tirsdag 29. april 2008

Refleksjonsnotat

Då nærmar slutten på skuleåret seg fort, og me er nå ferdige med pedagogikk for i år. Det einaste som gjenstår for meg er refleksjonsnotatet. Det er litt skummelt å tenkja på at nå er det ikkje meir me kan gjera. Grunnlaget for dette skuleåret er lagt, og me kan ikkje gjera så mykje meir for å forbetra oss. Nå må det berre brista eller bera.

I løpet av skuleåret har me våre inne på mange ulike tema, og pensumet har våre ganske stort. Det er ikkje tvil om at blogginga har våre me på å hjelpa og setja ting på plass etter kvart. Eg for min del har ikkje våre så flink til å blogga med jevne mellomrom, så det har blitt nokre skippertak. Eg føler likevel at eg har lært mykje av denne metoden. Den ”tvinger” oss til å gå gjennom stoffet på ny, og til å reflektera over det. Me har måtta jobba mykje me alle dei ulike temaene for å kunna komma med noko nyttig i bloggen.
Tilbakemeldingane eg fekk av Birgit har våre til stor hjelp nå i sluttfasen. Eg tykkjer ho er meir en god som har gitt alle ei så grundig tilbakemelding.

Undervisninga og oppgåvene har våre varierte, engasjerande og i tråd med pensum. Det er liten tvil om at faglærarane brenn for yrket sitt, og at dei vil det besta for oss studentar. Me har fått sjå at lærarane har sett teori ut i praksis.
Eit godt eksempel på dette er IKT. I kunnskapsløftet er det komt inn eit punkt om dei 5 dugleikane. Dette har me våre inne på ved fleire annledningar, og IKT som ein grunnleggjande dugleik har me snakka mykje om. Me har hatt fleire ulike emne som har omhandla IKT i løpet av året. Det største emnet var nok perioden med ”Born og nye medium”. Det var veldig lærerikt, og økta om nettvett gav meg litt av ein tankevekkar. Det er mykje skummelt ein kan møta ute i den digitale verden, og det er viktig at me tar forhåndsreglar før me hiv oss utpå. Som lærar vil eg fokusera på nettvett reglar, og prøva å skapa eit godt samarbeid med heimen i forhold til dette.
Ellers var me innom animasjon, redigering av bilete og samansett tekst. Alt dette er ting me kan dra me oss vidare ut i skulen. Eg trur det er viktig at me som nyutdanna lærarar engasjerer elevane i bruken av IKT. Dagens samfunn blir stadig meir prega av IKT, og det er viktig at elevane heng med i svingane.
Dersom eg skal seia noko spesielt om oppgåvene me har hatt vil eg trekka fram oppgåva om motivasjon. Dette er ei sentral oppgåve som tar opp ting me mest sannsynlig vil møta ute i skulen. For meg var denne oppgåva viktig, då eg måtte setta teorien ut i praksis for å klara å komma me ei løysing. I tillegg vil eg leggja til at mattematikk og pedagogikk oppgåva tok litt for mykje fokus vekk frå praksisperioden me skulle ut i. For mange, inkludert meg, var dette den fyrste store oppgåva som skulle skrivast og usikkerheten var derfor ganske stor. Ellers har oppgåvene som sagt våre relevante i forhold til faginnholdet. Eg har lært noko av alle oppgåvene som eg kan ta me meg vidare ut i læraryrket.

Dette skuleåret har me våre ute i praksis tri gonger. Det har våre både lærerikt og kjekt. Eg kan utan tvil seia at det er i praksis eg har lært mest. Det er først når me får komma ut i praksis at me får sjå korleis skulekvardagen eigentlig er. Når me sitt på høgskulen og får servert teorien verkar alt så lett. Det er alltid eit svar på alt. Men når me kjem ut i skulen får me sjå at det ikkje er lika rosenrødt som teorien vil ha det til. Det er mange ting som spelar inn under dette. Eksempel på det kan vera ressurser, samarbeid mellom skule og heimen, samarbeidet mellom ansatte på skulen og liknande.
Eg skulle ønska me fekk vera i meir praksis en det me faktisk er. Men kven veit, kanskje ein dag…

I løpet av skuleåret har eg danna meg eit pedagogisk grunnsyn. Dette har eg danna meg dels gjennom undervisning, praksis, blogging og oppgåveskriving. Spesielt mattematikk og pedagogikk oppgåva fekk tankane mine i gang rundt dette temaet.
Eg kan ikkje seia at eg har eit bestemt grunnsyn, men eg heller nok mest over på sosiokulturelt syn. Dette synet byggjer på at læring skjer i eit sosialt samspel mellom menneske, og ikkje som ein individuell prosess. Det blir lagt vekt på at læring er ein kontinuerlig prosess som skjer heile livet, og at språket er vår viktigaste reiskap for tilegnelse av kunnskap. Vygotskys teori om den proksimale utviklingssona er for meg eit viktig utgangspunkt. Eg har trur på at alle barn kan komme lengre dersom det er ein som kan hjelpa dei på vegen mot ny kunnskap. Eg trur det er viktig at barn lærar å samarbeida allereie i ung alder, og barnehagen er kanskje det første steget og ta?
Sosiokulturell teori baserar mange av tankane sine på det konstruktivistiske perspektivet, og inn under dette synet finn me teoretikaren Dewey. Eg er einig i hans tankegang om ”learning by doing”, altså læring gjennom aktivitet.
Då me var ute i praksis andre gongen fekk eg eit godt eksempel på at teoriane til Vygotsky og Dewey stemmer. Me hadde lagt eit opplegg som på mange måtar baserer seg på desse teoriane. Me hadde om geometri, og gjennom samarbeid og praktisk aktivitet klarte elevane å komma fram til ulike begrep innanfor geometri og parallellforskyving.
Grunnsynet mitt er stadig litt i endring, men eg er sikker på at eg ein dag har mitt heilt eige grunnsyn som eg kan stå inne for eit hundre prosent!

Eit viktig tema dette skuleåret har våre lærarrolla. Eg har prøvd å danna meg eit bilde av korleis eg ser for meg lærarrolla mi, men det er vanskelig. For meg er nok det aller viktigaste å sjå den enkelte elev. Det er elevane som er dei viktigaste i skulen, og for å få ein god skulekvardag er det viktig at elevane føler seg verdsett. Som lærar ynskjer eg å få til ein god og ærlig kontakt med elevane. Gjennom arbeidet med oppgåva om ”Mons” fekk me sjå kor viktig det er med motivasjon, og kor vanskelig det kan vera å få dette til. Eg har lært mykje om dette med motivasjon, men eg føler fortsatt at det er mykje å ta tak i.
For å skapa eit godt læringsmiljø er det viktig å få til eit godt klassemiljø. Som lærar vil eg heilt klart jobba mykje med dette.
Det er mange ting som er vanskelig i forbindelse med læraryrket, og planlegging er heilt klart ein av desse. Gjennom praksis har me fått prøva oss på dette, og eg lærte mykje om planlegging i desse periodane. God planlegging er viktig for å få til god undervisning. Eg meiner at ein ikkje må undervurdera kor viktig planlegging faktisk er. Ute i praksis har eg blant anna fått oppleva kor viktig det er å ha ein plan B. Det er ikkje læraren, men elevane det går utover dersom ein ikkje har forberedt seg godt nok til ein time.
Eit anna viktig punkt er dette med tilpassa opplæring og spesialundervisning. Det er ikkje lett å få til noko av dette med dei få ressursane som er ute i skulen. Dersom ein har ein klasse på 25 – 30 elevar seier det seg sjølv at det blir lita tid til kvar enkelt elev. Dersom ein har elevar i klassen som treng spesiell oppfølging er det viktig at dei får den hjelpa dei treng og har krav på. Som lærar kan eit slikt valg vera vanskelig, og eg meiner derfor at ein ikkje bør vera redd for å benytta seg av dei hjelpemiddla som finns.

Dersom eg ser tilbake på året som har gått sitt eg igjen med mange følelsar. Det har våre eit år med med mykje jobbing, men me mykje oppmuntring frå faglærarar. Eg har lært mykje som eg kan ta med meg vidare ut i arbeidslivet.
Me har hatt ei formativ vurdering gjennom heile året, dette tykkjer eg er positivt. Det har gitt oss ein muligheit til å læra og forbetra oss underveis.

Til slutt vil eg takka alle for eit kjekt og lærerikt år!!!

mandag 28. april 2008

Skulefrukost på Børtveit


Dette var ei kjekk avslutning på eit kjekt skuleår. Det var meir en nok av brød, pålegg, frukt og drikke så det var bare til å ”hiva innpå”. :) Det var ikkje rare plassen på Børtveit, men det gjorde bare at stemninga vart koselig og intim. Me satt alle å prata om laust å fast, og me var vell alle einige om at Birgit har våre ein fantastisk lærar for oss gjennom skuleåret. Ho har våre flink til å rettleia oss gjennom formativ vurdering, noko eg har sett stor pris på. Ho er engasjert i det ho driv me, og det engasjemange smittar over på oss andre. Ho viser oss korleis me kan setja teorien ut i praksis.
Så takk for all innsatsen Birgit! :)

Me fekk òg nytta sjangsen til å få litt informasjon om eksamen. Det er skremmande å tenkja på kor nærme me faktiske er eksamen.

Etter frukosten gjekk me for å sjå dei samansette tekstane. Det var både spanande og lærerikt å sjå dei ulike samansette tekstane. Alle hadde våre veldig kreative og flinke. Eg og Ane hadde ikkje fått vår tekst heilt ferdig, så me måtte visa den gamle utgåva. Den nye utgåva er nokre hakk betre tykkjer i alle fall eg.

Det er litt trist å tenka på at me er ferdige med pedagogikk for i år. Det har våre eit spanande år, og eg har lært mykje.

Takk for i år alle saman!!!

Rettleiing og vurdering

”Ein skal læra av å bli vurdert” (LK06)

I denne økta skulle me læra om rettleiing og vurdering. Hovudfokuset låg på vurdering, men eg skulle ønskja at hovudfokuset låg på rettleiing. Dette fordi elevane treng god og åpen rettleiing for å kunna strekka seg vidare. Dersom ein ser det i eit sosiokulturelt perspektiv vil elevane vera avhengige av god rettleiing for å kunne utvikla seg. Dersom ein elev skal nå det neste nivået i den proksimale utviklingssona må han/ho bli rettleia på vegen dit.

Som lærar skal ein kunna rettleia elevane til å bli betre, for å klara det må ein kunna vurdera elevane. Derfor heng desser begrepa godt saman.

For å få til god rettleiing er det viktig at lærar og elev har ein god dialog og at dei har eit godt tillitsforhold.
Som rettleiar skal ein vera utforskande med den som vart rettleia, ein skal stilla dei gode spørsmåla, ein skal gje råd og ein skal korrigera. Det er viktig at ein til ei kvar tid er konstruktiv når ein rettleiar, og ein må aldri samanlikna elevane med kvarandre. Alle elevar er ulike, og har derfor krav på ulik rettleiing. Eg trur muntleg rettleiing er betre en skriftlig, då ein oppnår ein mykje betre dialog gjennom ein muntleg samtale.
Eg trur det er viktig å ha minst ein positiv ting å seia til kvar negative ting, slik at det positive veg opp for det negative. Det er viktig at det er mest positivt, og at det positive er ekte. Dersom den som rettleiar seier noko han/ho ikkje meiner, kan det som skulle vera positivt fort bli til noko negativt.

Vurdering er ei viktig, men vanskelig oppgåve for ein lærar. Som lærar bør ein ha tenkt godt gjennom, og kanskje laga seg skjema for dei ulike kriteria, før ein byrjar med vurderinga. Ein får god hjelp av dei ulike styringsdokumenta som fins i skulen. Opplæringslova, forskrifter til opplæringslova, LK06 og lokale læreplanar seier alle noko om kriteria ein må ta hensyn til når ein skal vurdera elevane.
Eg tykkjer det er bra at me har slike styringsdokument, og at dei er så pass detaljerte, for da blir det kanskje mindre forskjellar frå skule til skule. Vurderingskriteria bør vera like over heile landet meiner eg. Det skal ikkje ha noko å seie om du kjem frå nord- eller sør Norge, vurderinga må vera lik.

I denne økta var me innom to ulike typar vurdering, formativ og summativ.
Formativ vurdering er underveisvurdering. Her blir elevane vurdert etter kvart i læringsprosessen. Eksempel på slik vurdering kan vera karakter på ein prøve midt i skuleåret.
Summativ vurdering er sluttvurdering. Her blir ikkje elevane vurdert før heilt i slutten av læringsprosessen. Eksempel på slik vurdering kan vera avsluttande eksamen i slutten av skuleåret.
Eg tykkjer formativ vurdering er den beste måten, for då veit elevane til ei kvar tid korleis dei ligg ann. Dei har då moglegheit til å jobba meir med eit fag dersom dei ikkje er nøgde med korleis dei ligg ann.

I forrige økt hadde me om tilpassa opplæring. For å få til god tilpassa opplæring er det grunnleggjande at ein som lærar viser god evne til vurdering. Det er derfor viktig å veta at ikkje alle elevar treng å vurderast likt. I følge Roar Engh m.fl. er grunntanken at et mangfold av elevforutsetninger fordrer et mangfold av vurderingsformer.
Men det er viktig å huske på at det må liggja noko til grunn for ulik vurdering, det er ikkje lov å gi ein elev god karakter bare grunna god innsats.

I denne økta hadde med ei gruppeoppgåve der me skulle vurdera ein elevtekst. Då fekk me sjå koss vanskeleg det er å vurdera. Men det var ei spennande oppgåve, der me fekk prøva ut det me nettopp hadde lært. Me var fleire om å vurdera elevteksten, og det hjalp i alle fall meg. Eg trur det er viktig, òg i skulekvardagen, å kunna be medarbeidera om hjelp. Det bør vera rom for å hjelpa kvarandre ute i arbeidslivet.

Tilpassa opplæring


I følge opplæringslova er tilpassa opplæring å tilpassa opplæringa etter evnene og forutsetningane til den enkelte elev.

I følge Imsen er prinsippet om tilpassa opplæring i den norske skulen at valg av undervisningsinnhold og aktivitetsformer må vera sånn at alle elevane finn meining i læringsoppgåvene, og at dei får voksa og utvikla seg på en allsidige måte.

Det er viktig at skulen tar hensyn til alle sider ved eleven når det gjelder tilpassa opplæring. For eksempel heimebakgrunn, fysisk og psykis utrustning, verdiar, intellektuelle evner og liknande.
Tilpassa opplæring skal altså gi en god og forsvarlig opplæring ut frå den enkeltes evner og forutsetningar. Dette gjeld for alle elevar i skulen.

Spesialundervisning er i utgangspunktet det sama som tilpassa opplæring, men denne typen gjelde først og fremst elevar som har ein eller anna form for funksjonssvikt som gjer at læringsprosessen går tyngre. Altså elevar som ikkje har, eller ikkje kan få, tilfredsstillande utbytte av den ordinæra opplæringa. I følgje opplæringslova må det liggja ei sakkyndige vurdering til grunn for at ein elev skal få spesialundervisning.

Det er i dag fleire styringsdokument som sikrar at elevane får den opplæringa dei har krav på. Opplæringslova, forskrifter til opplæringslova og LK06 er alle dokument som seier noko om tilpassa opplæring. Desse dokumenta er styranes, og ein kan ikkje oversjå dei.

Som lærar er det viktig at ein kjenner til desse dokumenta, og at ein brukar dei på best mogleg måte. I dagens samfunn der staten stadig vekk skal spara penger blir klassane større og lærarressursane mindre. Dette gjer at arbeidet med tilpasse opplæring blir vanskelig. Det er ikkje lett å få til noko tilpasse opplæring i ein klasse med 25-30 elevar og berre ein lærar. Det seier seg sjølv at det blir lita tid til den enkelte elev.
På praksisskulen vår, Langeland skule, har dei byrja med noko som heiter IUP (Individuell Utviklings Plan). Det skulen vil oppnå med prosjektet er:

Konkrete, tydelege og målbare mål for eleven.
Tydeleg bilete av kor eleven står.
Tydeleg for føresette.
Dokumentasjon.
Samanheng for eleven gjennom skuleløpet.


Dette tykkjer eg virkar som ein god måte å få til tilpasse opplæring på. I den klassen eg var hadde dei ikkje byrja med dette prosjektet, så eg fekk ikkje sjå det utført i praksis. Dette prosjektet er noko eg trur kunne våre interessant å prøvd ut den dagen eg er ferdig lærar. Det er viktig å ha fokus på alle elevane, uansett om det krev litt ekstra av meg som person.
Dersom du vil lesa meir om prosjektet kan du gå inn på denne linken: (http://skule.stord.kommune.no/langeland/iup.htm ).

Yrkesetisk seminar


Ordet etikk kjem frå det greske ordet ethos som betyr sed og skikk, det vil seia det folk faktisk har for vane å gjera i ulike livssituasjonar. (Brøntveit, E. & Duesund, K. 2004:226)
Dei fleste kjenner etikken som læra om rett og galt.

Etikk er eit veldig aktuelt tema, og det er eit tema ein møter mesten daglig. Det er som regel alltid ein situasjon som krev at ein kan skilje rett og galt.
Som lærar er det viktig at ein veit kva meiningar ein har innanfor ulike etiske spørsmål. Nokon av desse spørsmåla har klare rettningslinjer, medan andre kjem meir an på personlege meiningar. Det er derfor viktig å ta den rette vegen når ein står ovanfor ulike valg.
Det er viktig at alle kjenner til reglane som gjeld innanfor yrkesetikken. Yrksetikken omfattar alle dei formelle og uformelle reglane som gjeld for den som vil utøve eit yrke.

Teiieplikt er naudsynt i skulen tykkjer eg. · Teiieplikt er lovbestemt.
· Teiieplikt skaper ein nødvendig tillit mellom lærar og elev/heim.
· Teiieplikt er grunnleggande for at ein lærar skal kunne gjera ein god jobb.
· Å bryte teiieplikten er ei straffbar handling.

Desse fire punkta om teiieplikt er dei mest sentrale for ein lærar. Dersom ein som lærar utleverer personlige opplysningar om andre, vil han/ho øydeleggje tillitsforholdet som må vera til stades for at ein lærar skal kunna gjera ein god jobb.
Teiieplikt vart sett på som så viktig at det er lovbestemt. Dette er gjort for å sikre alle i samfunnet frå å bli utsatt for noko krenkjande.


Teiieplikta gjelder livet ut. Dersom ein slutter i jobben som lærar betyr det ikkje at en kan snakke fritt om det en vet om de ulike personane på skulen. Det er viktig at alle lærar kjenner godt til lova om teiieplikt, slik at dei ikkje bryt nokre grenser.
Det er òg viktig at ein lærar kjenner til opplysningsplikta/meldeplikta.

Dette seminaret gav oss ein god sjangs til å gå inn i ulike sakar ein kan møta når ein er lærar i skulen. Eg hadde ikkje moglegheit til å delta på dette seminaret, men eg fekk jobba med desse sakene heime. Det var mykje å læra, å eg fekk diskutert dei ulike sakane med dei andre studentane når eg kom tilbake på skulen.

Gruppene skulle utarbeida nokre yrkesetiske bud for lærarar. Sidan eg ikkje var med i noko gruppe, har eg laga mine eigne bud.

1) En lærer må kunne se hver enkelt elev.
- Alle elever er forskjellige og trenge hjelp og oppfølging på ulike måter. For at en lærer skal kunne gi den enkelte elev den hjelpen han trenger må han vite hva den enkelte elev trenger, han må kjenne sin elev. Alle elever har behov for omsorg, og som lærer må man gi elevene den omsorgen de trenger. Her kan det være vanskelig å sette et skille mellom hva som er skolens ansvar og hva som er hjemmets ansvar.

2) En lærer må kunne samarbeide og motivere hver enkelt elev.
- Elevene må kunne føle at de kan stole på læreren sin, og at de kan komme til han dersom det skulle være noe. For å få elevene med seg gjennom en lang skoledag er det viktig at læreren er engasjert, og at han roser den jobben eleven gjør.

3) En lærer må være et godt forbilde for elevene sine.
- Som lærer er man et forbilde for elevene sine, det er derfor viktig at elevene får et godt inntrykk av læreren. Det går en fin grense mellom det private og det offentlige, og som lærer må man kunne balansere denne grensen.

4) En lærer må kunne samarbeide.
- Det er foreldre og foresatte som har hovedansvaret for oppdragelsen av elevene, og for at eleven skal få en god oppdragelse og oppvekst er det viktig at samarbeidet mellom skolen og hjemmet fungerer godt. Skal hjemmet kunne bidra med det eleven skulle trenge hjelp og støtte til, må de nødvendigvis vite hva de skal hjelpe med.
I tillegg må en kunne samarbeide med alle en møter i jobbsammenheng både på og utenfor skolen.


5) En lærer må til en hver tid overholde taushetsplikten.
- Eleven og heimen skal kunne føle at de kan stole på det læreren og skolen gjør. Den er med på å skape tillit, derfor må en alltid overholde taushetsplikten.

6) En lærer må kunne bidra med stadig nye ting innenfor undervisningen.
- Som lærer har en ansvaret for at å følge læreplanverket. Det er derfor viktig at en stadig holder seg oppdatert på den fronten. For å kunne fenge elevene i undervisningen er det viktig å variere det som blir gjort. Elevene trenger å møte ulike utfordringer gjennom skoledagen. Det er også lettere å få med seg alle elevene med variert undervisning, ikke bare de skoleflinke.

Praksisperiode 3

Då var nok ein praksisperiode avslutta. Det har våre ein kjekk og lærerik periode med mange utfordringar. Det er litt trist å tenkja på at me ikkje skal gå treffa elevane igjen. Me har blitt utruleg godt kjent med dei, og sidan me var så heldige å få vera me desse elevane på leirskule har me nok blitt kjent med dei på ein litt anna måte en dei andre praksisgruppene.

I løpet av desse tri vekene har me våre innom mykje forskjellig. Blant anna songstund m/ 1. klasse, rikskonsert og solidaritetsdag.
I tillegg til alt dette var det meir som skulle skje i vår klasse.

Klassen hadde eit norsk og musikk samarbeid der dei skulle setja opp 4 ulike teaterførestillingar. Dei skulle framføre desse for nokon av barnehagane i distriktet, og dei to beste skulle i tillegg visast fram på solidaritetsdagen. Det var mykje som skulle ordnast i forbindelse med dette, og mange replikkar som skulle lærast. Det tok derfor mykje tid, og me fekk mindre tid til ”vanleg” undervisning.

I tillegg hadde klassen i denne periodene eit prosjekt kalla ”Unge og rus”. Dette var eit prosjekt som krevde minst 5 timar kvar veke, og mykje av opplegget var basert på pc og internett. Dette passa jo fint då me skulle jobba med IKT i denne praksisperioden.
Då me skulle jobba med dette temaet på internett var det mange ting som kom i vegen, og det var ikkje berre ein gong me måtte pakka vekk pc-ane igjen og gjera eit alternativt opplegg. Ein dag rusta kommunen opp nettet på skulen, men dei hadde ikkje gitt beskjed til skulen om at nettet kom til å vera vekke heile dagen. Etter at nettet var rusta opp måtte alle pc-ane på skulen oppgraderast for å takla det nya nettet, dette ga heller ikkje kommunen beskjed om.
Det er ikkje lett å få skuledagen til å gli perfekt av gårde, men det blir ikkje lettare av at dei offentlige anstaltane ikkje samarbeider. Det skal ikkje meir en ein e-post til for å unngå slike situasjonar.
I tillegg til dette hadde Bertin laga eit opplegg i norsk der han skulle bruke internett for å vise ulike eksempel på reklame og liknande. Heller ikkje i desse øktene virka internett, og han måtte improvisera eit opplegg.
IKT i skulen er heilt klart ein fordel, men det er kun så lenge det fungerer som det skal. I løpet av denne praksisperioden har me fått sett skyggesidene av dette meir en ein gong. Det frarøver elevane verdigfull tid når det ikkje fungerar som det skal.

Til kvar veke hadde me laga ein plan for korleis veka skulle sjå ut, men det var ikkje ei veke som blei slik me hadde planlagt. Det var stadig nye ting som skulle inn i vekeplanen. Det er heilt klart kjekt med ein variert skuledag, men i denne praksisperioden var det kanskje litt i overkant mykje som skulle skje. Men me har fått erfart at ein som lærar må vera fleksibel, og ikkje vera heilt låst i korleis ein vil leggja opp dagane.
I tillegg til vekeplanane laga me lekseplanar og målprøvar, og me fylte ut diamantskjema til dei ulike undervisningsøktene. Eg har lært mykje om planlegging i denne praksisperioden, og ein kan ikkje få sagt nok gonger kor viktig det er å vera godt forberedt til timane.
I denne perioden har me jobba meir individulet en me gjorde i forrige praksisperiode, det har vært lærerikt å ha meir ansvar aleine.
Også denne perioden hadde me veiledning etter kvar dag, dette var veldig nyttig. Eg føler me fekk ein god dialog med våre praksislærarar, og me fikk mange lærerike og konstruktive tilbakemeldingar.

Eg ønskjer meg ein jobb der eg møter utfordringar og der ingen dagar er heilt like. I skulen vil eg seie ein møter utfordringar på mange ulike plan. Det er heller aldri ein dag som er lik. Som lærar tykkjer eg ein får bruke alle sider av seg sjølv.

I denne praksisperioden ville eg prøva vera litt oppmerksom på korleis eg brukar stemmen i klasserommet. For ikkje å slita ut stemmebåndet er det viktig å ikkje snakka for mykje med høg stemme.
Eg ville prøva å få det heilt roleg i klassen før eg ga nokon beskjedar. Dette er vanskelegare en ein skulle tru. Eg tok meg sjølv, meir en ein gong, i å snakka høgt i håp om at klassen då ville komma til ro å høyra på meg.
Dersom me var meir en ein person oppe med tavla var sjangsen for at ein av oss snakka utan at det var roleg større en om me var åleina.
Eit anna moment innanfor stemmebruk er toneleiet. Måten ein brukar stemmen på i ulike samanhengar er viktig. Ein bruker ikkje den same stemmen når ein skal seia noko postitivt til klassen som når man skal seia noko strengt. Dersom ein vil oppmuntra klassen til å følgja med i timen eller jobba med oppgåver må ein vera positiv og engasjerande i stemmen.


Den siste dagen i praksis hadde me ein påskefrukost, då fekk me kosa oss saman med elevane og snakka om heilt andre ting en undervisning. Det var ei kjekk avslutning på ein kjekk periode.


Etter denne perioden er eg blitt meir sikker på at eg har valt rett yrke, og eg gler meg til eg ein dag kan komma ut å undervisa heilt på eiga hand! :)

Også denne gongen vil eg leggja til at det er i praksis eg lærar mest, og eg skulle ønskje at me fekk meir praksis!

Ynskjeøkt (spesialpedagogikk)

Eg var ikkje med på denne undervisningsøkta, og når eg nå skulle inn i kikka på førelesningen på fronter ville ho ikkje komma opp. Eg fekk berre ein blank skjerm. Derfor er det ikkje så lett for meg å seia noko om denne økta, då eg ikkje heilt veit kva ho dreide seg om. Eg vil allikevel prøve å seia litt om mine tankar kring spesialpedagogikk.

Spesialundervisning er eit viktig tema i skulen, og det er nok mange læarar som manglar kompetanse innanfor dette feltet.
I følge opplæringslova har elever som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av den ordinære undervisninga, krav på spesialundervisning. Dette krev ekstra ressurser, både pedagogisk, personalmessig og materielt. Det er ingen ukjent sak at skulane i dag har lite å rutte med når det gjelder ekstra ressurser, og dette går ofte ut over elever som trenger ekstra oppfølging.

Elevar som treng spesialundervisning treng ofte pedagoger som er utdanna innanfor dei aktuelle felta, men det betyr ikkje at allmennlærarane ikkje treng å veta noko om dette området. Det er ofte dei som skal fanga opp om ein elev treng spesialundervisning, og til meir ein veit om emnet til lettare er det å fanga opp dei ulike teikna.

Spesialpedagogikk er eit interessant tema, og det var nok ei økt som var verdt å få med seg. Eg håper me skal innom dette temaet igjen ved ei seinare anledning.

Sjølvbilete og attribusjonsteori


I følgje Imsen skal skulen meir en å berre formidla kunnskapar. Dei skal bidra til ein allsidig personlighetsutvikling hos eleven. Skulen skal utvikle både ”hode, hjertet og hender”.

Når ein snakkar om sjølvbilete kan det vera lett å tenkja på sjølvtillit. Men desse to begrepa er ikkje dei same. Sjølbilete handlar om kva eleven tenkjer og føler om seg sjølv, uavhengig av kva han presterer. Det dreier deg altså om heile personen. Sjølvtillit er meit avgrensa til enkelte område. Ein elev kan ha høg sjølvtillit i matematikk, men låg sjølvtillit når det kjem til norsk. Her spelar prestasjonane eleven gjer inn.
Dersom ein byggjer opp om sjølvtilliten til ein elev, vil sjølvbilete òg bli betre.

Eg trur det er viktig at ein i skulen fokuserar på at alle er forskjellige, og at det er ikkje er lov å dømma nokon for det om dei er litt annleis en oss sjølv. Det er viktig å skapa rom for at kvar enkelt kan vera seg sjølv. Det er viktig å få til eit godt læringsmiljø som gir rom for å gjera feil.
Som lærar er det viktig å fokusere på dei positive sidene til elevane. Alle elevar
må få lov til å utvikle seg individuelt, ingen er like. Det er viktig å gi elevane tru på seg sjølv, og på kva dei kan oppnå.

Det er ting rundt oss som påverkar oss til dei me er. Det er derfor viktig at ein som lærar ikkje dømmer nokon av elevane, men lar alle få vera akkurat den dei er.

I følge Imsen er attribusjonsteori korleis eit individ opplever årsaka til eiga åtferd, og korleis ulike hendingar påverkar sjølvbilete.
Attribusjonsteori byggjer på indre- og ytre å årsaksforklaring. Indre årsaksforklaring er når eit individ tek ansvaret på seg sjølv. Ytre årsaksforklaring er når eit individ skuldar på andre personar eller tilfeldigheitar.

Eg trur det er viktig å ha fokus på sjølvbilete i skulen, og for at elevane skal få det så godt som dei kan bør skulen ha eit godt samarbeid med heimen. Slik at alle ”drar” eleven i same retning.

Motivasjon

Omgrepet motivasjon vert ofte definert som Det som forårsaker aktivitet hos individet, det som holder denne aktiviteten ved like, og det som gir den mål og mening (Imsen, 2005:375).

Motivasjon er ein viktig faktor i skulen. Som lærar må ein være bevisst på korleis ein opptrer i klasserommet, og korleis ein behandlar elevane. Det er læraren sin jobb å motivere og engasjere elevane. Det er ikkje dermed sagt at elevane ikkje har noko ansvar for eigen motivasjon, for det har dei. Men læraren er ein stor og viktig del av motiveringsprosessen.

Under førelesinga fekk me høyra om eit prosjekt kalla ”Pygmalion in the classroom”. Gjennom dette prosjektet fekk ein sjå nettopp kor viktig læraren si innstilling er.
Eg tykkjer det er litt skremmande å tenkja på kor stort ansvar me som framtidige lærarar faktisk har. Som lærar skal ein behandla alle elevar på lik linje, men det er ikkje alltid lika lett. Dersom en prøver å vera bevisst på sine eigne haldningar frå dag ein, trur eg det er lettare å opptre profesjonelt overfor alle elevane. Dersom en jobbar med eigne tankar og følelsar, og tørr å vera åpen mot seg sjølv om dette, er der nok lettare å behandla alle elevane likt.

Under denne førelesinga snakka me i hovudsak om indre- og ytre motivasjon.
Indre motivasjon er dersom ein person utfører ein aktivitet grunna interesse for sjølve aktiviteten, og aktiviteten i seg sjølv er belønning nok.
Ytre motivasjon er dersom ein person gjer ein aktivitet for å få ei belønning, er redd for å få straff eller føler plikt til å gjera aktiviteten.

Det er nok ytre motivasjon som driv dei fleste elevane i skulen, og det er foreldra, medelevar og lærarane som er med å driv denne motivasjonen. Det ville nok våre mykje heldigare for elevane dersom det vart eit auka fokus på indre motivasjon. Indre motivasjon gir elevane ein naturleg drivkraft til å jobba med dei ulike aktivitetane i skulen.

I følgje Imsen er det tre ulike måtar å forstå motivasjon på.

Behavioristisk perspektiv: Legg stor vekt på belønning og straff. Meiner at karaktersystemet i skulen er den største motivasjons faktoren hos elevane. Altså er den ytre motivasjonen størst. For å skapa motivasjon ut frå dette perspektivet kan ein avslutta timen med ein kjekk aktivitet som ”Simon says”, dersom elevane jobber godt gjennom heile timen.

Kognitivt perspektiv: Legg vekt på korleis tankane våre styrer motivasjonen. Legg til grunn at menneske er meiningssøkande. Her vil motivasjonen vera avhengig av korleis eleven tenkjer om seg sjølv, sine evner og om verdien av målet. Altså er den indre motivasjonen størst.
Dersom ein skal skapa motivasjon ut frå dette perspektivet kan ein for eksempel gje elevane ei oppgåve der dei skal jobba med noko som interesserar nettopp dei. For eksempel ein stil i norsk der dei skriv om eit eige valt tema.

Humanistisk perspektiv: Legg vekt på at menneske er sjølvstendig og fridomssøkjande. Alle sider ved eleven kan bidra til å skape motivasjon, både tankar, følelsar og oppfatningar av omverdenen. Altså er den indre motivasjonen størst.
Her ser me at dei grunnleggjande behova må vera dekka for at elevane skal klare å motivera seg. Ein måte å få til dette på er å skapa trivsel i klasserommet og på skulen.
Den mest kjente teorien under dette perspektivet er Maslows teori om hierarkiske behov.

Maslows teori om hierarkiske behov byggjer på at ingen behov kan isolerast frå kvarandre. For å understreka dette har Maslow utvikla ein behovaspyramide som består av 5 nivå. Alle desse nivåa byggjer på kvarandre og dei må sjåast i samanheng. Dei grunnleggjande behova må vera dekka før ein kan byrja på neste.

Motivasjon er eit viktig tema i skulen, og eg tykkjer det er viktig å setja fokus på elevane sin indre motivasjon. Som lærar ynskjer eg å ha fokus på dette temaet, og eg håper me skal læra meir om dette seinare ein gong.

onsdag 6. februar 2008

Born og nye medium

Nå har me våre inne i ein periode der me har lært mykje om born og nye medium. Dette har våre ein lærerik periode og eg kjem til å ta me meg mykje nyttig frå denne perioden.

Det som har vekka interessa mi mest er dette med nettvett. Ein kan aldri bli for forsiktig når ein er på nett og det er viktig å få denne bodskapen ut til elevane. Den dokumentaren me såg om han danske mannen som jobba som chat konsulent samstundes som han lurte unge jenter til å ha sex, var rystande. Eg er klar over at det skjer, men når eg ser slike ting klarer eg likevel ikkje og la ver å ta det innover meg. Det samme gjeld ”lommemannen” her frå Norge. Det er skremmande at ein mann skal kunna gjera så mange overgrep og gå fri så lenge før han skal bli tatt. Eg er frykteleg glad for at han har blitt tatt, og eg håper han får ein lang straff. Men det blir vell bare med håpet…

Me har lært mykje om digitale verktøy i denne perioden og det er bra. Eg trur det er viktig å få masse idear og kunnskapar om dette før me skal ut å undervisa. Det blir stadig satsa meir på IKT i skulen og det er derfor viktig at me kjenner til mange ulike måtar å benytta oss av desse ressursane på.
Det eg stiller meg litt kritisk til er nytten av alt me gjorde, men dette er nok heilt individuelt då folk på trinnet har så ulike forutsetningar for kva ein kan og ikkje kan. Kanskje dei timane med bruken av digitalt verktøy burde våre frivillig, då me allikavel jobba så pass for oss sjølv.

Me har lagt ein samansett tekst ut frå ei sjølvvald barnebok. Dette var kjempe interessant og her fekk me bruka den kunnskapen me har lært om digitale verktøy.
Revidert 29.04.08. Når me skulle laga den samansette teksten valte me å bruka Windows Movie Maker. Eg laga teksten min saman med Ane, og me hadde begge våre litt borti dette programmet frå før av. Me valte ei litt utradisjonell bok når me skulle laga den samansatte teksten. Ei bok som er ganske ny og som er skriven av ein norsk forfattar. Boka heiter "Svart kalv @ kvit snø", av Hans Sande.
Me fekk ikkje moglegheit til å visa den samansette teksten i praksis, noko som var litt dumt. Det var rett og slett ikkje tid til det. Det var så mykje anna som skulle skje når me var i praksis.


Me har våre 2 dagar i praksis for å læra om IKT i skulen. Den fyrste dagen var ikkje så lærerik for min del då me hadde sett det dei gjorde frå før, men den andre dagen var svært lærerik. Dette var mykje på grunn av at vårt opplegg ikkje gjekk heilt som det skulle :) Eg tykkjer det var lærerikt å knytta temaet opp mot praksis, då det er lettare å fortså når ein ikkje berre ser det på papiret.

Revidert 29.04.08.

Når me var i praksisperiode 3 hadde me stort fokus på bruken av IKT. Det var mykje av det me planla som ikkje gjekk slik det skulle. For ikkje å gjenta meg sjølv, er det mulig å lesa meir om dette i innlegget frå praksisperiode 3.
Eg trur det er viktig at me ikkje gir opp bruken av IKT for det om me møter ein del motstand. Eg har tru på at det bare vil bli betre og betre. Elevane i dag veks opp i eit samfunn aom er prega av IKT, og det er derfor viktig at dei har god kjennskap til dette.

Punktpraksis

Då har me hatt to dagar med punktpraksis. Det var kjekt å koma ut på skulen att og sjå at elevane ikkje har gløymd oss heilt :)

Den fyrste av dei 2 dagane skulle me berre observera skulen sin bruk av IKT i undervisninga. Me hadde 2 timar der elevane var innom fronter, skreiv litt i word og synte oss noko dei hadde laga om seg sjølv i power point. Då me hadde brukt ein del data når me var i praksis forrige gong var ingenting av dette nytt for oss. Vår klasse ved Langland skule er flinke til å bruka IKT i undervisninga. Dei legg stor vekt på å nytta seg av dette hjelpemiddelet når dei er så heldige å ha det tilgjengelig. Me var ganske uheldige med at dei neste 3 timane skulle dei ha kunst og handverk, så då blei det ikkje meir IKT på oss. Men i og med at me har hatt ein del IKT med dei i forrige praksisperiode gjorde det ikkje så mykje.

Den andre av dei 2 dagane skulle me ha eit eige opplegg. Me hadde fått fri i pedagogikken til å jobba med eit opplegg og me trudde me kom godt forberedt til timane. Me skulle ha 4 timar IKT undervisning med elevane.
Me hadde fått låna pc-ar frå 1 klassingane så me hadde ein pc til kvar elev. Me skulle læra elevane og setja saman ein liten filmsnutt i Windows Movie Maker, og me hadde på førehand sjekka med skulen at dei hadde dette programmet. Men då me var klar til å lasta ned filmsnutten, som me på førehand hadde gjort klar og lagt ut på fronteren deira, viste det seg at skulen ikkje hadde kapasitet til at så mange lasta ned på ein gong. Me hadde me ein cd me filmsnutten på som backup, men pc-ane til skulen hadde sjølvklart ikkje lov til å akseptera ukjente cd-ar. Me sto derfor der uten nokon filmsnutt. Det var då praksislæraren vår redda oss, for ho hadde lagt ut bilder frå leirskulen som var tilgjengelige for alle. Me kunne derfor bruka desse bildene til å laga ein biletserie med lyd og tekst til i Windows Movie Maker. Me fekk også koma litt innpå lovar og reglar i forhold til plagiering då det var mange elevar som ville bruka musikk i frå nettet i biletserien sin. Eksempel musikken på pc-ane er ikkje akkurat til å skryta av.

Me fekk her erfara at ting ikkje alltid går etter planen, men me var heldige å klarte og komma oss ut av denne krisa.
På slutten av dagen hadde me ei fin oppsummering me praksislæraren vår, og ho var heldigvis nøgd med korleis dagen enda opp, trass i dei problema me kom opp i.

Eg håper me får mange moglegheiter til å benytta oss av IKT i neste praksisperiode. Det er eit spanande verktøy som det berre kjem større og større moglegheiter med.

Revidert 29.04.08.

Når me skulle ut i punktpraksis med fokus på IKT fekk me sjølv velga kva me ville gjera. Praksislærarane våre la ikkje nokon begrensingar. Grunnen til at me valgte å jobba med Windows Movie Maker var at neste gong me skulle i praksis skulle elevane jobba med eit prosjekt om Unge og Rus. Dette prosjektet skulle slutta med eit ferdigt produkt som elevane skulle visa fram til foreldra sine. Eit av desse produkta kunne vera ein filmsnutt. Me ville derfor visa elevane litt om denne type prosjekt, slik at dei hadde noko grunnlag for å velga eller velga vekk denne typen.
Elevane syntes det var kjekt å læra om Windows Movie Maker, sjølv om det ikkje blei heilt som planlagt. Dei var flinke, og dei forstod alt me ville læra dei. Det er ein flink gjeng me har hatt i praksis :)

Digitale verktøy

Desse timane var i hovudsak lagt opp til at me som studentar skulle jobba på eiga hand. Det er heilt greit for meg at me ikkje alltid har førelesningar, men eg trur eg personleg kunne fått lika mykje ut av denne økta heime som det eg gjorde på skulen.

Men når me fyrst var på skulen og jobba med dette temaet var det jo interessant. Eg kunne litt om Windows Movie Maker frå før, men animasjon- og cartoonprogramma var nye for meg. Det var forholdsvis enkle program å forstå, så det gav ikkje dei største utfordringane, men det er heilt klart program som kan vera kjekke for elevane og jobba med.

Trygg på Internett


Lover og reglar på Internett er svært omfattande. Eg har alltid vært klar over at det er enkelte ting ein ikkje kan bruka Internett til, som for eksempel å lasta ned musikk eller filmar, men eg har aldri visst at det er så strengt som det faktisk er. Det er blant anna ikkje lov å klyppa og lima frå tekstar som ligg på nettet, sitera nokon utan å oppgi kilde eller bruka andre sine tekstar i for eksempel undervisning.

Heilt frå barnaskulen har eg våre vant me klypp og lim metoden og det er aldri nokon som har sagt til meg at det er ulovleg. Det var fyrst no på høgskulen eg høyrde om at dette ikkje er lov. Det tykkjer eg er for gale.

Eg tykkjer det er viktig å fokusere på kva som er rett og gale å gjera på Internett allereie frå fyrste dagen elevane er på nett. Ein kan ikkje byrja for tidleg med dette, ein rekk ikkje å læra seg dårlege uvanar på nettet viss ein kjenner reglane heilt frå byrjinga av.

Eg tykkjer dette med plagiering kanskje er litt strengt. Når ein legg noko ut på nettet ligg det åpent for alle, det veit ein jo, då burde ein kunna bruka det som blir lagt ut så lenge ein ikkje kallar det sitt eige. Men det er bra at me har lovar og reglar som beskytter det folk legg ut på nettet. Det er mykje lærerikt å finna på nettet, å det hadde våre synd dersom ein ikkje lenger kunne benytta seg av den fantastiske ressursen Internett faktisk er.

I denne økta tok me opp noko anna som eg meiner er endå viktigare en åndverkslova, nemleg nettevett og då kanskje spesielt i forbindlese med chatting.

I dag er det utruleg mange ungdommar som er inne å chattar på nettet. Det er selvfølgelig kjekt å prata med venner og kjente, men det er ikkje fullt så kjekt å prata med gamle menn og kvinner som utgir seg for å vera ungdommar. Det er mange overgriparar som finn sine offer gjennom nettet, og det er skremmande å tenkja på kor lett ungdommane trør i desse fellene.

Eg for min del trur ikkje me kan få sagt det nok gonger til ungdommen at dei aldri må oppgi personlege opplysningar til folk over nettet. Ein skal også vera forsiktig med å leggja ut personleg informasjon når ein registrerer seg på dei ulike sidene, då det mange plasser er mogleg for andre å henta fram denne informasjonen.

Dess fortare ein byrjar med nettvett reglar dess betre er det. Eg gjentar meg sjølv litt frå tidligare når eg seier at ein bør byrja med bettvett frå dag 1 når elevane byrjar å bruka nettet. Ein kan ikkje få sagt det nok gonger kor viktig det er med nettvett reglar.
Eg trur det er viktig å få til eit godt samarbeid med heimen om nettvett reglar, då det i hovudsak er i heimen elevane chattar.

Det er mange gode sider ein kan gå inn på for å få tips og informasjon om korleis ein skal handtera saker som nettvett. Eg trur det er lurt at alle gjer seg kjent med desse sidene, og eg er glad for at Birgit gav oss tid til å gå inn å sjå på desse sidene.

Når me satt og jobba med nettvett reglar og kikka på desse sidene fann mi praksisgruppa ut at me ville oppretta ein chat på sol si chatte side. Me kalla oss bare for ”linn” og etter 15 min var det fleire menn som var inne å chatta med oss. Det kom mange slags grisete kommentarar, det var til og med ein som lurte på om me ville sjå han kosa med seg sjølv på webcamera! Og då hadde ikkje me sagt noko upassande i det heila.
Eg visste det var gale, men ikkje så gale!

Animasjon og bilethandsaming

Animasjon og bilethandsaming er eit vikitg tema då det kjem klart fram at bruken av digitale verktøy er eit av dei 5 grunnleggjande dugleikane i LK06. Det er derfor viktig at me som lærarar kan dette når me kjem ut i skulen. Det er mange lærarar i dag som kjem frå den ”gamle” skulen og desse prioriterar ikkje bruken av IKT. Derfor er det bra at me som kjem nyutdanna ut i skulen kan læra både elevane og dei lærarane som ikkje kan så mykje med data litt om bruken av IKT.

Animasjonar er noko som er morosamt, og eg trur heilt klart at elevane kan få mykje utbytte av å driva på med det i undervisninga. Ein kan bruka det til mykje, i ein kommantar Birgit har gitt i bloggen skreiv ho: ”Ser ein i høve til LK06, så er det m.a. i natur- og miljøfag (fysikk, kjemi men og i andre fag) ein del av faget å kunna bruka animasjonar og simuleringsprogram (laga sjølv om ein ikkje finn noko ferdig) til å vise fenomen og biologiske samanhengar”.Dette er gode eksempel på kva ein kan bruka animasjon til. Elevane kan for eksempel også laga sine eigne animasjonar til å vise biologiske samanhengar eller animasjonar til bruk i anna undervisning.

Revidert 29.04.08.

Eg har fått forespørsel om å leggja ut animasjonen min i bloggen. Eg var ikkje på skulen den dagen me hadde denne økta, og eg har derfor ikkje fått laga meg ein animasjon.
Når det gjeld plakaten min har eg ikkje den lagra nokon plass. Eg har hatt problem med datamaskina mi, og eg har derfor mysta ein del ting...
Så eg har dessverre ikkje så mykje å leggja ut her.

Turdag - Oppsummering av praksis

Eg var ikkje med på denne dagen, men eg tykkjer det var eit bra opplegg av Birgit. Det er alltid kjekt å komma seg litt vekk frå det vante miljøet på høgskulen. Det sosiale er også viktig. Eg må innrømma at eg meste ikkje kan namnet på nokon i B klassen, noko som er synd då me faktisk ofte er i lag i timane. Kanskje me skulle hatt ein felles klassefest ein gong?

Praksisperiode 2


Denne praksisperioden var mykje meir lærerik enn den perioden me hadde om observasjon. I denne praksisperioden skulle me prøva oss på undervisning. Dette grua eg meg litt til på førehand, men når eg fyrst var komen i gang gjekk det bra.
Eg har hatt stort utbytte av at me som praksisgruppa har jobba i lag med all planlegginga. Det har våre kjempe greit å få diskutert litt fram og tilbake om kva me trudde kom til å fungera. Det er mykje ansvar som ligg i undervisningsplanlegging, og det er greit å ha nokon å støtta seg på når ein er ny i gamet.

På slutten av kvar dag hadde me ei oppsummering av dagen me våre praksislærarar. Dette var svært nyttig. Dei kom med masse gode tips, men eg syns dei kunne våre litt meir kritiske. Det er tross alt det me lærar mest av.
Etter at oppsummeringa var over fekk mi gruppa lov å gå på høgskulen å jobba med videre planlegging. Dette var det ikkje alle dei andre gruppene som fekk lov til, men eg meiner det bør vera opp til kvar enkelt praksislærar korleis dei velger å gjera det. Men eg kan jo forstå at nokon reagerte litt på det dersom dei trudde me fekk fri, men me jobba vidare på høgskulen til endt arbeidsdag og ofta lengre en det òg. Grunnen til at me fekk gå på høgskulen var at me ikkje fekk komma på nett på Langeland med våre eigne pc-ar.

I løpet av perioden fekk me prøva oss på mykje undervisning, og me fekk erfara kor viktig det er med ein plan B. Me fekk for god tid i ei KRL økt, men me klarte å henta oss inn med diverse diskusjonar. Det hadde våre mykje betre dersom me hadde hatt ein liten quiz om temaet me hadde hatt om i timen, eller noko lignande, liggande på lur.
Men det er for å læra me er i praksis, og for å kunna læra må ein kunna gjera feil.

Det har våre ein kjempe lærerik periode. Eg føler eg lærer mykje meir om lærarrollen når eg er i praksis, en det eg gjer på høgskulen. Derfor tykkjer eg me kunne hatt ennå meir praksis en det me faktisk har.

Eg gler meg til neste praksisperiode :-)

Undervisningsplanlegging

Undervisningsplanlegging er eit vikitg tema, som me heilt klart kjem til å få stor bruk for i tida framover. I denne økta me Åshild lærte me blant anna om 10 teser for god undervisning, didaktikk og KAMPVISE prinsippa.

Dei 10 tesene for god undervisning meiner eg alle lærarar bør ha framføre seg på pulten. Det er viktig at desse krava blir oppfylte.
For eksempel seier punkt nummer 6 noko om lærarens individuelle støtte til enkelt elevar. Dette er eit viktig punkt, då alle elevar treng støtte og veiledning. Alle elever treng både ris og ros, men det er viktig at den delen med ros er betydeleg større en den delen med ris. Dersom ein bare kritiserar ein elev er sannsynligheita for at eleven vil utvikle dårleg sjøvbilete stor. Som sagt er det viktig at ein gir mykje ros, men like viktig er det at denne rosen er ekte.

Didaktikk betyr læra, undervisa eller klårgjera. Når ein skal undervisa er det viktig å sjå på økta som ein heilhet. Det kan derfor vera nyttig å bruka stikkorda Kva, kvifor og korleis. Dersom man har desse stikkorda i bakhovudet vil det vera lettare å setja opp ein plan for ei økt. Kva skal økta handla om, kvifor har ein gjort dei vala ein har gjort og korleis skal ein tilretteleggja undervisninga.

KAMPVISE prinsippa kan hjelpe oss å ha fokus på elevane, som trass alt er det viktigaste.

M – Motivere. Å gi elevene lyst til å læra er viktig, ein kan vekke lærelysten til elevene ved å å ta tak i noko som interesserer elevane. Dette vil vekke nysgjerrigheita deira.
A – Aktivisere. Å få elevane til å delta aktiv er ein viktig forutsetning for oppnå læring.
K – Konkretisere. For mange elever er det lettare å forstå ting dersom dei får konkrete
eksempel. Ting som kan brukast til konkretiserting kan vera bilder, modellar og eksempel.
V – Variere. Å variere arbeidet gir elevane noko å strekkje seg etter. Det er viktig at ein ikkje gror fast i ein retning.
I – Individualisere. Her inngår tilpassa opplæring. Ein må kunna tilpasse lærestoffet til kvar enkelt elev.
S – Samarbeide. Godt samarbeid mellom lærar og elev gjer at eleven kan komma med ting ein er usikker på og treng hjelp til. Det er då lettare for læraren å leggja opp eit variert opplegg.
E – Evaluere. Å kunna evaluera sitt eige arbeid er viktig. Ein må kunna vera ærleg med seg sjølv om kva som fungerte og kva som ikkje fungerte for at ein skal kunna bli betre.

For meg vil det heilt klart vera lettare å leggja opp undervisninga når eg har gode hjelpemiddel å gå ut i frå.
Diamantskjema er eit hjelpemiddel som gjer at ein lett kan få oversikt over kva ein skal gjera til ei kvar tid. Eg tykkjer det er lurt å ha diamantskjema framføre seg når ein underviser, då er det lett å sjå på arket å henta seg inn igjen dersom ein er på veg ut på viddene.
Det er lurt og alltid ha ein plan B når ein har undervisning. Dersom ein ser at ein har for mykje tid eller at opplegget rett og slett ikkje fungerer er det bra å kunna slå over på ein plan B. Det fungerar som regel ikkje å improvisera slike gonger.

Revidert 29.04.08.

Den didaktiske relasjonsmodellen blei utvikla av Bjørndal og Lieberg. Med denne modellen ønska dei å gi lærarar ei forståelsesramme og eit reiskap dei kunne ta i bruk for å planleggja, analysera og forbetre si undervisning.

Den didaktiske relasjonsmodellen består i dag av 6 faktorar:

- Mål
Det viktigste med målet er for eksempel ikkje å gå gjennom mest mogleg fagstoff, men kva elevane faktisk har lært. For å få meiningsfylte mål, må det alltid vera elevane si læring det blir set mål ut i frå.

- Innhald
Heng saman med målet. Innhald handler om kva arbeidet i skulen skal dreia seg om. Det er tri forhold som kan leggja premissar for innhaldsutvelging: faga sin eigenart, samfunnet sine interessar og elevane sine behov.

- Læreforutsetningar
For å kunna planleggja på ein kreativ og fleksibel måte treng læraren kunnskap om elevane, elevane sine interesser og evner.

- Rammefaktorar
Forhol som på ulikt vis begrenser eller muliggjer undervisning og læring. Eksempel på det kan vera rammefaktorar gitt frå myndigheitene eller andre som er meir uklare, som tid, skulebøker, lokalmiljø, o.l.

- Læringsaktivitetar
Den aktiviteten som føregår i læringssituasjonar. Her kan ein setja in KAMPVISE prinsippet.

- Vurdering
Skal vurdera om elevane har oppnådd det dei skal, skal støtta elevane si læring og bidra til at læring skjer på eit nasjonalt nivå.

Eg har brukt diamantskjemaet som Langeland skule har utarbeida når eg har planlagt undervisning. Dette diamantskjemaet er basert på den didaktiske relasjonsmodellen. Eg har hatt stort utbytte av dette skjemaet. Eg har brukt det til å planleggja undervisninga, når eg har undervist og når eg har evaluert undervisningsøkta. Det er heilt klart med på å gi ei god oversikt over den enkelte undervisningsøkta. Skjemaet har gjort at det har våre lettare å fokusera på det som er viktig i forhold til økta, på kva eg ønskjer å leggja fokus på.

Til slutt vil eg ta med at det er elevane si læring og oppleving av læring som er det viktigaste.

Ajour med bloggen

Det er ikkje til å stikka under stolen at eg treng å komma ajour med bloggen. Eg har no jobba med ein del innlegg, og håper eg no skal greie å holde meg ajour med blogginga framover! :)