei heilt som planlagt. Dei var flinke, og dei forstod alt me ville læra dei. Det er ein flink gjeng me har hatt i praksis :)

Digitale verktøy

Desse timane var i hovudsak lagt opp til at me som studentar skulle jobba på eiga hand. Det er heilt greit for meg at me ikkje alltid har førelesningar, men eg trur eg personleg kunne fått lika mykje ut av denne økta heime som det eg gjorde på skulen.

Men når me fyrst var på skulen og jobba med dette temaet var det jo interessant. Eg kunne litt om Windows Movie Maker frå før, men animasjon- og cartoonprogramma var nye for meg. Det var forholdsvis enkle program å forstå, så det gav ikkje dei største utfordringane, men det er heilt klart program som kan vera kjekke for elevane og jobba med.

Trygg på Internett


Lover og reglar på Internett er svært omfattande. Eg har alltid vært klar over at det er enkelte ting ein ikkje kan bruka Internett til, som for eksempel å lasta ned musikk eller filmar, men eg har aldri visst at det er så strengt som det faktisk er. Det er blant anna ikkje lov å klyppa og lima frå tekstar som ligg på nettet, sitera nokon utan å oppgi kilde eller bruka andre sine tekstar i for eksempel undervisning.

Heilt frå barnaskulen har eg våre vant me klypp og lim metoden og det er aldri nokon som har sagt til meg at det er ulovleg. Det var fyrst no på høgskulen eg høyrde om at dette ikkje er lov. Det tykkjer eg er for gale.

Eg tykkjer det er viktig å fokusere på kva som er rett og gale å gjera på Internett allereie frå fyrste dagen elevane er på nett. Ein kan ikkje byrja for tidleg med dette, ein rekk ikkje å læra seg dårlege uvanar på nettet viss ein kjenner reglane heilt frå byrjinga av.

Eg tykkjer dette med plagiering kanskje er litt strengt. Når ein legg noko ut på nettet ligg det åpent for alle, det veit ein jo, då burde ein kunna bruka det som blir lagt ut så lenge ein ikkje kallar det sitt eige. Men det er bra at me har lovar og reglar som beskytter det folk legg ut på nettet. Det er mykje lærerikt å finna på nettet, å det hadde våre synd dersom ein ikkje lenger kunne benytta seg av den fantastiske ressursen Internett faktisk er.

I denne økta tok me opp noko anna som eg meiner er endå viktigare en åndverkslova, nemleg nettevett og då kanskje spesielt i forbindlese med chatting.

I dag er det utruleg mange ungdommar som er inne å chattar på nettet. Det er selvfølgelig kjekt å prata med venner og kjente, men det er ikkje fullt så kjekt å prata med gamle menn og kvinner som utgir seg for å vera ungdommar. Det er mange overgriparar som finn sine offer gjennom nettet, og det er skremmande å tenkja på kor lett ungdommane trør i desse fellene.

Eg for min del trur ikkje me kan få sagt det nok gonger til ungdommen at dei aldri må oppgi personlege opplysningar til folk over nettet. Ein skal også vera forsiktig med å leggja ut personleg informasjon når ein registrerer seg på dei ulike sidene, då det mange plasser er mogleg for andre å henta fram denne informasjonen.

Dess fortare ein byrjar med nettvett reglar dess betre er det. Eg gjentar meg sjølv litt frå tidligare når eg seier at ein bør byrja med bettvett frå dag 1 når elevane byrjar å bruka nettet. Ein kan ikkje få sagt det nok gonger kor viktig det er med nettvett reglar.
Eg trur det er viktig å få til eit godt samarbeid med heimen om nettvett reglar, då det i hovudsak er i heimen elevane chattar.

Det er mange gode sider ein kan gå inn på for å få tips og informasjon om korleis ein skal handtera saker som nettvett. Eg trur det er lurt at alle gjer seg kjent med desse sidene, og eg er glad for at Birgit gav oss tid til å gå inn å sjå på desse sidene.

Når me satt og jobba med nettvett reglar og kikka på desse sidene fann mi praksisgruppa ut at me ville oppretta ein chat på sol si chatte side. Me kalla oss bare for ”linn” og etter 15 min var det fleire menn som var inne å chatta med oss. Det kom mange slags grisete kommentarar, det var til og med ein som lurte på om me ville sjå han kosa med seg sjølv på webcamera! Og då hadde ikkje me sagt noko upassande i det heila.
Eg visste det var gale, men ikkje så gale!

Animasjon og bilethandsaming

Animasjon og bilethandsaming er eit vikitg tema då det kjem klart fram at bruken av digitale verktøy er eit av dei 5 grunnleggjande dugleikane i LK06. Det er derfor viktig at me som lærarar kan dette når me kjem ut i skulen. Det er mange lærarar i dag som kjem frå den ”gamle” skulen og desse prioriterar ikkje bruken av IKT. Derfor er det bra at me som kjem nyutdanna ut i skulen kan læra både elevane og dei lærarane som ikkje kan så mykje med data litt om bruken av IKT.

Animasjonar er noko som er morosamt, og eg trur heilt klart at elevane kan få mykje utbytte av å driva på med det i undervisninga. Ein kan bruka det til mykje, i ein kommantar Birgit har gitt i bloggen skreiv ho: ”Ser ein i høve til LK06, så er det m.a. i natur- og miljøfag (fysikk, kjemi men og i andre fag) ein del av faget å kunna bruka animasjonar og simuleringsprogram (laga sjølv om ein ikkje finn noko ferdig) til å vise fenomen og biologiske samanhengar”.Dette er gode eksempel på kva ein kan bruka animasjon til. Elevane kan for eksempel også laga sine eigne animasjonar til å vise biologiske samanhengar eller animasjonar til bruk i anna undervisning.

Revidert 29.04.08.

Eg har fått forespørsel om å leggja ut animasjonen min i bloggen. Eg var ikkje på skulen den dagen me hadde denne økta, og eg har derfor ikkje fått laga meg ein animasjon.
Når det gjeld plakaten min har eg ikkje den lagra nokon plass. Eg har hatt problem med datamaskina mi, og eg har derfor mysta ein del ting...
Så eg har dessverre ikkje så mykje å leggja ut her.